Intervju med Iris Dyb.

Mi mormor Iris Dyb var berre 9 år når krigen braut ut.

Men ho kan enda huske ein del ting som skjedde, sjølv om ho no er 67.

Når krigen braut ut budde mormor på Godøya. Ho hadde akkurat flytta inn i eit nytt 

hus når i Valkvæ. Der det var to familiar som budde.

No seter vi heime hos meg, Iris og drikk kaffi og et sjokolade.

- Korleis merka du at det var krig?

"Eg merka ikkje så mykje av krigen før vi fekk rasjoneringskort, det var som eit klippekort på maten du skulle ha. Vi fekk heller ikkje så mykje snop så vi var vande med, men oss fekk kandis- sukker. Om sommaren fekk oss frukt, men det var berre Norsk frukt, som t.d. eple.

Ja, oss merka heldigvis lite av krigen, men når krigen kom fekk oss mindre klede. Mødrene våre måtte stoppe og sy om igjen kleda våre. Det var likt for alle, så det var ingen som reagerte på det. I Ålesund var der ein bytte handel for sko, det gjekk ut på at du bytta dine sko med nokon andre sine som du ikkje kjente, det var uvandt.

Vi begynte også å få kalosjer, det var eit stoff som vi fekk utanpå skone, for da varte dei lengre. Det var berre lov å ha ei høne per snute, men oss hadde fleire. Og eg kan enda huske at mamma for til byen for og bytte egga vi hadde til overs med andre varer, da var eg redd for henne, for det kunne vere livs farleg viss tyskarane henne. Men maten måtte du berre ha, det hjalp ikkje om du sa at du ikkje likte den. Du trengte den og derfor måtte du ete den, og der var ikkje noko utval. Mat som sild, fisk, poteter og grønsaker var det vi fekk til middag. Dette dyrka dei fleste sjølv.

Eg huska også at mamma begynte og tørke erter og blande den i kaffien. Dette vart kalla surrogat og tyda erstatning for noko."

- Kom det tyskera til Godøya, og var du redd dei?

"Her kom i verfall hirdfolk, det var norske nazista. Dei fekk oss streng beskjed om å passe oss for. Eg kan ikkje akkurat huske at eg var redd dei, men det var eg sikkert.

Her kom også Gestapo, dei var alle redde for. Eg huskar godt at dei kom syklande og at dei hadde med seg sjefar hundar. Dei kom hit på øya for å leite etter radioer, men eg trur ikkje dei fant nokon. Mødrene våre var særleg redd for desse."

- Var du ute å leika deg slik som du alltid hadde fått gjere?

"Nei, krigen hindra i verfall ikkje meg. Eg var som regel ute å leika meg eller arbeida etter skulen. Sjølv om eg var jente, så vart eg på ein måte rekna som ein gut, for eg likte å arbeide ute og ikkje inne, og eg var så aktiv, det var ikkje vanleg at ei jente var det på den tida.

Det var somme som kalla meg "vesle Eljas" fordi eg oppførte meg som ein gut." Sa mormor og smilte.

"Du kunne vere ute å leike deg og det gjorde oss, men viss flyalarmen gjekk, då måtte oss springe og gjømme oss for da blei det bomba. Flyalarmen hadde tre korte støyt, og når bombinga var over, da ver det eit langt støyt.

I krigen måtte alle ha svarte rullegardiner, ikkje eit lysglimt skulle ut av dei. Derfor var det ikkje så mange som var seint ute som no for du kunne ikkje sjå ein ting."

- Kan du huske ei spesiell fly- bombing?

"Eg husker godt ein oppleving av eit fly- bombing. Eg var på skulen, plutseleg hørte vi at det small. Da var det eit fly som blei bomba og det gjekk med i sukkertoppen. Dette var ein fælt å sjå! Ettersom fly vart skotne ned var det kult og leite etter "splinter" av fly. Det vart akkurat som ein sport, og du vart populær viss du fant den største "splinten"

- Opplevde du noko spesielt under krigen som du enda kan huske?

"Ja, eg har fleire opplevingar under krigen som eg aldri kjem til å gløyme. Ein gang ein konvoi blei treffen klarte den å kjøre seg opp i Strandkleiv fjøre her på Godøya. Ein konvoi det var norske båtar med tyske skips fart! Denne båten hette Tampa, dei tyskarane vart verande her ei stund. Dei budde på skulen og var veldig snille, ein av dei var lærar og vande med barn. Det var nok sikkert derfor oss likte han så godt. Eg hugsar godt at når tyskeran kom og skulle bombe om natta, så skaut dei opp lys bomber. Det var veldig spanande og det var veldig fint og sjå på.

Eg kjem aldri til å gløyme den dagen naboen vår kom og sa til oss at oss skulle flytte heim over fordi det hadde dreve i land ei hand mine. Viss ei slik mine small, så var det store konsekvensar.

Eg var veldig glad i å gå tur i fjøra om morgon. Så eg og min beste veninne brukte av og til og konkurrere om kven som kom først i fjøra. Denne morgon vandt eg, det var tåkete og enda var det mørkt så eg kunne ikkje sjå stort. Om natta hadde det vore bombing og ein konvoi hadde blitt treffen og forlist. Plutseleg såg eg noko som glinsa uti sjøen, eg kunne høre at nokre andre prøvde å finne ut kva det var. Derfor var eg rask og vasse ut og ta det som låg der.

Når eg kom inn igjen vart eg overrasket og veldig glad, det var ein 5 kg pakke med smør. Og smør var det beste eg viste, eg sprang opp igjen og viste moren min, og ho sa at eg skulle få ta meg ei skei og ete så mykje eg berre orka. Det gjorde eg, gjett om eg var kvalm etterpå." sa mormor og gliste.

No følte eg at eg hadde fått eit lite innblikk i korleis det ver i krigstida for barna på Godøy.