Angrep på "Tirpitz".

 

Angrep av britiske dverg- u- båtar.

"Tirpitz" var ikkje noko lett krigsmål. Det hadde bl.a. eit torpedo- nett rundt heile skipet. Og der var minefelt.
Ein trengde noko som kunne lure seg stille og roleg inn i området der "Tirpitz" låg og angripe.
Britane hadde dverg- ubåtar som hadde namna X-5, X-6, X-7, X-8, X-9,og X-10.
Desse ubåtane var veldig små. Berre 48 fot lange og fullt utrusta vegde dei 39 tonn.
Mannskapet måtte alltid bøye seg ned, krype, sitje eller sitje på huk. Dei var bygd og konstruert så det akkurat skulle vere plass til ein mann.

Dette angrepet vart kalla "Operasjon Source" og vart sett i gang 11. september 1943.
X- Craftene, som også ubåtane vart kalla, sine oppgåver var å sabotere utan å trekkje til seg oppmerksomheit.

"Dvergane" delte seg opp, X-5, X-6 og X- 7 gjekk for å angripe "Tirpitz", medan X-8, X-9 og X-10 gjekk mot "Scharnhorst". Det var ikkje berre lett og det var ikkje alt som gjekk like bra. For eksempel så vart ein av "dvergane" som skulle angripe "Tirpitz" bomba og senka av tyskarane.

Dei to andre nådde fram til "Tirpitz", 22. september, og fekk plassert ei sprengladning i sida. Av dette vart det eit stort hol i skipssida og skipet kunne ikkje operere i slik tilstand.

For å reparere skadane kom "Monta Rosa" frå Hamburg med 1000 spesialist- arbeidarar om bord.

X- 5 før angrepet på "Tirpitz".

 

...

 

Britisk fly- angrep. "Operasjon Tungsten".

"Scharnhorst" var nå senka, men "Tirpitz" var framleis ein stor trussel mot konvoiane.
Over nyttår i 1944 kom britane med ei melding om at dei ville vete meir om alle tyske anlegg og terrenget i Kåfjorden.
Harry og Halvor, to av hjelparane i operasjonen med radiosendaren "Ida", vart sette på dette oppdraget og teikna kart over alle stillingane.
Dei teikna hus, høge antenner, kraftlinjer og om dei hadde anledning tok dei bilder.
Dei vart sendt til England og karta og bileta var veldig detaljerte og perfekte. Britane kunne teikne tredimensjonale bilete av områda og i tillegg hadde dei flyfoto over Alta.

"Ida" fekk seinare beskjed om å sende vermelding kvar fjerde time og i april vart det til kvar time. Tyskerane klarde ikkje peile inn meldingane.
I byrjinga av april 1944 skjer det. Britane kjem inn til Sørøya med to slagskip, fleire destroyarar og tre hangarskip.
Dei stoppa 2. april berre 400 km. Frå "Tirpitz".
Harry fulgde med kva som skjedde, sendte beskjed til Kalle som vidare- sendte beskjeden til London.

Dette angrepet kom overraskande på tyskarane.
Tyskarane fekk melding om at 32 Barracudas bombefly var på veg mot "Tirpitz".
1.
april 1944, Kl. 05.30. fekk dei auge på dei første flya.
Bombeflya var beskytta med 40 jagarar.
Britane fekk ikkje senka skipet som dei ville, men 15 treff med 735 kg. Bomber gjorde at skipet aldri meir var kampdyktig.

Tyskarane hadde etter angrepet 122 døde og 316 såra.

Tyske kilder seier tre britiske fly gjekk tapt, men "Ida" seier fem.

 

 

 

 
"Tirpitz" i røyk etter flyangrepet.

 

 

 

 

 
Litt av skadane "Tirpitz" fekk etter angrepet.

 

...

 

Senkinga av "Tirpiz"

"Tirpitz" var ikkje operasjonsdyktig etter skadane skipet vart påført 3. april 1944.
Så skipet vart slept til Tromsø for å vere "ei flytane festning", som vart den største i verda. Og her kom det avgjerande angrepet for "Tirpitz".

Britane sette i gong "Operasjon Catechism".

Søndag 12. november 1944 kom dei britiske bombeflya tilbake for å senke det store slagskipet.
32. engelske Lancaster- fly kom mot "Tirpitz".
"Tirpitz" var bygd for å stå i mot så og seie alle former for angrep. Men ein har sett før at både dvergubåt- angrepet og fly- angrep gjorde at skipet fekk store skader.
Det klarde heller ikkje stå imot dette angrepet. Sjølv om det var beskytta av 35 cm. Tjukke panserplater.
Bombene som havna i havet gjorde at skipet kantra og vart snudd opp ned. Dette skjedde kl. 10.52.
Dette var slutten for "Tipitz".

Det var katastrofe om bord i skipet. Då angrepet starta var det 1859 mann om bord.
596 av dei vart redda utover dagen. Medan det inne i skipet var fanga mange overlevande. 82 av desse vart redda ut i løpet av dei neste dagane. Ved at rednings- arbeidarane bora hol i underflata av skipet.

Heile 917 mann døydde i dette angrepet.

Røyken av bombene som traff "Tirpitz".
Skipet er no øydelagt.

 

 

 

"Tirpitz" ligg kantra i sjøen. Redningsmannskapet
prøver å redde overlevande ut av skipet.