Utfallet

 

 

Utfallet av "Operasjon Overlord" var at dei greidde å frigjere Frankrike, og etter og ha frigjort Frankrige starta det såkalla "kappløpet mot Berlin". Det var mellom dei allierte i vest og Sovjetunionen i aust. Leiarane hadde møtt kvarandre og diskutert dette og dei hadde kome til at dei skulle dele Tyskland og Berlin mellom seg. Dei allierte fekk vestdelen og Sovjetunionen austdelen. 
Det var ikkje alle i Frankrike som jubla over frigjeringa, for omtrent 200 000 hus blei lagt i runinar under bombinga til dei allierte, f.eks byen Caen. Der blei omtrent 70 % av husa bomba sønder og saman. Dette førte til at fleire tusen mennesker vart heimlause.




Ein  krigskyrkegard med dei falne frå Normandie.


Ei anna ulempe med invasjonen var at det gjekk så mange menneske miste livet. I kampane på sjølve D-dagen vart 14 000 av omlag 155 000 allierte soldatar drepne. Desse soldatane vart kalla " dei som ofra livet for verda" og mange av dei drepte ligger begravd på ein av dei kvite krigskyrkjegardane.