Luftoperasjonane


(Klikk på bilete for å sjå det større)

Ut på natta landa glidefly nær bruene over Caen-kanalen og elva over Orne. 
Desse bruene blei kjapt erobra av britiske soldatar utan nokon store kampar og tap.
Kl. 00.50 hoppa 2000 menn frå 5. fallskjermsbrigade ut over Ranville. Nede på 
bakken hadde stifinnarane sette opp landingslys, men sterk vind gjorde slik at mange 
blåste vekk frå landingsfelta. Ved hjelp av jakthorn greidde dei og samle seg igjen. Dei 
marsjerte mot bruene for og hjelpe dei som var der. Ein del av fallskjermstyrkane jaga 
det tyske infanteriet som haldt til i Ranville, ut av byen!

Kl. 03.30 landa 68 glidefly utanfor byen, ein liten del vart øydelagde under landinga 
pga. dei hadde landa på pallar som tyskarane hadde sett opp, 50 av glideflya var 
uskada, men det var likevel stort kaos. 

Generalmajor Richard Gale klarte og få orden på styrkane. Dei opptretta eit hovelkvarter i eit chateaui Ranville. Dei laga panservernstillingar og dei grov skyttegraver.

Mange av mennene i Gales 3. fallskjermsbrigade vart spreidd utover eit stort område pga. den sterke vinden. Nokre av mennene hamna i sumpane rundt om elva Dives og fleire omkom der. Andre kom så langt vekk frå landingsmerka sine at dei brukte mange dagar på å finne igjen avdelingane sine.
Dei avdelingane som klarte seg sprengde dei bruene dei hadde fått i oppdrag å sprenge.

Den 9. fallskjermsbataljonen under leiinga av oberstløytnant Otway skulle øydelegge batteriet ved Merville.
Rundt batteriet var det eit minefelt, piggtråd og ei tankgrav, der var også 120 tyske soldatar med maskingevær rundt kanonstillingane.
100 Lancasterfly skulle bombe kanonstillinga før Otway angrep. Dette angrepet vart mislykka på grunn av at bombene øydelagde ein landsby i staden for måla. Otways menn fekk ei svært mislykka landing.
Dei vart sprett ut over eit 100 km stort område. Mange hamna i myrer og truleg drukna. Etter ei stund fekk han samla 155 menn, over 500 menn var sakna, mesteparten av utstyret var øydelagt, men dei kom til at dei likevel hadde nok ammunisjon og sprengstoff til å få sprengt batteriet.

Kl. 02.27 begynte dei og gå mot Merville-batteriet, ein time seinare var dei framme. To glidefly som skulle lande på taket av anlegget, bomma og landa på nokre åkrar fleire kilometer vekke.
Otway gav beskjed til mennene sine at dei skulle sette i gang angrepet på batteriet. Fort tok dei seg gjennom minefeltet og piggtrådringane over tankgrava. Ei gruppe angrep maskingeværstillingane og ei angrep kanonstillingane. Dei klarte og sprenge kanonane. Etter dette angrepet låg det igjen 175 skotne og såra, 65 av dei var døde britar. Det vart sendt opp ein signalrakett som var eit signal på at kanonane var erobra.

Kl. 00.15 på D-dagen slapp amerikanarane stifinnarar ned på si eiga sone. Dei skulle markere fire landingssoner med lys og radarfyr.
Flya med fallskjermjegerar var heilt ute av kurs fordi det var sterk vind og skodde og fordi pilotane prøvde, og styre vekk frå den tyske luftverns-ilden. Tre fjerdeler av den 6500 mann store styrken var spreidd ut over eit stort område. Mange gjekk seg ville. Mens dei gjekk rundt i skogane utkjempa dei små tyske avdelingar, alle var forvirra.

Heile morgonen 6.juni klarte den tyske militære ledinga ikkje å gå i noko samla angrep mot dei allierte.
Det skuldast både overraskingar og lite kunnskapsrike leiarar. Dei vart lurt av dei allierte sine falske operasjonar.


Fly som bombar strendene i Normandie
(Klikk på biletet for å sjå det større)


Dei allierte sine bombefly øydelagde nesten dei 92 radiostasjonane som tyskarane hadde. Dette gjorde at tyskarane ikkje greidde og få eit klart bilete av kva som skjedde. Eirch Marchs var den første tyske offiseren som var klar over at den allierte invasjonen var i gang. Han  tilbakekalla offiserane som skulle delta i ei øving i Rennes.
Rommels stabssjef Hans Spiedel, vart varsla om at noko alvorleg var på gang og han ringte von Rundstet i Paris, som var tyskaranes øvstkommanderande i Frankrike. Han gav ein av generalane sine ordre om og ringe Hitler og opplyse om dei moglege angrepa.

Rundstedt hadde skjønt at det var invasjonen som var i gang, og han ville sende dei to panseravdelingane som han disponerte av garde, men ha måtte ha Hitlers tilating, det vart sendt telegram, Det gjekk to timar før dei fekk svar. Dette hende fordi ingen ville vekke Hitler pga. hans voldsame raserianfall.

Ved daggry byrja krigsskipa og skyte på dei tyske forsvarsstillingane langs den 80 km lange kysten. Det blei skote med 15 toms granatar som ofte landa opp til 15 km inne på land.