Uredd til sjøs
Når "Uredd" var ute på havet gjekk dei alltid nedykka om dagen, og ved midnatt var dei som oftast oppe. Då hadde dei alltid ein mann oppe på vakttårnet, med alle luker opne så dei fekk lufta ut. Dersom dei måtte dykke, kunne dette gjerast på 20 sekundar, då starta dei å dykke med ein gang, og vaktmannen måtte då "fyke" ned stigen og lukke luka. Og det hadde dei trena mykje på.
Inne i "Uredd" var det veldig trongt. Mannskapet sov i hengekøyer eller i soveposar på dørken. Eller mellom dei 4 reservetorpedoane. Det siste var veldig populært, for der var det alltid litt kjølig i forhold til resten av båten.
Men når "Uredd" var i land i Dundee, då var heile mannskapet innkvartert på eit tidlegare varelager. Varelageret delte dei med heile ubåtflåten, skilte frå kvarandre med presenningar.
Konvoitokt
Etter dei kom tilbake frå den første tokta i nord, var tre
allierte båter inne i Dundee, Det var "Uredd", franske "Minerve"
og polske P551 "Jastrazab". Men samtidig hadde ein Murmansk konvoi
stor trong for beskyttelse.
Og p.g.a. det, blei alle 3 ubåtane sendt oppover for å beskytte den.
Her er eit oversiktskart over ubåtane sine posisjonar under
konvoifart.
Klikk
for større bilete
Så torsdag den 30. april kom den sterkt eskorterte konvoien i sikte. Her var det 24 handelsskip fulle i krigsmateriell på veg til Murmansk. Den var leda av krysseren "London" og ei lang rekke jagarar, og så dei tre ubåtene; "Uredd", "Minerve" og "Jastrazab".
Men konvoien fekk ikkje ein problemfri tur til Murmansk. Dei vart angrepne av
tyske fly. Både 1. og 2. mars kom det fly som prøvde og bombe konvoien, men
dei hadde ikkje ein sjangse mot konvoiens sterke jagar forsvar.
Flya sirkulerte lenge rundt og rundt for å prøve å finne eit hol i forsvaret,
med det fekk intet resultat.
Det som var litt verre, var at ein jagar hadde fått asdic-kontakt med ein
ubåt, men dei visste ikkje om den var tysk eller alliert. Men det viste seg at
det bare var "Jastrazab" som hadde forvilla seg inn i konvoi skjermen.
Men når dei fekk vite det, hadde jagarane allerede sleppt synkeminer ned på
posisjonen, og "Jastrazab" blei tvungen til å stupte opp til
overflata. Då den kom opp blei den bomba av kanonene til jagarane, men ilden
stoppa så snart jagarane såg nummeret på tårnet. Men då var det forseint og
"Jastrazab" gjekk til bunns, øg mannskapet gjekk tapt. Heile historia
fekk ikkje "Uredd" vite før dei kom i land i Murmansk.
15. mai kom konvoien til land i Murmansk. Ubåtane hadde fått
ordre om å returnere den 4. mars.
Dei kom tilbake til Lerwick 7.mai klokka 1100. Fortsatt i like god stand på
dekk.
21. mai satte "Uredd" kursen nordover for å være
med i ein nordgåande konvoi,
og ein som gjekk sørover seinare.
....
Natta den 26. mai patruljerte "Uredd" i felt K.29
på veg sørover (sjå kart over) Og hørte fleire tunge ekslosjonar eit stykke
i frå, nokon av dei kunne ein merke i ubåten. Og på morgonen høyrde dei fly
som patruljerte over. Så klokka 0800 gjekk "Uredd" opp i felt K30,
men klokka 1800 måtte dei dykke til maksdybde på grunn av at eit tysk fly
hadde observert dei og sluppe 3 synkeminer. Men ingen hadde vert i nærleiken av
"Uredd". Men dei merka eksplosjonane i ubåten.
2 dagar seinare begynnte "Uredd" på turen tilbake til basen, der dei
fekk ei lengre *landlov.
*Landlov: Ei fritid på land, permisjon.
Møte med dei tyske kjempar
September i 42 fekk "Uredd" nye ordrer. Ubåtane skulle angripe fiendlege skip som prøvde å forflytte seg frå Narvik. Og dette skulle føregå i lag med 5 andre ubåtar. Men dei fleste hadde andre ordrer enn "Uredd".
2. september starta "Uredd" ferda mot nord, saman med med P-54
"Unsbaken".
7. september kom dei til Andfjorden, det var fjorden "Uredd" skulle
dekke. Og samtidig vart det sendt oppover ein konvoi som skulle lokke fram dei
store tyske beista. Ein dag "Uredd" låg utanfor fjorden der dei store
tyske skipa låg, kika dei inn med periskopet. Då såg dei fleire av dei kjende
tyske skipa, "Tirpitz" låg der, "Scharnhorst", "Prins
Eugen" og 4 andre store, men ukjente destroiarar. Det var litt av eit syn.
Kart over Narvik og der "Uredd" låg i Andfjorden.
Klikk for større bilete.
Ein dag dei låg på denne samme staden såg
Røren noko langt inne i fjorden. Og på grunn av Rørens lokalkunnskaper
skjønte han at det var "Tirpitz" og nokon mindre tyske patruljeskip
på veg nordover. Og dette raporterte Røren til hovedkvarteret i England, men
på grunn av det dårlege været og dei høge fjella rundt kom ikkje meldinga
fram.
Nokon dagar etterpå hadde allierte fly observert båtar i Altafjord, men der
var det ingen teikn til "Tirpitz". Dei fekk fortsatt ikkje kontakt med
"Uredd", som dei rekna med burde ha sett kvar det blei av den. "Tirpitz"
blei nokre dagar seinare observert ankra opp i Fættenfjord ved Trondheim. I
mellomtida hadde "Uredd" fått returordre og reist tilbake til Lerwick.
"Uredd" ankom Lerwick 24. 9.

"Tirpitz"
Første skip sekt
12. oktober gjekk "Uredd" og
"Junon" saman tilbake til Noreg, begge hadde fått patruljeområde og
no var det dei tyske kjempene dei skulle besøke.
Ein dag "Uredd" låg i innløpet av Åfjorden kom det utover eit
middelstørrelse handelsskip. Røren skjønte det vart tysk og sende så først
2 torpedoar mot skipet, den eine traff rett i maskinrommet, den andre gjekk rett
forran. Skipet såg ut til å synke men stoppa å synke med halve akterenden
under vatn. Røren sende så ein torpedo rett mot baugen. Men skjønte etterpå
at skipet sto grunna på ei flo. Skipet var del av ein konvoi og eskortefartøya
starta straks å søke etter "Uredd", men "Uredd" tok ein
dristig sjanse og kjørte neddykka gjennom eit trongt sund der tyskarane ikkje
trudde dei våga og gå.
27. oktober 1942 kom "Uredd" tilbake til Lerwick. Her fekk dei ei kvit
stripe på Jolly Rogaren for å ha senka eit fiendtleg skip. Ein Jolly Roger er
eit flagg alle skipa i Royal Navy reiser når dei har senka eit eller fleire
skip på ei tokt. Denne britiske tradisjonen fylgde og "Uredd". Og det
var alltid full fest når ubåtane fekk ny stripe på Jolly Rogaren.
.
Jolly Rogaren med den første stripa.
På tokt i Noreg
11. november for "Uredd" atter ein gong ut frå Lerwick med kurs
for Noreg. Denne gangen saman med dei britiske ubåtane "Trespasser"
og "Seadog" og ein russar. Dei skulle plassere seg utanfor kvar sine
bestemte fjordutløp i Finnmark. Og vente på at nokon store tyske beist skulle
prøve å lure seg ut. For det var sendt ein "lokkekonvoi" som skulle
lure dei ut, den skulle gå til Murmansk, konvoien var tungt eskortert.
Men det oppdraget skulle vise seg å bli mykje vanskeleg. For veka etter dei var
komen fram sank barometeret ned til 965 millibar og det blei sterk storm med
orkan i kasta. Og på grunn av tett sluddvær var sikta lik null.
"Uredd" prøvde å gå djupt ned, men sjølv om dei var nede på 200
fot slingra "Uredd" tungt. Så "Uredd" blei tvungen til å
gå til overflata og gøyme seg. 25. november fekk "Uredd" returorde.
På tungtskips-tokt heime i Noreg
Etter denne tokta fekk "Uredd" sitt mannskap
juleperm og reiste så med "Uredd" til basen i Dundee. Og her blei
jula 1942 feira for mannskapet. Men 27. desember mønstra dei av og gjekk til
Lerwick. Her fekk "Uredd" overhaling. Men mens "Uredd" var
ute å holdt øvingar fekk admiralane i Royal Navy høre at "Tirpitz"
var seilklar og skulle gå frå Lofjorden i Trondheim til Narvik eskortert av 4
jagarar.
I full fart blei "Seadog" og "Unruly" plassert i innløpet
av Vestfjorden, "Graph" og "Trespasser" skulle ligge på
vakt utanfor det nordlege utløpet frå Trondheim.
"Uredd" blei tilbakekalla til Lerwick og der fekk dei beskjed om å bunkre fullt og ta ombord forsyningar for 21 dagar. Så skulle dei gå til eit patruljefelt mellom Narvik og Trondheim. Dei fekk også beskjed om å spare ein torpedosalve visst dei skulle møte mindre fiendtlege fartøy så dei kunne bruke dei på tyngre skip. Røren fekk vite at "Tirpitz" var venta i området . Men her var og andre tyske kjempar observert, som også var ubåtane sitt hovudmål. "Lützow", "Hipper" og "Nürnberg" var dei største av dei observerte.
7. januar såg Røren Norsk land. Men ikkje før 10 dagar etterpå, den 17.
januar fekk Røren endeleg følelsen av at noko stort måtte komme. Det var på
grunn av merkeleg oppførsel av 2 tyske eskortefartøy som kom kjørande
sikksakk ut fjorden "Uredd" låg i utløpet av. Eskortefartøya
passerte rett over "Uredd". Og litt etterpå sa Røren frå om å
dykke opp til periskopdybde. Og då såg Røren eit større tysk krigsfartøy,
Røren meinte at denne var stor nok til at det var verd og angripe. Så han ga
ordre om å fyre 4 torpedoar mot skipet. Og 4 torpedoar blei avfyrt, med 9
sekunders mellomrom. Torpedoane gjekk med 40 knop rett under den blanke
vannflata. Det var 3 nye torpedoar, og 1 som var frå forgje krig. Etter 30
sekunders venting etter at den siste torpedoen blei skoten ut sa Røren at dei
sannsynlegvis hadde bomma alle 4.
Men så plutseleg høyrde dei ein kraftig eksplosjon, så blei det heilt stille.
Før ein av offiserane sa "Det var nok den gamle som traff",
"Hvordan veit du det?" spurde nestkommanderande Weyhdal. "Joda,
den var den einaste som hadde vett nok til å snu då den ikkje traff"
Først var det heilt stille, så braut latteren laus. Røren lo ikkje
mindre.
Dagen etter kom det melding om at det var ein større tysk kryssar dei hadde
truffe, og dei fekk ordre om å returnere heim til Lerwick. Og her vart det
også full fest då dei fekk heise Jolly Rogeren med stripe nummer 2.

Jolly Rogaren med ny stripe