Agentverksemd i Nord.

"Tirpitz" var eit av det viktigaste krigsmålet til dei allierte.
I 1942 sa Winston Churchill:
"Heile den sjømilitære verds- situasjonen vil bli forandra dersom "Tirpitz" blir sett ut av spill."
For å klare dette, måtte den britiske ledelsen byggje ein etterretningsorganisasjon i området mellom Vestfjorden og Alta.
Det var Secret Intelligence Service, SIS, som tok av seg dette. Og i løpet av 1943 hadde dei fått etablert eit spionasjenett i dette området.
Dei allierte ville ha nokon som haldt utkikk i nord, der dei største slagskipa låg.
Då fekk dei straks beskjed om skipa flytta på seg, forbredde operasjonar, og når skipa, spesielt "Tirpitz" var operasjonsdyktig.
Men dette måtte sjølvsagt vere topp hemmeleg så tyskarane ikkje fekk vete noko!

Det vart ein av dei farlegaste operasjonane under heile krigen.
Norske menn melde seg frivillig til å gjennomføre dette oppdraget.
Blant dei var Torstein Raaby og Kalle Rasmussen.
Deira oppdrag var å finne ut viktig informasjon som kunne gjere det lettare for britane å ta "Tirpitz".
Løytnant Torstein Raaby vart ein av hovudmennene i denne operasjonen.
Han var kjent i ord og var spesialist i radio- teknologi.
Dei måtte nemleg ha ein radio- sendar som kunne sende hemmelege meldingar frå Nord- Noreg til Storbritannia, utan at tyskarane fekk plukka opp noko informasjon.

Raaby vart anset ved kringkastinga i Vadsø, og det var her han møtte Kalle Rasmussen. Desse vart veldig gode vener.
Radiohuset vart bomba og Rasmussen vart sendt til Tromsø.
I slutten av 1941 kunne sei starte å bruke ein radiosendar som låg i Porsa ved Hammerfest. Denne senderen kalla dei "Lyra".
Men det gjekk ikkje så bra. Tyskarane klarte etter litt å peile inn radiosendarane.

Det vart laga ein ny radiosendar som fekk namnet "Ida".
Denne radiostasjonen skulle ligge i Alta.
Kalle Rasmussen jobba som kasserar i vegvesenet, som låg midt i sentrum.
Rundt var tyske basar, tyskarar gjekk i gatene, ein kunne sjå dei tyske skipa. Altså den perfekte plassen til å ha radiosendaren.
Raaby oppsøkte Rasmussen og fekk seinare jobb i vegvesenet. P.g.a. at ein person var sjukmeld. Då denne personen eigentleg var frisk måtte Kalle og Torstein finne på noko så Torstein kunne bli.
Kalle bestemte seg for å gå til legen, fortelje han alt om sendaren og satse på at han var til å stole på. Og at han ville skrive ei sjukmelding til personen. Legen gjekk med på dette og Torstein fekk bli.
No var det berre å starte å lage til senderen. Og det vart ikkje berre lett.
Halvor Oppgård, svogeren til Kalle, laga ei luke i golvet der utstyret kunne oppbevarast.
Antenna gøymde dei i eit tre utanfor.
Kalle og Torstein prøvde ei veke å få kontakt med britane, utan noko svar.
Då bestemte dei seg for at Kalle skulle reise til Tromsø for å hente resten av utstyret som var lagra der.
Men dei andre som var med på oppdraget hadde bestemt seg for å flytte utstyret. Først til Hammerfest så vidare til Alta for å få det nærmare sendaren.
Men dei hadde blitt stoppa av tyskarar og måtte kaste alt på sjøen så dei ikkje skulle bli oppdaga.
Kalle fekk ingenting med seg tilbake.

Man heldigvis hadde Torstein fått til sendaren og kontakta med England var i orden.
Det gjekk veldig bra med "Ida". Den vart ikkje oppdaga av tyskarane og fekk gi mykje viktig informasjon til britane.

16. mai sendte Torstein det siste telegrammet til England frå "Ida" og denne operasjonen var slutt.

 

 

 

 

 

                                             
                                                                   

Torstein Raaby