Førebuingar til Operasjon Overlord

 

 


General Morgan
(Klikk på det for å sjå det større) 

12.mars 1943 blei General Friedrick E. Morgan utnemnt til ny sjef for Cossac. Det var han som skulle lede dei Allierte sine invasjonar i Europa. Morgan hadde vore med på invasjonar i Nord-Afrika der han blant anna deltok i planlegginga av invasjonen på Sicilia. Det vart etablert eit hovudkvarter i Norfolk House i London der Amerikanske 
og og Engelske offiserar skulle planlegge ein invasjon av Europa i løpet av 1944. Planen fekk kodenamnet "Operasjon Overlord". Staben skulle planlegge og berekne det som trengdes av soldatar og material. Sjølve angrepsdatoen vart satt til 1.mai 1944.                                                                    

                                                                            
                                                                                                                                                                             

Dei øvste leiarane
  (Klikk på det for å sjå det større)



Planleggarane måtte også finne ut kvar det var mulig og ha ein rask invasjon. Plassar i Noreg, Danmark, Nederland, Frankrike og Portugal vart nøye vurdert. Eit av krava til ein invasjon var at området måtte kunne dekkes av jagarfly som kom flygande frå England. Dei var også avhengige av ei stor hamn og lange strender der man lett og raskt kunne få i land soldatar og kjøretøy.

Normandie og Calais var to plassar som såg ut til og vere godt som egna for ein invasjon. I Calais var dei godt beskytta av Tyske kystfort, mens i Normandie var der mindre tyske styrker og der var fleire gode strender i området.

Problemet med denne invasjonen var den engelske kanal. Der er det store tidavassforskjeller og mykje uver. Det var uver nesten kvar månad og når godvêret kom så varte det skjeldent meir enn fire dagar på rad. For at landgangen skulle bli lettare vart det laga kunstige hamner. Ei hamn for britane og ei for amerikanarane. Eit alvorlig problem var og få produsert nok landgangsfartøy. Amerikanarane hadde 31000 landgangsfartøy. 2400 av desse var planlagt til bruk i Normandie. Resten skulle til Øy-krigen i Stillehavet.

Dei allierte bygde eit stort antall skip saman. Og frakt kapasiteten auka kraftig. Det vart planlagt og frakte 1.4 mill amerikanske soldatar til England innan 1.mai 1944. Britane hadde ein hær på 1.75 mill mann. Samveldelanda hadde 175000 mann ståande i England og andre Tyskokuperte land stilte med 40000 mann. Det var no 3.5 mill menn som var klare til og angripe.

Enorme mengder fly, skip, kanoner, tanks, lastebilar, våpen, ammunisjon, brensel, mat og medisinar osv. vart frakta over Atlanteren frå USA.
31% av forsyningane som vart brukt i "Operasjon Overlord" kom frå Amerikanarane.


(Klikk på biletet for å sjå det større)
Dwight D. Eisenhower

"Operasjon Overlord" fekk ny leiar. General Eisenhower hadde leia invasjonane i Nord-Afrika, Siciliana og Italia med stor dyktigskap. Cossac blei omdøypt til SHAEF(Supreme Haedquarters of Allied Expeditionary Force) Hovudkvarteret vart flytta til ein stor teltleir i Bushly Park med 750 offiserar og 6000 mann. Han utnemnte mange nye nestleiarar, bla. General Morgan som stabssjef og General Montgomery som leder for landsstridsstyrkane. Fronten blei utvikla til 80 km, fem divisjonar skulle delta og bak frontane skulle det sleppes fallskjermstyrkar.

Spanske ryttarar

Invasjonen blei utsatt til byrjinga av juni slik at dei fekk produsere nok landgangsfartøy. Tida vart brukt til meir bombing av Tyskland og til å trene invasjons styrkane. På strendene vart det montert "spanske ryttarar", som var hindringar for fartøy som skulle opp til stranda når det var flo sjø. Det vart også utplassert pålar med sprengstoff. Det førte til at invasjonen måtte skje i dagslys og på fjøre sjø, og egne lag måtte settast i land for å sprenge desse hindera.                                                                                                           

 

 


(Klikk på biletet for å sjå det større)
General Rommel var sjef for dei tyske styrkane mellom Antwerpen og elva Lorie. Rommel var sjef over to armeear(7. og 15.armee) og han hadde også tre panserdivisjonar han kunne bruke. 

Churchill meinte at det var viktig å halde invasjonane skjult for tyskarane, slik dei ikkje kunne beskytte seg godt der invasjonen skjedde. London Controlling Section vart oppretta for og villeie tyskarane. Tusenvis av opplysningar vart "sendt" til tyskarane gjennom radiomeldingar og planlagde "lekasjer". Det dei prøvde på var og få tyskarane til og tru at invasjonen skjedde ein anna plass og på eit anna tidspunkt. Det vart arrestert over 100 tyske agentar i Storbritannia og dei vart også brukte til og sende falske meldingar til Tyskland. Eisenhower visste alt om det tyske forsvar og deira planar osv. Han fekk opplysningane frå agentar, fotofly og kommandosoldatar.

Nokre veker før invasjonen vart soldatane samla på ein skule i Hammersmith der planane var teikna på eit stort kart. Veret var svært avgjerande for invasjonen. Det var berre tre dagar i Juni det var fjøre om morgonen, det kunne heller ikkje vere for sterk vind i hensikt til landgangsfartøya. Kanonane måtte ha god sikt og inga skodde. Flya var avhengige av at det ikkje var for skyete, slik dei kunne sjå måla sine.

8.mai 1944 bestemte Eisenhower at invasjonen skulle vere den 5. juni 1944.
29 mai kom vêrmeldaren med ei melding om at det skulle bli kuling eller storm i kanalen, dermed ville det bli sterk vind og skydekke. Då var diskusjonane i gang om dei skulle sette i gang operasjonane det neste døgnet eller ikkje, det vart ingen operasjon. Flya kunne ikkje operere i det veret som var då!

Den same vêrmeldaren kom 5.juni på ettermiddagen og fortalde at det skulle bli betre ver over natta, Eisenhower bestemte seg då for og sette i gang operasjonen basert på vêrmeldarens meldingar.