Krigstida på Godøya

Startside
B. Gudmundseth
Magne Godø
Alnes Fyr
Freden kjem
Kjeldar

Freden kjem:

Freden kom til slutt i 1945. Ingen er så gamle at dei ikkje hugsar 7 og 8.mai 1945, ingen vil gløyme desse dagane. Endeleg var denne dagen her, dette var dagen ein hadde lengta etter i mange år og no var den endeleg komen. Det hadde gått forskjellige rykte dagane før. Mange folk hadde lytta på London, så dei visste nok siste nytt.

Merkeleg nok så både byrja og slutta krigen på ein tysdag. Men å feire tok ein alt til med på måndag den 7.mai, men feiringa byrja ikkje før utpå ettermiddagen. Det var nok ikkje før på midtnatt mellom 8 og 9.mai krigen offisielt slutta. Folk som kom frå byen 7.mai, fortalde at der samlast folk i flokkar og venta spent på nytt. Flesberg Radio melde klokka 15.50: "Tyskland Kapitulerer!".

Då på denne tida var ikkje det vanleg med ein telefon i kvart av husa, og all telefontrafikk hit ut på Godøya måtte gå gjennom telefonstasjonen i Brungot, der Karen passa apparatet. Den første som viste om meldinga frå Flensburg her ute, var truleg ho.

Like etter at meldinga hadde gått ut, fekk ho henne frå byen. Ho stod ute i gangdøra etter ei kort tid og ropte ut i gøygarden: "No er krigen slutt!".

Situasjonen var likevel usikker. Om kapitulasjonen gjaldt Norge var enno ikkje heilt klart. Men det tok folk for gitt i halv sekstida kunne ein høyre at kyrkjeklokka i byen tok til å kime. I to og ein halv time holdt klokka fram.

Fredsbrotet spreidde seg fort her ute på øya. Dei som var skeptiske var selvfølgeleg dei eldre, for å få høyre om det var sant oppsøkte somme av dei Karen. Flagga vart no henta fram, og opp frå kanten av kyrkjebakken, der mange barn samla seg, lydde "Ja, vi elskar", "Mellom bakkar og berg" og alle dei andre gode, kjende songane. Born og ungdom kom strøymande frå aust og vest utpå kvelden og eit langt tog stilte seg opp. Flaggstengene var det ingen som hadde fått tid til å heise. På bambustroer vart flagga knytte og brukte i toget istappen, og fram frå nausta kom flyndrestikkarar. Dei blei gjorde god nytte for seg som flaggstenger, og dei var laga av bambus.

Gøymde radioar kom også fram no. Nokre verka framleis, andre var ikkje noko å ha lengre. Kongen skulle tale om kvelden den 8.mai, Harald H. Godø tok då og rigga sin radio opp i hagen. Heilt opp i nokre frukttre vart antenna strekt. No måtte alle vere stille, for noko slikt hadde ein ikkje høyrt på lenge.

Kongen tala, men det var ikkje godt å høyre fordi radioen skurra slik. Kongen snakka eit mål som dei minste ikkje skjøna, så det var nok dei minste som vart mest skuffa.

Den største stemningsbølgja la seg, etter kvart som dagane gjekk. Desse dagane vart kanskje mest alvorleg for somme: Kven av alle frå øya som var ute hadde overlevd? Men etter kvart vart det klart at tre ikkje kom heim att. Sorga over desse vart heile øya merkt av.

Laga av:Idun Dyb-Sandnes