Krigstida på Godøya

Startside
B. Gudmundseth
Magne Godø
Alnes Fyr
Freden kjem
Kjeldar

9.april 1940 var det slutt på freden, krigen var allereie i gang i Norge også. Det var tidleg om morgonen, kl.08.00 den 9.april folk fekk vite kva det var som hadde skjedd. Dei største byane var allereie hærtekne då. Det vart sette borgarvakt på øya. Vakta skulle patruljere over øya og rapportere dersom dei oppdaga noko mistenkjeleg. At 22 tyske fly hadde passert Sognefjorden på veg nedover, fekk folk høyre morgonen til laurdag 13.april på melding ut over Vigra radio.

Her på Godøya var det mange som sprang opp i fjellet for å få betre oversyn over hendingane. Mange tok vegen opp på Egga. Ein hadde også vist rifle med seg blir det sagt.

Den 15.april prøvde fly fleire gongar å bombe radiostasjonen, og om lag kl.16.00 lukkast det for dei. Medan ein heldt på å kringkaste ei melding om at Molde blei bomba, blei det brått slutt midt i sendinga.

Den første flyalarmen i Ålesund gjekk den 16.april, og tida fram til 3.mai gjekk han heile 148 gongar. Den 20.april hadde 10.000 evakuert frå byen og innover landet, og den 23.april fall dei første bombene. Den 24, 25 og 26.april heldt bombinga fram. Desse dagane fall 45 spreng bomber og fleire hundre brannbomber over byen.

Då dei første engelske soldatane kom til Ålesund hadde krigen vart i ni dagar, men alt 1.mai kom ein britisk jagar att og evakuerte dei første britane. Same dag og dagen etter kom dei fleste av våre eigne att frå krigen. 8.mai vart Ålesund hærsett under kommando av rittmeister Scheifel baum.

Nordmennene helt ut til 10.juni i Nord-Norge. Då måtte vi strekkje våpen der også.

Det var berre på Alnes her på øya at tyskarane stasjonerte fast over eit lengre tidsrom, og der budde dei på fyret. I gøyna sto dei 10-12 veker medan M/S "Tampa" vart reparert. Då budde dei fleste på skulekjellaren.

Laga av:Idun Dyb-Sandnes