Innleiing

Den 2. verdskrig har akkurat begynt. Krigen starta faktisk med at ein tysk ubåt fyrte av 1 torpedo mot ein engelsk ubåt.
Den 9. april blei Noreg angripen av tyskarane. Det heile begynte i februar med at ein engelsk jagar gjekk til angrep på eit tysk fangeskip med namn "Altmark" i norsk farvatn. Den engelske jagaren frigjorde alle dei 299 britiske krigsfangane ombord. Dette fekk Hitler til å tenkte på å angripe Noreg. 
9. april starta operasjon "Weserübung". Angrepet på Noreg. Leda av "General Nikolaus von Falkenhorst".  
Den viktigaste hendinga under angrepet på Noreg var når skipet "Blücher" kom seglande opp Oslofjorden med mange tyske spesialstyrkar ombord.
Dei skulle ta kongen og regjeringa. "Oscarsborg-festning" fekk fyrt av ei gammal kanon og treffte med flaks og senka "Blücher". Mange tyske soldatar drukna, men nokon greidde å symje i land eller bli plukka opp av ein av dei tyske båtane som fylgde. Dette førte til at Kongen og regjeringa fekk tid til å flykte, og kom seg vidare til London. Då var krigen mot Noreg i gang.


"Blücher"

Noreg var nøytrale i 1. verdskrig og satsa på den samme krigspolitikken no og..
Men det gjekk ikkje denne gongen. Grunnen til at tyskarane angreip Noreg var den lange isfrie kysten til Noreg, med fri adgang til Atlanteren. Og det er her dei Norske ubåtane kjem inn, sjølv om dei ikkje var så mange. Hovudoppgåva til ubåtane var å beskytte konvoiane med transportskip til får eksempel Murmansk. Og det var tyske ubåtar og fly som var den største fienden. Og sjølvsagt kjempene "Tirpitz", "Bismarck" og "Scharnhorst" og dei andre store tyske skipa som låg inne og lurte i dei lange Norske fjordane.
Historia til "B1" begynte rett etter at Britane hadde minelagt delar av Norskekysten og rett før tyskarane angreip Narvik. Narvik var eit viktig mål for tyskarane. Der kunne dei få skipa Svensk jernmalm ned til Tyskland, for våpenproduksjon.
Historia om dei Norske ubåtane i krig held fram under linken
B1. Alle dei Norske ubåtane var under britisk kommando, og hadde hovudbase i Dundee. Lerwick var base nr. 2. Seinare i krigen fekk ubåtane instrumentet "Asdic" også kalla "Sonar" på engelsk. Dette instrumentet var til stor fordel for dei allierte, for den kunne oppdage andre ubåtar i neddykka tilstand. Etter at dei fekk dette, blei det mindre tap av allierte skip, og dei senka fleire fiendtlege skip

NESTE ---> B1