Operasjonar
Katastrofe med konvoi
Før konvoien PQ 17 sette kursen austover, 27. juni 1942, samla den seg på
Island.
Konvoien vart observert tidleg av tyske fly, og dei fekk sendt radio- melding
til sjøkrigsledelsen i Kiel, Tyskland.
Dette var eit bra bytte for tyskarane så dei sendte "Tirpitz", dei tre store kryssarane "Admiral Scheer, "Admiral Hipper" og "Lützow", i tillegg til 10 jagarar og 2 torpedobåtar for å møte konvoien.

Britane fekk straks vete kva som var i ferd med å skje, så dei sendte
slagskipet "King George", som senka "Bismark", for å møte
dei tyske skipa.
Konvoien hadde ikkje så god eskorte og dette gjorde britane urolege.
Det kunne bli katastrofe!
Admiral Pound hadde fått med seg at "Tirpitz" var på veg, og
sendte melding til konvoien: "Løys opp straks med kurs mot Murmansk".
Dei om bord visste ingenting om det som føregjekk, men fylde ordren.
"Tirpitz" snudde og gjekk
tilbake til Bogen i Ofoten der den låg stasjonert. Det var ikkje langt i frå at "Tirpitz" vart truffe av britiske kanoner.Tyskarane bomba på skipa. Av 36 skip var det berre 13 som rakk fram til den
bestemte møtestaden, Arkhangelsk.
Det gjekk tapt mykje krigsmateriale. Som 200 bombefly, 3350 køyretøy, og
over 100 000 tonn ammunisjon.
53 sjøfolk miste livet, og dette er den største katastrofen som nokon gong
har ramma ein konvoi.
Den haldt på å stoppe konvoi- farta, som var livsviktig!

Dei tyske slagskipa på vag for å møte konvoien. I forgrunnen: "Tirpitz", bak kjem "Admiral Hipper" og "Admiral Scheer".
...
Angrep på Svalbard.
"Tirpitz" hadde aldri før avfyrt eit skot. Det hadde i lang tid
loge stille i Kåfjorden.
Hitler bestemte seg for å bruke "Tirpitz" i ein operasjon, men
frykta at eit av marinen sine fremste slagvåpen skulle gå tapt.
Den tyske marineledelsen fann ut at det minst farlege oppdraget ville vere
tokt på Svalbard.
Det var mannskapet om bord svært nøgde med, då fekk dei endeleg noko å
gjere.
1. september 1943 sette "Tirpitz", "Scharnhorst" og 10
jagarar kurs ut Stjernsundet og vidare til Svalbard.
Dei retta kanonane mot land og bomba alt. Det som ikkje gjekk tapt under
kanon- angrepet, sette dei fyr på.
Nokon få av dei norske soldatane vart arrestert av tyskarane, men dei fleste klarte å flykte.
Denne operasjonen fekk navnet "Operajon Sizilien".
Dette var den einaste operasjonen "Tirpitz" var med på der skipet
fekk avfyrt skot.
Men slagskipet var framleis ein stor trussel mot konvoiane.

"Scharnhorst" (t.v.) og "Tirpitz" (t.h.) på veg mot Svalbard.

Etter angrepet. Ein ser røyken frå bombene
som sette fyr på byen.