![]() |
|
|
Krigstida på Godøya |
|
| Startside B. Gudmundseth Magne Godø Alnes Fyr Freden kjem Kjeldar |
Intervju med Bjørn Gudmundseth. Eg står no utafor huset til Bjørn Gudmundseth, morfaren min, ein kjempe kjekke kar. Eg skal no intervjue han om krigsåra, slik han opplevde det. Han blei født 12.07.1935, så han var 5 år då krigen braut ut i Norge og 10 då krigen var ferdig, sjølv om han var liten og ikkje hadde byrja på skulen då krigen braut ut hugsar han alt enda. Krigen har sett slik stort preg på menneska som var med i krigen att alle hugsar alt, i allefall nesten alt. At krigen skulle kome til Norge var noko alle frykta, og til slutt kom den hit også. Det som skjedde under krigsåra er noko som blir tatt oppigjenn heile tida på nytt og på nytt. Så nå skal eg gå inn og få litt nyttig informasjon av Bjørn Gudmundseth.
-Det er eg ikkje sikker på, men eg hugsar at alle var redde, redde for kva som kom til å skje og kva som skulle skje. Ingen viste kva som kom til å skje. 2 av brødrene mine og far min måtte reise til England for å berge livet sitt. Dette fordi dei dreiv på med illegale ting. - Du har fortald meg fleire
gongar att tyskarane kom og tok huset fra dykk på
Valderøya, korleis var det, kva tenkte du? -Ja det gjorde dei, men heldigvis
kom ikkje dei før i slutten av krigsåra. Eg meinar att det
var ikkje før i 1944. - Kvar flytta dykk då
tyskarane tok huset dykkar? -Vi måtte flytte til nokre slektningar inn på Grytastranda. Det var jula i 1944 tyskarane kom og kasta oss ut av vår eigen heim. Vi måtte få med oss så mykje vi klarte. Onkelen min hadde ein båt som var ganske stor, så han frakta flyttelasset vårt inn på Grytastranda. - Kva mat hadde dykk, hadde
dykk mykje eller lite mat? -Det var dårleg med mat, vi fekk ikkje bake brød eingong, det var vanskeleg med mat. Det eg hugsar vi hadde som snop var tørrfisk og vi brukte å dyppe nokre pinner på nypene så vi fikk oss klubber. - Kva klede hadde dykk da,
var det lite med klede? -Vi hadde lite klede. Eg hugsar att eg fekk arve klede av onkelen min. Det var i grunnen slik vi måtte prøve å gjere det heile tida. Vi var flinke til å bøte klærne våre, så vi tente på det. Det var umuleg å få tak i sko. Vi fekk tak i fiskeskinn til sko. Det var også pappsko, men gikk vi i fjøra med dei så blei dei øydelagde med eingong. Vi fikk seinare tresko. - Korleis var det å vera
barn under krigen? -Du som er barn i dag kan takke
Gud for att det ikkje er krig i dag. Det var veldig oppskakande å
vere barn under krigen. Vi hadde jo nesten ikkje mat. Det var fisken og
silda som redda oss. Vi dyrka potetene og det gjorde vel nesten alle på
denne tida, så vi skulle klare oss. Om kvelden måtte vi dekke
vindauga med noko helt svart, så vi skulle få ha lys på
inne i stua. Ikkje ei gatelykt var på, alt var helt mørkt,
alle vindauge dekt med svart, så det å vere barn under krigen
var noko forferdeleg skummelt. - Er det ellers noko nyttig
du vil seie om krigen? -Det er ikkje så særleg mykje. Eg får berre håpe att dykk som ikkje har opplevd krigen kan vere glad for det, og dei som har opplevd krigen har lært noko. Lært å spare på mat og bruke ting fleire gongar. -Etter krigen fekk vi tilsendt
diverse ting, mellom anna frå tanta mi. Eg fekk tilsendt ein fotball,
og det var den einaste fotballen på heile Valderøya på
denne tida. -Ein onkel av meg hadde eit
torvtak på eit av taka sine. Vi gutungane brukte å gå
opp på dei og leike oss der. Når vi dreiv og leikte oss der,
fann vi diverse ting. Vi fann for eksempel kuler og delar av andre krigsting.
- Eg takkar for meg og takkar for informasjonen eg har fått, og er ganske fornøgd med den. Eg gir bjørn en klem og tar et bilde av ham. Etter dette intervjuet fann eg ut att eg bør vere fornøgd slik som eg har det i dag og vi burde vere glad for att det ikkje er krig i dag.Eg vil til slutt avslutte med eit dikt av Nordahl Grieg som han kom ut med i 1940, han kalde det: Fem mørke år for landet vårt; I dag står flaggstangen
naken blant Eidsvolls grønnende trær. Men nettopp i denne
timen vet vi hva frihet er. -Nordahl Grieg- |
|
Laga
av:Idun Dyb-Sandnes
|
|