Innleiing

I 1933 kom Hitler til makta i Tyskland. Han innførte nazismen der. Nazistane sin ideologi innebar og utrydde alle jødane dei fekk tak i. Dette vart kalla "den endelege løysinga". Og etter at Hitler gjekk til åtak på Polen i 1939, og i seinare tid erobra store deler av Europa, starta utryddinga av jødar for fullt!
Hitler og Tyskland tok land etter land, men etter nederlaget av slaget om Storbritannia vart dei bere svakare og meir umotiverte.
 
No planlagde dei allierte ein storslått invasjon. Winston Churchill leia dette ei stund, før Eisenhower tok over. 6.juni 1944 blei den såkalla "D-dagen" eller "Operasjon Overlord" satt i gang. Fleire hundre tusen soldatar, ca. 250 krigsskip og 4000 landgangsfartøy segla no over den engelske kanal klar til kamp. Medan dei segla over kanalen var det ca. 10 000 fly over Normandie og sleppte bomber. Dette gjorde dei for og utslette tyske kanonstillingar. Det vart også sleppt ut fallskjermsoldatar som skulle svekke forsvaret langs strendene før den endelege angrepsfronten kom med folk til strendene. Dette vart mislykka fordi det var så sterk vind og nesten halvparten av soldatane forsvann langt ut i øydemarka.
 
Dei allierte sin redningstaktikk gjekk ut på og setje i land meir folk enn tyskarane klarte og skyte, og det gjorde det slik at dei allierte klarte og ta Normandie området og seinare resten av Frankrike.

    Angrepsplanane innteikna på kartet over Normandie
(Klikk på biletet for å sjå det større)