Kunngjeringane
Når meldinga om at invasjonen av Normandie kom over radioane, vart det stilt i mange heimar, mange vart engstelege både i England og Amerika. Ikkje minst i heimane i Normandie-områda. Radiostasjonane i Berlin hadde sendingar kvart femte minutt, der dei rapporterte om allierte fallskjermslepp.
I Washington var der mange folk som var svært spent på kva som ville skje, spesielt dei som ikkje visste om operasjonen og ikkje visste kva som ville skje.
Det gjekk rykte om at det som kom over radio bere var propaganda, men etter to og ein halv time når Eisenhower var sikker på at dei allerte troppane hadde kome seg i land, bekrefta han invasjonen overfor folket. Det var ikkje nemnt nokon stad der invasjonen var, men nokre minutt seinare rapporterte radiostasjonane i Berlin at invasjonen var langs heile kyststripa mellom Le Havre og Cherbourg.
I Amerika var det folk på nattskift som først fekk høyre om invasjonen, medan i England var det alt blitt morgon og dagen fullt i gang. I dei fleste europeiske land var den første reaksjonen ein letting, dei var glade over at ventetida for eit fritt Europa snart var over.
Det var ingen som viste glede på utsida, dei gjekk på bønnemøte og i kyrkja etter jobb. Alle gjekk berre rundt med eit håp om at invasjonen måtte lykkast, men alle visste at det kom til å bli fryktleg mange offer. I ettertid har forskarar funne ut at folk engsta seg alt for mykje, men det hadde dei jo god grunn til fordi rykta på førehand sa at det kom til og bli mykje døde i den kommande invasjonen.
Dei allierte leiarane trudde det kom til å bli drepne 3/4 meir folk enn det i grunn blei.
Mange soldatar hadde no lenge hatt forbod mot å skrive brev heim. Masse mødrer og hustruer sat heime og venta på brev i fleire månadar, og når dei fekk høre om invasjonen frykta dei det verste. Mange lurte på kva deira bekjente gjorde akkurat der og då.