![]() |
|
|
Krigstida på Godøya |
|
| Startside B. Gudmundseth Magne Godø Alnes Fyr Freden kjem Kjeldar |
Intervju med Magne Godø. No står eg utafor huset til Magne Godø og skal intervjue ham om krigsåra. Magne var 4 ½ år då krigen starta og 9 ½ år då den slutta, men han hugsar ganske godt enda korleis dei sterke 5 åra med krig i Norge. Så eg skal få høyre med han korleis han opplevde krigen. -Kor gammal var du då krigen starta? -Eg var 4 ½ år når krigen starta og 9 ½ år når krigen slutta. -Kva tenkte du på når du fekk høyre at krigen var komen til Norge? -Eg hugsar eg høyrde at dei snakka om krigen ute på kjøkkenet vårt. Eg lurte på kva det var, så eg ropte og spurde?!. Då fekk eg vite at det var krig i Norge også. Eg hugsar det spesielt godt fordi at eg fekk lungebetennelse nokre dagar etter at krigen var i gang. Far min var i Bergen 9.april, eg var redd fordi vi ikkje høyrde noko frå dei. Men til slutt kom dei no heimigjenn. -Kvar budde dykk under krigen? -Vi budde bort i Gøygarden der som var så mykje hus før, men no er nesten alle vekk! -Kva mat hadde dykk, hadde dykk nok eller lite mat? -Det var enkelte matvarer det var mangel på. Men vi svalt ikkje. Vi fekk ikkje gjær til å bake brød. Vi brukte natron for å få brødet til å heve seg. Det var ikkje noko godt og det lukta også ekkelt, men vi hadde ikkje noko val då. Vi hadde ikkje verken sukker, mjøl eller margarin. Alle som trengte fisk, fekk det- ofte var det sild. Sild- spekesild og boknasild var vanleg kost. Når du hadde dette og poteter så svalt ikkje du. Vi brukte å ha salta poteter og stampa dette saman som vi hadde på skivene. Eg var den yngste, men eg spiste likevel mykje, vi brukte å spise som nokre hestar. Vi var heldige som hadde gard! Vi hadde litt kjøtt, melk, poteter og grønsaker. Det var tvangslevering, og dette betydde at vi måtte gi fra oss til dei som ikkje hadde gard og til tyskarane. Til og med høy måtte vi levere til tyskarane, fordi tyskarane hadde mange hestar. -Kva klede hadde dykk? -Det var mykje strikka klede t.d, gensarar, det var til og med strikka undertøy. Vi hadde sauder og spann ulla sjølv. Det var vanskeleg å få tak i klede. Dei dreiv og sydde oppigjenn kleda. Sko var enda verre å få tak i. Vi brukte tresko, både søndag og mandag og alle andre dagane. -Var familien din samla under krigen? -Ja det var den, heldigvis. Bort frå eldste bror min som var på sjøen og dreiv med fiskedrift alle åra og lengre. Eg hadde ei store søster som jobba i byen så bodde der då, men dei var ikkje så langt vekk. Så ja familien min var samla under krigen. -Korleis var det å gå på skule når dykk visste at det var krig, var dykk ikkje redde? -Det var ofte litt nifst, vi var av og til redde på skulevegen. Der var fly, så vi var redde det skulle skje noko. Det var ofte skyting når vi var på skulen. I slike tilfelle fekk vi beskjed om å krype under pulten vår og ligge der eller springe ned i kjellaren. Då eg gjekk i 2.klasse sto vi opp i skurtaka og såg at ein båt blei nedbomba inne på sula, 40-50 menneske blei då drepne, dette var veldig nifst. Det dreiv folk opp i fjøra her nede. I friminuttet sprang vi ned og såg den døde mannen som låg der, det var ekkelt. -Kan du seie noko om avisene, stod det for det meste om krigen då? -Kan du nemne nokre namn? -I avisene stod det berre det som tyskarane ville att det skulle stå der. Det var forbudt med negative ting om tyskarane. Det var alltid tyskarane som vann meinte dei. Sunnmørsposten gjekk gjennom heile krigen, seier Magne og leiter opp "Sunnmørsposten" og "Feltavsien"så eg får sjå korleis dei såg ut på den tida.
-Krigen byrja jo i 1939 i Polen, så då byrja dei å passe på her også, så dei sette opp kystvakstasjoner både her og der rundt på øya. 28.september 1939 vart stasjonen ut på Alnes oppretta. Ein kaptein Bjarne Skjong frå Måløya og 3 soldater kom no frå Bergen og skulle styre. Dei måtte føre dagbok heile tida, både natt og dag om alt dei såg. Etter kvart måtte dei reise. 3 alnesingar vart sendt på kurs til Bergen for å komme inn i vakttenesta. Edwin Alnes, Ole E. Alnes og Sverre Alnes. Dei gjekk heile hausten, heilt til krigen kom. Ole E. Alnes måtte reise i krigen, så han måtte slutte. Knut E. Alnes gjekk inn i tenesta hans i staden. Der kom tyskarar i 1943 og tok kontroll over fyret. 8 - 9 personar skulle no bruke fyret til ein vaktstasjon. Dei var der til krigen slutta. Rundt fyret var det innegjerda så ingen skulle kome seg inn, innenfor inngjerdinga var der også miner. Ein sau fauk i lufta fordi den hadde trakka på ei mine. -Livet ditt blei vel heilt forandra etter krigen, kan du fortelje om korleis du hadde det? -Då eg skulle få meg skjorte, tok mor det store shellflagget som var nede på eit "naust" og spretta det opp igjenn, og lagde meg skjorte av det. For berre ei veke etter krigen slutta var det jo 17.mai. Det kjekkaste var at vi slapp å vere redde lenger. Vi slapp å blende for vindauga lengre. No byrja frukta å kome. Meir mat og sjokolade og meir klede. Alle dei som hadde vore vekke 4- 5 år eller lenger kom heim igjenn. -Er det ellers noko nyttig du vil seie om krigen? -Det er i grunnen mange ting det. Det skjedde ofte det vi såg at båtane blei bomba av flya. Det kom også ein undervassbåt heilt inn i Breisundet. Mange båter vart senka etter på. Eg hugsar at eg stod og såg på den tyske båten "Eisst Drom"gjekk ned. Det omkom 40- 50 personer på "Fideli Tust",som gjekk ned ved Høgsteinfyr. Ned ved Geilevika låg ein tysk båt som heitte "Burgunder", ein vakt båt. Den vart skoten sønde. Mange fleire vart også det veldi ofte. Du kunne sjå luftkampar mot tyske og allierte fly som skaut på kvarandre. I oktober 1944 kom det mange familiar, 6 familiar frå Finnmark, dei måtte bu her til krigen va slutt. Dei hadde ikkje med seg noko, men dei fekk tak i ting her.
Eg vil avlsutte dette intervjuet med eit dikt av Inger Hagerup som kom ut i 1941. Eg synest att dette diktet passer her at med dette temaet. Aust- Vågøy, mars 1941; "De
brente våre
gårder. De drepte våre menn. |
|
Laga
av:Idun Dyb-Sandnes
|
|