Kampane inne på land
Dei allierte klamra seg til dei små landområda dei hadde klart og erobre natta til 7-juni 1944. Soldatane fekk lite søvn og dei brukte natta til og rydde strendene for øydelagt materiale, slik landgangen til dei styrkane som kom dagen etter gjekk greitt.
Lengre inne på land speida infanteriet etter fiendtlig beveging. General Montgomery som var sjefen for dei allierte stridskreftene, meinte det var viktig at dei forskjellege frontane haldt saman slik at tyskarane ikkje kunne bryte inn nokon plass. Amerikanarane skulle ta seg ut av Ohoma og Utah-strendene og gå mot byen Cherbourg. Britane og canadiarane skulle prøve og ta byane Bayeux og Caen.
![]()
Ei tysk panseravdeling var på vei mot Caen samtidig som amerikanarane på Omaha-stranda blei skote på av tyskarane. Dei mangla ammunisjon, men i siste liten fekk dei det med flyutslepp. Etter dette begynte kampane på strendene og bli mindre.Tyskarane fekk ikkje forsterkningar til og hjelpe seg. Kurt Meyer gjekk mot Caen med 160 stridsvogner og fire infanteribataljonar, Britane og kanadiarane kjempa imot og til slutt hadde Meyer bere 17 stridsvogner og ein infanteribataljon igjen. 8.juni tok britane over byen Bayeux, og i det dei kom inn i byen blei dei overlessa med blomster og innbyggarane gav soldatane mat og drikke. Etter erobringa av denne byen var frigjeringa av Frankrike i gang.
Franske sivile som gir blomster til dei Allierte soldatane
(Klikk på biletet for å sjå det større)Folk som hadde samarbeida med tyskarane fekk no straff men dei andre som budde i byen, dette blei gjort over heile Frankrike og også i deler av Belgia. No viste den franske motstandsrørsla seg godt, og folk saboterte på fabrikkane. Det vart sprengt bruer og nokon kappa telefonledningane og øydelagde jernbaneskinna. Dei gjorde slik det blei kaos med tyskarane.
Allierte fly prøvde og hindre dei tyske armeane skulle komme fram til strendene for og hjelpe dei andre tyske soldatane. Flya skaut og øydelagde alt som røyvde på seg, og det førte til at dei tyske konvoiane ikkje flytta på seg anna enn om natta. Dette gjorde slik at tyskarane ikkje kom seg fram til Normandie. Men uver og sterk beskyting gjorde at den allierte i landsettinga gjekk dobbelt så sakte som planlagt. Men etter at dei kunstige hamnene kom på plass, gjekk det betre. Båtane blei lossa av og bilar blei lasta på, slik at lasta kom fram til sine depot. Innover i landet gjekk det lange rader av soldatar, lastebiler, stridsvogner og andre kjøretøy inn mot den tyske fronten. Dei tyske øvstkommanderande trudde først at dette også var ein avledingsmanøver og at den amerikanske pansergeneralen ville kome med ein stor invasjonsyrke i Calais.