Krigstida på Godøya

Startside
B. Gudmundseth
Magne Godø
Alnes Fyr
Freden kjem
Kjeldar

Overtaking av Alnes Fyr 1945.

På Alnes, på andre sida av Godøya har der vore eit fyrtårn veldig lenge, det blei bygd i 1869. Då det blei bygd i 1869, vart det bygd av alnesingane sjølve på eige initiativ og dei stod også sjølv for kostnadane. Dette vart då bygd som eit tømmerhus. Det vart seld i 1878. Men fyrvesenet bygde same året eit nytt fyr på Alnes. Men allereie i 1892 vart det bygd om. Heilt fram til 1928 brukte ein gass og parafin for å få lys i fyret. Men det som står der nå har stått der sidan 1937 og det blei eit nytt tårn på heile 22 meter høgt. Så nå skal eg fortelje litt om korleis godøyingane og alnesingane klarte å få tilbake fyret etter andre verdskrigen.

Då krigen slutta i 1945 var det 8 tyskarar stasjonerte på fyret på Alnes. Med piggtråd og miner var området rundt fyret avsperra. Fyret hadde under krigen vore brukt som observasjonspost.

Nokre karar fekk i oppgåve å ta seg av tyskarane på Alnes og Giske. Dei som for til Alnes var Indolf Godøy, Lars Støbakk, Martin Godø og Knut Valderhaug.

Med "Frithjof" tok dei laust frå Geilevikane med nye uniformer og gamle våpen. Ein kunne aldri heilt sikkert vite korleis tyskarane reagerte når ein møtte opp, men rollene hadde i allefall skifta.

Sjefen stod ut i døra på fyret, slo hælane saman og helsa vennleg og korrekt, då dei alle fire mennene kom ut til fyret. At dei var leie heile krigen ga tydeleg tilkjenne både han og dei andre.

Tyskarane fekk no ordre om å samle effektane sine, våpen og andre ting og frakte dei til kaia. Det hadde blitt ordna med henting av dei tyske, så ein båt for til byen med dei. På Nørvøy skule vart dei innkvarterte.

Dei kom å handhelsa og takka for den fine handsaminga dei hadde fått, før dei for. Kommandanten kom samtidig og ga Lars ein god kikkert. "Denne er min private og ikkje Wehrmacht sin," sa han. "Berre ta han, for eg får ikkje behalde han likevel." Lars takka og tok imot kikkerten. Lars fekk seinare beskjed frå politiet om å levere kikkerten på politikammeret. Lars prøvde å forklare korleis det hang i hop, men det hjalp ikkje. Han skulle ikkje få ha kikkerten, og Lars leverte han tilbake; Ikkje alle var så storsinna den gongen heller.

Indolf og nokre andre Godøy- gutar reiste eit par dagar seinare til Giske i same ærend. Tyskarane hadde alt stukke av, då dei kom dit. På kjøkkenet sto det igjenn ei stor gryte med brennsnut, så det var tydeleg at tyskarane var nyleg reiste. Dei frå Godøya overnatta i brakkene til neste dag. Ein av båtane som akkuratt var att komne frå England kom då å skulle overta. Men då dei såg at tyskarane var reiste, hadde dei ikkje noko det å gjere og reiste derifrå dei også.

 

Laga av:Idun Dyb-Sandnes