Rasjonering:

Å rasjonere betyr å tilmåle i rasjonar. Okkupasjonen gjorde det heilt nødvendig å organisere eit detaljert system for rasjonering og regulering av matvarer. To hovudsystem vart innført: Kort og fastkunde prinsippet. Ein okkupant har plikt til å halde liv i dei okkuperte.

Våren 1940- hausten 1942 vart matsituvasjonen raskt dårlegare.

1. Året – fekk oss rasjonering på alle importerte varer, det var varer som brød, fett, sukke, kaffi og kakao. 

2.  Året – fekk oss rasjonering på kjøtt , flesk, mjølkeprodukt, poteter og grønsaker. Sommaren 1943 fekk oss rasjonering på all fisk. Alle fekk rasjoneringskort , og dei måtte brukast for dei fleste varer. Både mat, og stoff til klede. Å leve med rasjonering, blei ein livsstil. Folk meldte seg som kunde i ein bestemt forretning, og varene blei fordelt til forretninga etter antall innskrivne kundar. Dette vart kalla "fastkunde prinsippet" Rasjonane var aldri lik for alle. Inndelinga i forbrukar blei stadig meir spesifisert. Ved visse utleveringa kunne det vere opptil 30 forskjellige forbrukar grupper der alle fekk forskjellig tildeling av rasjonert varer. Utan rasjonerings- kort var du hjelpelaus!!

     

 

Det daglege brød:

Eigen innsats var hovudregelen og heilt nødvendig. Det gode mjølet som Noreg hadde lagra i 1940 blei for det meste tatt av Tyskarane. Nordmenn fekk i staden eit nytt bakemjøl, det såkalla krisemjølet. Det var av råberga korn med høg utmålingsgrad og tilsett kritt. Råda om kva du kunne spe mjølet med for å kunne lage det daglege brødet gjekk mellom familiane, berre fantasien sat begerensingane. Både poteter, fiske mjøl, tang/ tare og bark blei brukt. Mange huskar nok tilbake med gru på barkebrødet dei fekk under krigen. Skikkeleg smør var der nesten aldri å få tak i, og pålegg var luksus. Vassgraut var dagens rett, sikkert ikkje så næringsrik men den

Poteter:

Poteter vart dyrka over alt, i hagar, parkar, idrettsanlegg og hos alle som hadde ein jordlapp. Mange leigde jord hos andre. I byar eller tettbygde strøk som hadde jord eigedommar vart jord delt ut til folk som ville dyrke poteter til eigen bruk. Dette vart kalla parsell dyrking. Utan denne poteta som er full av B og C- vitaminar og for ikkje å gløyme jern, hadde hungersnøda broten ut i okkupasjonstida. Poteter var det folk flest kunne møte matmangel med. Kålrot var ein viktig del av kosthaldet. Den fylte opp magen, og var med i mange rare oppskrifter.

 

Tran:

Tran blei drukken, tran blei pålegg, tran blei brukt i brød, tran blei smør auget i grauten. Folk steikte maten i tran. Alle barna fekk tran på skulen, og den var ikkje freistande. Den stod oppi eit tønne åre rundt. Den var sikkert varm og om sommaren kunne der ligge fluge i den. Tran sikra nødvendige kaloriar, og var av dei få tinga som var enkelt å få tak i.

Bær og frukt:

Alt i skog og mark blei hausta. Alt frå bær og frukt til løvetann og nesle. Om ein ikkje hadde hausta dette før, ja då lærte ein det no.

 

Jakta og kjøtt:

Under krigen måtte mange kjæledyr vike for villa- griser, sauer, geiter, ender, høner og kaninar. Kanin avl blei barnelærdom for mange tusen. Men å skaffe nok for, det vart ein utfordring. Det vart inngått viktige avtalar om adgong til naboens ugras. Dei som hadde gard var betre stilt ein andre. Og dei som ikkje hadde det, gjekk frå gard til gard og prøvde og bytte til seg varer.

Kosthaldet og ernæringssvikt:

Etterkvart oppstod det store manglar i kosthaldet, både i samansetning og kvantitet. Mangelen på mat gav folket kalori underskudd, og denne mangelen på ernæring ramma særleg barn og ungdom under krigen.