Siste tokt

Når dei kom tilbake til Lerwick blei Kaptein Røren innkalla til toppmøte med admiralen i London. For her skulle han bli oppdatert om det neste oppdraget "Uredd" skulle få. Det var eit topp hemmeleg og vanskeleg oppdrag som skulle foregå heime i Noreg. Oppdraget fekk kodenamnet "Seagull". Grunnen til at "Uredd" fekk dette oppdraget var mannskapet og Kaptein Røren sin lokalkunnskap i området. Oppdraget gjekk ut på følgjande: "Uredd" skulle sette i land nokon spesialstyrkar, 6 stykk frå SOE. Dei skulle gå i land og sprenge ei viktig råvaregruve frå tyskarane i Sulitjelma i Noreg. Spesialstyrkane skulle så gå over grensa til Sverige og bli henta der av RAF (Royal Air Force).
Etter at "Uredd" hadde sete i land spesialstyrkane skulle dei vidare til Mehamn på eit nytt oppdrag. Oppdraget hadde kodenamnet "Ubsilon II". Det gjekk ut på at "Uredd" skulle sette i land ein del av mannskapet og ein 7. ande passasjer som skulle hente 2 nordmenn og 2 franskmenn som franske "Junon" hadde etterlatt i operasjon "Ubsilon", for nokon veker sidan. Den 7. passasjeren skulle hjelpe mannskapet og identifisere dei etterlatne. Oppdraga var topp hemmeleg og ikkje ein gong mannskapet fekk vite om kva som skulle foregå før dei var komen langt til sjøs.
Admiralen i London sa til Røren at han måtte ikkje være redd å avbryte oppdraget visst han følte at det var for risikabelt på grunn av været eller visst det var tyske styrkar i området.
Då Røren kom tilbake til Lerwick fekk han vite med sjefen  i basen at det var meldt om ny tysk minelegging langs Norskekysten. Dei kom fram til at "Uredd" ville finne ei minefri lei inn til fjordane der dei skulle operere.

Så reiste Røren tilbake til "Uredd" og starta klargjerninga av skipet. Dei tok ombord nye torpedoar, kunstig snø og kamuflasjenett til å skjule "Uredd". Så fekk Kaptein Røren beskjed om å be 6 av mannskapet om å pakke og gå på land for vidare ordrar. Så kom dei 6 nye karane ombord bærande på kvar sitt malingsspann der det sto "Grønnmaling" på. 
Alle forstod kva som måtte være i desse malingsspanna. Dei 6 karane fekk overta køyplassane til dei 6 som blei sendt i land.

Rett før avgang kom det enda ein ny kar ombord. Det var Paul Krisjern Nygaard, agent frå SIS (Secret Intelligence Service). Men hans identitet måtte holdes skjult for mannskapet, så han blei derfor ein del av besetningen som utskriven menig og inntok sin plass. Nygaard hadde vore med "Junon" på oppdrag "Ubsilon" og han var den 7. ande passasjeren som skulle hjelpe mannskapet og identifisere dei etterlatne.
Den 5. februar gjekk "Uredd" atter ein gong ut frå Lerwick.

Etter planen skulle "Uredd" gå frå Mefjord etter enda oppdrag seinast mellom 19. og  20. februar. Så skulle dei sette kurs for Lerwick og melde posisjon. Den 23. februar gav admiral Barry ordre om å sende radiomelding til "Uredd" om at dei måtte svare med posisjon, kurs og fart. Der kom inga svar. Ubåtens tausheit skapte engstelse i Lerwick, og dagen etter gav den britiske flaggoffiser melding om at "Uredd" antageleg var tapt.

27. februar kom den offisielle melding om tapet av "Uredd". Seinare fekk den Norske Marine melding om tapet, og sympati frå heile "Royal Navy":

"Uredd har ytt ein høgst verdifull støtte til den allierte flåte av undervannsbåtar, med dyktig utførelse og bemerkelsesverdige resultater av sine patruljer. Da hun gjekk tapt, var hun i ferd med ein spesialoprasjon som innebar hasardiøse oppgåver på Norskekysten.  På vegne av mine kolleger ønskar eg å uttrykke vår store sorg over tapet av dette prektige fartøy og dets fremmragande dyktige sjef løyntnant Røren, M.B.E offiserer og mannskap. Vi sender dem og den Kongelege Norske marine vår dypeste sympati"  -Admiral Corneliussen

Den britiske marine visste ikkje kvifor "Uredd" gjekk ned, men dei påstod at der var ikkje miner i sundet.
Derfor kan det ikkje være grunnen. Så dei er redd at "Uredd" blei enten torpedert eller bomba av synkeminer. 

...

Dette var det dei antok då boka som eg har kjeldene mine frå blei skriven. Men i ettertid har dei funne vraket av "Uredd" sør for Bodø. "Uredd" hadde seila inn i et ukjent tysk minefelt og blitt øydelagt ved en mineeksplosjon. Så det den britiske marine hadde antatt i 1943 var feil. Grunnen til at dei påstod "Uredd" ikkje hadde blitt truffen kan vere fordi dei hadde orientert "Uredd" om at der ikkje var nokon miner. Så dei slapp å få skylda for noko. 
Dette er bare min teori. Sjølv om det er tydeleg at der sikkert var miner der.


Minnesmerket over "Uredd" på Håkonsvern.
Klikk for større bilete

Toktene <--- TILBAKE NESTE ---> Utsira og Ula