Skulegangen til borna:

9. april 1940 stoppa skulegangen i store delar av Norge. Dette var særleg av frykt for bombing av skulane, men grunnen var og at tyskarane rekvirerte mykje av skulehusa. Klasser og skuler vart slegne i hop, og fordi tyskarane okkuperte mange skular, måtte ein ta i bruk kommunale lokaler, menigsheitshus, foreiningslokale og liknande. Nokre stader i landet tok ein i bruk heimeundervisning. Verst var det i Nordland og Troms. Av 104 kommunar var det berre to-tre kommunar der skulegangen hadde vore normal dei første krigsåra.

Denne første okkupasjonsvåren var det få skular i landet som fekk avholdt eksamen, i staden måtte dei ty til standpukt- karakterar. Gjennom heile krigen fortsatte desse vanskane og førte til at svært mange elevar fekk dårlegare undervisning enn dei skulle ha hatt. Lite var normalt med skulegangen under krigen. Det var mangel på alt; utdanna lærarar, arbeidshjelp, lysolje, brensel og borna sin mangel på kle og sko. Det vart innført "brensel- ferie", fordi ein ikkje hadde brensel til å halde skulane varme, og "matauke- ferie", då borna måtte vere med i innearbeid i jordbruket både vår og haust. Fråværsprosenten over heile landet var veldig stor, men det var på grunn av krigen, og ikkje fordi elevane var sjukare enn før.