Winston Churchill si rolle under 2. verdenskrig
Som du har lese tidlegare, forutsåg Winston Churchill også 2. verdenskrig.
Når eg skal skrive om Churchill si rolle under 2. verdenskrig, blir det
naturleg at
eg tek med dei krigshandlingane som Churchill var ein del av.
Då krigen braut ut i Polen, 1. september 1939, fekk Winston raskt tilbake si
stilling
som marineminister. Hitler trengde jernmalm for å kunne byggje si krigsmaskin.
Sverige, som var
nøytrale under krigen, leverte Hitler det han trengde av jernmalm,
og denne
malmen vart skipa ut over Narivik havn. Derfor vart det viktig for britane
å sørge for å stanse denne malmfrakta.
Churchill kjempa for å få stansa denne
frakta, og han la planar om å
minelegge norske havområder for å tvinge malmskipa ut i internasjonalt
farvatn, der den britiske marinen ville ta hand om dei. Men Churchill fekk aldri den engelske regjeringa med på noko slikt, ikkje
før det var for seint. Mangel på handlekraft skulle vise seg å prege England
si krigføring det første krigshalvåret.
Churchill si rolle under Altmark- affæren
I februar 1940 kom det tyske sivile skipet Altmark inn i norsk farvatn. Om bord på skipet var der 300 britiske fangar, og britane visste om dette.
16. februar gav Churchill ordre til sjefen på den britiske jagaren Cossack om å gå om bord i Altmark og befrie dei britiske fangane. Altmark prøvde å gøyme seg i Jøssingfjorden, som ligg mellom Eigersund og Flekkefjord. I ordre frå Churchill og utan løyve frå Norge gjekk dei militære, britiske styrkane til angrep på det tyske skipet og befria dei britiske fangane. Fangane vart frakta trygt i hamn i England, noko som skapte begeistring hos det engelske folk. Churchill fekk mykje av æra for denne vellykka operasjonen, og han fekk også gratulasjonar frå Kongen!Statsminister!
Våren 1940 måtte Neville Chamberlain gå av som statsminister. Regjeringa hans kunne ikkje fortsette, det såg alle. Chamberlains næraste medarbeidarar gjekk til og med i mot han. Men situasjonen i Europa var dyster, og England trengde straks ei ny regjering. Tyskland hadde allereie tatt Norge og Danmark, og ein venta berre på at dei skulle slå til igjen.
10. mai, same dagen som Tyskland gjekk til storangrep mot vest, var den dagen Winston Churchill vart innkalla til Buckingham Palace for å få oppdraget som statsminister. Churchill var no den mannen som skulle leie Storbritannia gjennom 2. verdenskrig. Churchill hevda sjøl at dette var skjebnen. Dette var grunnen til at han vart fødd.
Churchill er no statsminister.
Mange i det politiske miløjet i England var svært skeptiske til den avgjerda som no hadde blitt teke. Churchill var kjend som ein eventyrar som hadde misslykkast på den politiske fronten.
Arbeidsforma, tankegangen og dei personlege vanane hans gjorde også folk skeptiske. Han hadde i tillegg til dette også ein arbeidsstil og eit temparament som kom som eit sjokk på alle som skulle arbeide under han. Churchill innførte straks ein raud merkelapp der det stod "ACTION THIS DAY"- Handling i dag! – som understreka at han ikkje godtok noko somling no som landets fridom og framtid stod på spel.Talaren Churchill
Noko som hadde oppteke Churchill i mange, mange år, var det å halde talar.
Han forbereidde seg alltid vel og lenge før han skulle framføre ein. Han hadde også heile sitt liv kjempa for å overvinne lespinga si. Han var flink til å svare for seg, og ingen politiker har biltt sitert så mykje som Churchill i ettertid. Denne talekunsten skulle vise seg å hjelpe Churchill i krigsåra. Talane hans vekte patriotisme, kampglød og nasjonalfølelse hos britane. Churchill klarde å foreine landet trass klasse- skilnadane og dei ulike politiske overbevisningane."I have nothing to offer but blood, toil, tears and sweat."
-Churchill til det britiske folk, mai 1940, etter at han hadde fått oppdraget som statsminister.Ein dårleg start for Churchill og britane
Krigen byrja dårleg for britane. Tyskland tok BeNeLux- landa, og då han kom til Frankrike viste det seg at hæren der ikkje var sterke nok til å gje tyskarane noko særleg motstand. Storbritannia sende eit såkalla "ekspedisjonskorps" på 250 000 mann for å hjelpe franskmennene i kampen mot tyskerane, men dette hjalp heller ikkje.
Churchill hadde no valget mellom å sette inn det britiske flyvåpenet, eller i å halde det på bakken. Churchill bestemde seg for å halde det på bakken, fordi han visste at han ville få stor bruk for det den dagen Tyskland og Hitler gjekk til angrep på Storbritannia. For Churchill visste det ville skje, og det ville skje snart. 14. juni fall Paris i hendene på tyskerane, og 350 000 soldatar evakuerte frå den franske byen Dunkerque, over den engelske kanal og til sikkerheit i England. Det britiske flyvåpenet RAF hadde vore overlegne i lufta mot dei tyske flya som forsøkte å hindre retretten.Det var i desse tider Churchill heldt ein av sine mest berømte talar.
"Vi vil kjempe til siste slutt. Vi vil kjempe i Frankrike. Vi vil kjempe på havet. Vi vil kjempe med aukane styrke i lufta. Vi vil forsvare øya vår for einkvar pris. Vi vil kjempe på strendene, vi vil kjempe på flyplassane. Vi skal kjempe i gatene og på markane. Vi vil aldri overgje oss!"
Ingen som høyrde på Churchill då han haldt denne talen, tvilte på at dette var ein mann som hadde tenkt å vinne krigen.
Churchill kjempa for å behalde herredøme på havet saman med dei allierte. Det var derfor svært viktig at den franske marinen ikkje fall i hendene på tyskerane.
Slaget om Storbritannia
Sommaren 1940 hadde Tyskland kontroll over heile Europas kystlinje, berre Storbritannia, som var den viktigaste allierte før USA kom med i krigen, stod att før Hitler fekk total dominans. Det tyske flyvåpenet til Hitler, Luftwaffe, måtte ha kontrollen i lufta for å kunne klare å ta Storbritannia, derfor var det første det måtte gjere, å slå ut det britiske flyvåpenet Royal Air Force, noko som ville bli svært vanskeleg.
I fleire dagar på rad vart det tyske flyvåpenet kommandert av Hitler til å bombe engelske flyplassar, flyfabrikkar og radaranlegg. Men tyskerane møtte sterk motstand frå RAF, og måtte gi opp."Never in the field of human conflict has so much been owed by so many to so few." – Churchill om RAF- pilotane sin innsats under Slaget om Storbritannia.
Tyskerane gjekk no over til rein terrorbombing i London, og svært mange av den engelske sivilbefolkninga vart ramma. Denne terrorbombinga vart kalla London-blitzen. London var på denne tida verdas største by, og når tyskerane ikkje klarde å ta knekken på den, vart også mindre britiske byar bomba.
Dei tyske bombeangrepa mot Storbritannia fortsatte stort sett samanhengande ut november månad, men også gjennom vinteren og våren 1941 kom der nokre bomber. Parlamentsbygninga og Buckingham Palace vart også truffe av tyske bomber. Churchill sat ikkje innelåst og gøymde seg under London- blitzen. Han var mykje ute for å sjå kva som hende, og han haldt talar i radioen til det britiske folk for å halde motet deira oppe.Storbritannia allierte med Sovjetunionen
21. juni 1941 letta presset på Storbritannia. Hitler hadde no innsett at han ikkje ville klare å knekke Storbritannia. Så no gjekk han til angrep på Sovjetunionen i aust. Dette gjorde at Churchill og Storbritannia no var allierte med Stalin og Sovjetunionen. Churchill avskydde både Stalin og Sovjetunionen som pesten. Han hadde også vore i krig mot dei tideleg på 20- talet.
Men Churchill hata Hitler enda meir, og han var villig til å gjere alt for å ta han, sjølv om han då måtte samarbeide med Stalin.Låne- og leige- avtalen
Dette var ein avtale mellom Churchill og Storbritannia, og Roosevelt og USA, som kom til i 1941. Avtalen gjekk ut på at dei allierte skulle få våpen, skip og all slags krigsmateriell frå USA. Men sidan USA og amerikanarane ikkje ville bli dragen inn i krigen, fekk Storbritannia berre leige utstyret.
Atlanterhavsfråsegna
August 1941- Churchill og Roosevelt er i møte på eit amerikansk krigsskip i Atlanterhavet.
Fråsegna som vart til under dette møtet seier at alle land skal ha rett til å bestemme over seg sjølv. Styreform, sine eigne råstoff, frie marknader og å ta del i eit fritt økonomisk samarbeid.Både "Låne- og leige- avtalen" og "Atlanterhavsfråsegna" viser at Churchill samarbeidde godt med Roosevelt. Churchill og Roosevelt fekk også eit godt samarbeid etter at USA kom med i krigen, 7. desember 1941, då japanerane bomba den amerikanske marinen sin hovudbase ved Pearl Harbour på Hawaii.
D- dagen
6. juni 1944 invaderte dei allierte Frankrike for å gjere landet fritt igjen. Etter tre månedar var Tyskland ute av Frankrike og Belgia. Denne operasjonen vart kalla "Operasjon Overlord".
Jalta- konferansen
Under Jalta- konferansen på Krim- halvøya ved Svartehavet møttast dei tre sigersherrane Churchill, Roosevelt og Stalin for å fordele Europa mellom seg etter krigen. Tyskland si rolle etter krigen var også diskutert, i tillegg til opprettelsen av FN.
Konferansen varte frå 4- 11. februar 1945.
Dei tre sigersherrane, Churchill, Roosevelt og Stalin.
Landets redningsmann
Då freden kom 8. mai 1945, haldt Churchill tale til ein enorm folkemengde som var samla i Whitehall, Londons regjeringsgate. Churchill vart no betrakta som landets redningsmann.
Oppsummering
Winston Churchill gjorde ein svært stor innsats under 2. verdenskrig, ikkje berre for Storbritannia, men også for alle dei allierte som kjempa mot Hitler. Han var til og med villig til å samarbeide med Stalin, som han hata, for å redde Europa frå den tyske diktatoren, Hitler. Churchill talte til folket, både det britiske og på utanlandske radioar, og klarde å halde motet deira oppe, slik som ingen andre kunne. Han var ein klok mann som gjorde det han kunne for å redde Storbritannia, Europa å dei allierte frå ein gal diktator. Og han tapte ikkje kampen.
Churchills siste tid
I 1945 vart det framtvinga nytt val i Storbritannia etter krigen. Clement Atlee frå Labour- partiet vart no landets nye statsminister. Men i 1951 vart Churchill igjen valgt som statsminister, og sat no i fem år, til 1956. Då overlot han statsminister- stolen til Harold McMillan. Dei siste åra til Churchill var ikkje særleg lykkelege år. Helsa hans svikta, kanskje ikkje så rart etter eit liv med sigarer, whisky, champagne og farer. Han hadde fortsatt sin plass i Parlamentet, og vart regelmessig gjenvalgt av sin valgkrets ved kvart einaste valg. Men hans politiske karriere var over. Han var for svak til å yte meir. Churchill hadde sin siste dag i Parlamentet 27. juli 1964. Dei siste 7 månedane var han saman med vener og familie. Han sa ikkje stort dei siste åra, men viste at han satt pris på sine kjære rundt seg. Churchill låg bevisstlaus i ei veke etter eit hjerneslag, og døydde på same dato nøyaktig 70 år etter sin far, 21. februar 1965. Han hadde no blitt 91 år gamal.
Bilete frå Churchills begravelse.