"Tirpitz" i norske fjordar.

Karl Dönitz, som vart storadmiral i den tyske sjøflåten, overtalte Hitler til å sende dei største tyske krigsskipa/slagskipa til norskekysten.

Det var viktig for å få kontroll over den strategisk viktige Nord- Atlanteren. Og det å vere ein trussel mot konvoiane som for med forsyningar til Murmansk. Tyskarane sitt mål var å gradvis få kontroll over Nord- Atlanteren. Mellom 14. og 17. januar i 1942 vart "Tirpitz" stasjonert i Norge.

Første plassen skipet låg var i Fættenfjorden nord for Trondheim.

"Tirpitz" i Fættenfjorden.

 

2. juli same år vart det forflytta til Altafjorden for å vere ein større trussel mot konvoiane. Berre få dagar etter, 8. juli 1942, vart "Tirpitz" vidare- flytta til Bogen i Ofoten. Der låg det til 23. oktober same år. Då vart det flytta tilbake til Fættenfjorden.
11. mars 1943 reiste "Tirpitz" tilbake til Bogen igjen.

Ikkje lenge etter, i midten av mars same år flytta "Tirpitz" til Kåfjord, Altafjorden.
"Tirpitz" låg stasjonert i Kåfjorden heilt til flyangrepet i 1944 som gjorde at skipet ikkje lenger var operasjonsdyktig.

I Kåfjorden vart "Tirpitz" utsett for tre angrep som gjorde store skader på skipet.

* Angrep av britiske dverg u- båtar.
* Flyangrep av britiske fly.
* Enda eit flyangrep. Dette flyangrepet gjorde så store skader på båten at den ikkje lenger kunne ligge stasjonert i Kåfjorden som krigsskip, men måtte flytte til Tromsø som ei flytande festning, som vart verdas største.

 

 

                                    "Tirpitz" i Kåfjord