Strendene
Utah Beach
(Klikk på biletet for å sjå det større)Strendene fekk forskjellige namn, Gold, Juno og Sword skulle britane ta seg av, mens Utah og Ohama skulle amerikanarane angripe.
Britane skulle storme Gold-stranda i 06.30 tida, Juno og Sword-strendene skulle dei storme kl. 07.30.
Amerikanarane skulle gå i land på Utah og Omaha-strendene kl. 06.30.
Britane måtte ta omsyn til dei tyske stridsvognsavdelingane som var litt lenger inne i landet.
75000 britiske og kanadiske soldatar måtte ta seg så raskt inn i landet so mogleg, for å etablere eit motforsvar mot eit eventuelt tysk panserangrep.
137 krigsskip skulle skyte på dei tyske stillingane i 80 minutt før landgangsfartøya kunne begynne å gå mot land.
Skipa låg 6 sjømil ifrå land, og 269 amerikanske bombefly slapp store, tunge bomber over dei tyske festningane ved Utah-stranda.
Ein del tyske bunkerar vart øydelagt og mange tyskarar vart drepne. Britane vart kraftig beskote og mange landgangsfartøy trefte miner og mykje materiale vart øydelagt og soldatar vart drepne.