22. mai

Det var framleis uvisst om "Bismarck" hadde drege til sjøs. Skipet hadde ikkje blitt sett på 24 timar p.g.a. veret, men dei viste ikkje om "Bismarck" hadde flytta. Kanskje "Bismarck" var i Dannmarkstredet allereie.

-kl 16:30-

Marinen fekk sendt ut et fly for å leite etter "Bismarck" i Grimstadfjorden, dette flyet var et amerikansk bombefly som ikkje var utstyrt med kamera og skikkeleg navigasjons utstyr, men når det fann fram til Bergen var det ikkje spor etter "Bismarck", så det vart sendt melding til England om at "Bismarck" hadde seglt.
Då Tovey fekk vite dette letta dei på ankeret.

Toveys skip "King George V" gjekk i spissen framfor hangarskipet "Victoria" som ikkje var heilt ferdig enda. Dei første flya kom ombord i skipet dagen før, men ingen av pilotane ombord i skipet hadde landa på "Victoria" før.
Tovey sendte seinare ordrar til "Hood" som nærma seg Island, "Suffolk" og "Norfolk" under kommando av W.F. Wake-Walker om å vere klare til kamp.