El Alamein

 

Slaget ved El Alamein i ørkenen i Nord Afrika, er sett på som ein av dei avgjerande slaga i 2. verdskrig. Slaget ved El Alamein stod mellom dei to store lederane under 2.verdskrig, nemlig Montgomery og Rommel. Den allierte seiaren førte til at det deutsche Afrika korps og tyskarane overgav seg i Nord Afrika Mai 1943.

El Alamein ligg 150 mil vest for Kairo. I sommaren 1942 hadde dei allierte problem i Europa. Angrepet på Russland, Operasjon Barbarossa hadde fått russerane til å trekkje seg tilbake, Ubåtane hadde rysta Stor Britannia i kampen om atlanteren og Tyskland såg ut til å ha full kontroll på Vest Europa.

Derfor var krigen i Nord Afrika so viktig. Visst det deutsche Afrika Korps hadde fått kontroll over Suez kanalen, hadde dei allierte fått problem med å frakte forsyningar, den einaste måten dei kunne fått forsyningar på hadde vore gjennom Sør - Afrika. Denne ruta var ikkje berre lengre den var også farligare på grunn av det lunefulle veret. Den psykologiske påverkinga av tapet av Suez kanalen og tapet i Nord Afrika hadde blitt ubereknelig. Spesielt ettersom dette ville ha gitt Tyskland tilgang til olje i Midt Østen.

El Alamein var siste sjanse for dei allierte i nord Afrika. Nord for El Alamein var middelhavet og sør for El Alamein var Qattara fordjupinga. El Alamein var som ein flaske hals som gjorde at Rommel ikkje kunne bruke sin favoritt taktikk, nemlig å angripe bakfrå. Rommel var respektert blant dei allierte. Den allierte leiaren på det tidpunktet var Claude Auchinleck, som ikkje hadde like mykje respekt blant sine egne. Auchinleck måtte sende rundt eit beskjed til alle sine Offisera med lengst ansiennitet. Og bad dei gjere alt i si makt for at han skulle bli respektert av sine egne.

"…(you must) dispel by all possible means the idea that Rommel represents anything other than the ordinary German general……….PS, I’m not jealous of Rommel." (Auchinleck)


Plan til Rommel var å angripe dei allierte frå sør, men Montgomery forutsåg angrepet. Det var nemlig ikkje første gangen Rommel hadde gjort dette trekket. Han fekk også hjelp frå folk som arbeida i Bletchley Park som hadde fått tak i slagplanane til Rommel. Dermed visste Montgomery korleis han kom til å angripe og kva rute Rommel brukte for å få forsyningar. I august 1942 var det berre 33% av det Rommel trengte som kom igjennom. Rommel var klar over den store mangelen på forsyningar. Dei allierte fekk fortsatt ei stor mengde forsyningar igjennom på grunn av at dei fortsatt hadde kontroll over Suez kanalen og dominerande i middelhavet. For å løyse situasjonen bestemte Rommel seg for å angripe fort.

Ved slutten av august 1942 var Montgomery klar, han visste at Rommel hadde stor mangel på drivstoff og at han ikkje kunne overleve ein lang kamp. Når Rommel angreip låg Montgomery og søv, når han blei vekt og fortald at Rommel hadde angrepet sa han : ”Excellent, excellent” so gjekk han å la seg igjen.

Dei allierte plasserte eit stort antall landmine sør for El Alamein ved byen Alam Halfa. Eit stort antall tyske tanks gjekk tapt og resten av tanksane vart fanga mellom dei allereie sprengte tanksane og vart eit lett mål for dei allierte sine fly. Angrepet til Rommel starta dårlig og det såg ut til at Afrika korpset kom til å bli utsletta. Han beordra tanksane til å fare mot nord der han kunne få hjelp av naturen. Ein sandstorm skjulte tanksane frå dei britiske styrkane, men når sandstormen la seg vart dei bomba av britiske fly og Afrika korpset og Rommel måtte trekkje seg tilbake. Rommel rekna med at Montgomery kom til å følgje etter han ettersom dette var vanlig militær prosedyre, men Montgomery var ikkje forberedt på eit angrep. Derfor beordra han soldatane til å holde posisjon og danne ei defensiv linje.    

Det var også ein anna grunn til at Montgomery venta med å angripe, han venta nemlig 300 Sherman tanksar. Sherman tanksane kunne øydelegge ein tanks frå 2000 meters avstand noko som gjorde ”The 300 `Monty`” uslåelige.

For å klare seg mot dei allierte angrepa hadde tyskarane 110 000 menn og 500 tanks. Mange av tanksane var gamle italienske tanksar som ikkje kunne samanliknast med dei allierte sherman tanksane. Tyskarane hadde også lite drivstoff. Dei allierte hadde mer enn       200 000 menn og 1000 tanks som kunne skyte 1500 meter. Mellom dei to hærane låg ”Devil`s Garden”. ”Devil`s Garden” var eit minefelt som tyskarane hadde lagt antitanks og antipersonell mine. Dette var reine marerittet for dei allierte.

For å avlede Rommel satte Montgomery i gang ”Operasjon Bertram”. Denne plan gjekk ut på å overbevise tyskarane om at dei allierte om til å angripe frå sør. For å oppnå dette lage dei mange falske tanks i sør, dei byrja også å lage ei falsk rørleidning. For å overbevise Rommel om at dei allierte hadde det travelt med å angripe frå sør for måtte dei skjule tanksane i nord. Dei dekte til bilane slik dei såg ut som dei var vanlege lastebila. ”Operasjon Bertram” fungerte og Rommel var overbevist om at dei kom til å angripe frå sør.

Ved starten av det ekte angrepet sendte Montgomery ut denne beskjeden.

 "Everyone must be imbued with the desire kill Germans, even the padres - one for weekdays and two on Sundays."

 

 

Starten på angrepet mot Rommel fekk kode namnet ” Operasjon Lightfoot”. Det var ein grunn til at nettopp det namnet vart valt. Eit avledende angrep i sør skulle bli angrepet av 50% av styrkane til Rommel. Angrepet i nord skulle vare i eit døgn. Infanteriet skulle angripe først slik at antitanks minene ikkje skulle gå av for at dei var for lette, derfor vart det kalla ”Operasjon Lightfoot”.  Når infanteriet angreip vart ingeniørane tilkalla for å lage uskadeleggjere minene slik at tanksane kunne komme uskada over å angripe. Ingeniørane hadde ei stor oppgåve foran seg, 5 mil måtte ver klarert for mine. Oppgåva vart for stor og dei feila. Montgomery gav ein enkel beskjed til troppane sine kvelden da angrepet var i gang:

"All that is necessary is that each and every officer and men should enter this battle with the determination to see it through, to fight and kill, and finally to win. If we do this, there can be only one result - together, we will hit the enemy for six out of Africa."

Rommel vart angrepet av 800 artilleri kanoner, lyden av kanonane skal ha vore so høg at ørene til artilleristane byrja å blød. Infanteristane angreip etter artilleriet hadde byrja å skyte. Ingeniørane byrja å klar gjer området for mine. Dette var veldig farefylt for minene kunne ver kopla saman og dersom ei gjekk av kunne mange andre også gå av. Området der ingeniørane hadde fjerna minene viste seg å vere Montgomerys  akilleshel. Dersom tyskarane hadde tatt den første tanksen hadde alle dei andre vore fanga. Ingeniørane hadde laga ein mine fri vei gjennom ”The Devils Garden” som var akkurat brei nok til ein tanks. Dette gjorde at dei andre tanksane ikkje hadde muligheit til å komme seg rundt. Dette gjorde at dei andre tanksane var lette mål for Rommel sitt artilleri. Infanteriet til Montgomery hadde heller ikkje komt seg so langt so Montgomery hadde håpa på.

  Den andre angreps natta vart også mislykka. Montgomery gav Lumsden skylda for dette. Lumsden som var sjef for tanksane hadde ein ordre å følgje, han skulle føre tanksane framover visst ikkje vart han erstatta. Reduksjon av dei allierte styrkane førte til at Montgomery avlyste ”Operasjon Lightfoot”, og han trakk tilbake tanksane. Når Churchill fekk høre dette vart han rasande for han trudde at Montgomery kom til å overgi seg.

Men Rommel hadde også fått merke at strykene hadde blitt svekka, han hadde berre igjen 300 tanks, og dei allierte hadde over 900 igjen. Montgomerys neste plan var å forflytte seg til middelhavet. Australia angreip Tyskarane ved middelhavet og Rommel måtte flytte tanksane nord for å stå imot angrepa. Australia vart sterk ramma av døde og skada, men angrepa deira forandra utfallet av krigen.

Rommel vart overbevist om at Montgomery kom til å angripe nær middelhavet og derfor flytta han ei stor mengde av Afrika korpset dit. Australia angreip med grusomhet, til og med Rommel sa kalte område for ”Elvar av blod”. Dei australske angrepa gjor at Montgomery fekk manøvrere.

 

  Montgomery satte i gang ”Operasjon Supercharge” som var eit britisk og New Zealandsk infanteri angrep. Angrepet kom sør for der Australia angreip og Rommel vart overraska. 123 tanks frå ” 9th Armoured Brigade” angreip dei tyske linjene, men nok ein gang vart Rommel redda av ein sandstorm. Mange av dei allierte tanksane kom vekk ifrå dei andre og vart derfor enkle mål for det tyske artilleriet. 75% av tanksane gjekk tapt. Det store nummeret av allierte tanks betydde at meir hjelp var på vei og det var desse tanksane som utgjorde balansen. Rommel satte tanks mot tanks, men dei allierte var overlegne i antall tanksar.

2.November 1942, visste Rommel at han hadde tapt, Hitler beordra Rommel til å kjempe til døden. Rommel nekta å gjennomføre ordre og 4.novermber starta han å trekkje troppane tilbake. 25 000 italienske hadde blitt drepen eller såra under slaget om El Alamein og 13.000 allierte i den 8.Hæren.