Alliert hjelp til Sovjetunionen

Under 2. verdskrig gjekk det konvoiar med forsyningar over Nord- Atlanteren. Det var Amerika som hjelpte land i Europa.
Først gjekk det flest konvoiar til Storbritannia, med ruta St. Luis, Canada/Liverpool, Storbritannia.

Etter at Sovjetunionen kom på dei allierte si side i 1941 byrja det gå konvoiar frå Amerika til Murmansk.
Dei gjekk i tre ruter;

1. Via dei norske havet til Murmansk.
2. Via Den persiske Gulf og der frå med tog til Sovjetunionen.
3. Med russiske skip frå vest- kysten av USA og vidare til Vladivostok.

Det var også mange norske skip som deltok i frakten av forsyningar til Murmansk.

Konvoiane kunne frakte ammunisjon, våpen, stridsvogner osv.

Kart over rutene til "Murmansk- konvoiane".

 

Dei tyske u- båtane, torpedoflya, bombeflya og overflateskipa var alltid ein trussel mot konvoiane.
Det vart ikkje noko lettare då "Tirpitz" i 1942 kom i norske farvatn.
Og ikkje lenge etter, i 1943, kom også slagskipet "Scharnhorst".

Før "Tirpitz" og "Scharnhorst" kom til norske kysten hadde dei tyske kryssarane "Admiral Scheer", "Lützow", "Admiral Hipper" og "Prinz Eugen" lege der.

Det vart tilsaman frakta 4 mill. tonn forsyningar til Sovjetunionen med Murmansk- konvoiane. Der i blant 5000 tanks og 7000 fly.

Tilsaman 104 allierte handelsskip, 20 allierte krigsskip blei senka under frakten. Medan den tyske "Kriegsmarine" mista 31 u- båtar, "Scharnhorst", 2 jagarar og 2 eskortefartøy.

Murmansk- konvoiane var grunnen til at "Tirpitz" vart sett i norske farvatn!