Første tokt

Etter at Røren og mannskapet hans hadde overteke "Uredd", hadde dei mykje å gjere før dei kunne reise til sjøs og krige. No måtte mannskapet gå gjennom dåverande ubåtskule i Blyth, Humberland i England. 
Her vart mannskapet trena, og lært opp til korleis dei skulle behandle og ha tilsyn med instrumenta på ein slik ubåt. Det godt samansette Norske mannskapet gjorde ein stor innsats. Så etter nokon prøveturar, og ekte trening til havs, var "Uredd" og mannskapet krigsklar.

 

Mannskapet på skytetrening.
Klikk for større bilete.

Den 8. mars 1942 la "Uredd" ut på si første Krigstokt, og ordrane var å observere fiendtleg aktivitet på Nordlandskysten. Den 13. mars kl.13.46 låg ubåten i posisjon ved Skinna fyr, og observerte to jagarar av sleipnerklassa på veg nordover. Men her var ikkje mykje aktivitet, og i løpet av tokta observerte "Uredd" ikkje anna enn to sporadiske fly. Og reiste så tilbake til Lerwick, og kom dit den 25. mars. Forsett så vidare til hovudbasen i Dundee. Og her fikk Kaptein Røren ros grunna deira hald av "Uredd": Der var det alltid reint, og på stell, og båten skilte seg fordelaktig ut frå dei britiske fartya. Offiserane var svært fornøgde med at dei fekk patruljere utanfor deira eigen kyst.

Ein matros syn på offiserane om bord: 

Kaptein Røren var ein hjartegod mann. Ein kunne sjå han med tåre i augo når det gjaldt nokon av mannskapet. Nestkommanderande Weyhdal var ein litt hardare type, men ganske snill. Røren delte stillinga si med Weydal, så han ikkje skulle føle seg trampa på, så han fekk bestemme over folka. Så var det stavangermannen og navigasjonssjefen Brown. Og nr. 3 var Fenrik Lauritsen, som var ein supergrei kar, men det var eigentleg dei alle saman. Så mannskapet på "Uredd" var eit supersamansveisa kjempe team.

    
Kaptein Røren (venstre) og nestkommander Weyhdal.
Klikk for større bilete.

 Byrjinga <--- TILBAKE NESTE ---> Toktene