2.verdenskrig.

 

Krigen i Europa starta 1. september 1939.  Det var då den tyske hærstyrka angreip Polen. 
Etter kvart vart fleire land innblanda. Norge trudde aldri at dei skulle komme mellom stormaktene, 
dei trudde aldri at dei skulle komme i krig. 
Men der tok dei feil. Norge hadde sagt seg nøytrale under 2. verdenskrig, men likevel vart det krig. 
Var det meininga at Norge skulle verte innblanda ? 
Det var vel dei isfrie kystane som gjorde at Norge kom i Tysk søkelys. Admiral Rader satte Hitler på tanken om Norge sine kystar. Hitler var einig i at om ein hadde Norge ville alt verte enklare. Det var slik "operasjon weserübung" vart satt i gang. Krigen i Norge starta 9. april 1940. Det var heilt uventa frå norsk side. Slik som eg høyrer frå intervjua eg tok, er begge enige at Norge ikkje var klar for ein krig. " For meg verka det som forsvaret sov" seier dei. Det er dette vi høyrer i historien også. Forsvaret sov- vi hadde ikkje fått utvikla eit sterkt nok forsvar som ville kunne takle denne situasjonen.
Den samme dagen som det vart krig i landet, kom båten "Blücher" innover oslo fjorden. Tyskarane trudde dei skulle sleppe enkelt forbi. Målet med å komme seg innover til oslo var for at dei skulle ta kongen, regjeringa og stortinget. Men dei vart stoppa. Både Ingeborg og Olga fortel om denne hendinga. Det var ein viktig hending for Norge, utan at ein hadde klart å stoppa båten villa både kongen, regjeringa og stortinget vorte tatt. I Drøbakksundet låg det ein festning "Oscarsborg", frå denne festninga skaut dei ned "Blücher". Det var Johan Godøy som var krigsadmiral og arbeidde på Oscarsborg i Oslo, som gav ordre om dette. Om at Norge skulle skyte ned "Blücher". No fekk også kongen og regjeringa eit forsprang og fekk berga seg over til England.
Det at det vart krig i landet skapte mykje angst blandt befolkninga. Mange var redd, andre trudde kanskje at det ikkje var så gale som det såg ut til. Det var heilt uventa. Ingeborg Tunheim seier : "Eg hugsar når det kom bombefly over himmelen, det såg ut som nokre svarte fuglar. Vi trudde dei var våre venner, vi forstod ikkje at det var gale". Dette er eit klart signal om at det ikkje var klart for krig i Norge.

I dagsnytt- sendinga på radio kl. 08.00 om morgonen den 9. april 1940 fekk folk vite at det var krig i lande. Men etter det eg forstår gjennom dei eg intervjua var det ikkje alle som hadde radio. Men dei fleste fekk vete det ganske tidleg at det vart krig i Norge. Mange fekk vete det med andre personar.

Dagen etter at krigen kom stod det i sunnmørsposten "Norge setter seg til motverge mot Tysklandsåtak. For mange huslydar kom det nå nokre vonde dagar. Fleire måtte sende sine kjære. Det var nå lenge sidan sist øyane hadde vore i krig- omlag 130 år sidan.

13.april vart det sendt melding over Vigra radio at 22 tyske fly hadde passert Sognfjorden og var på veg nordover. Den 15.april prøvde fleire fly å bombe radiostasjonen, kl.16.00 lukkast det for dei. Det var midt under ein radiosending, der ein person fortalde om Molde som vart bomba og plutseleg vart det avbrudt.

For kvinnene vart mykje forandra. Som Ingeborg fortel "vi byrja med matauke med ein gong". Mange menn reiste vekk. Olga hadde heile familien sin heime under krigen, ho fortel at systra som hadde gifta seg kom heim til Godøy for å hjelpe til på garden. Faren og broren reiste litt på sjøen og satte ut trollgarn, men det var det einaste.

Ingeborg Tunheim fortel om Peter Godø som reiste med konvoifarten i middelhavet. Det var rett og slett ein plass det var lett å verte drepen på. Fleire skip vart skote ned, men skipet han var med i vart ikkje det. Men likevel var det ein forferdeleg oppleving å sjå menneskeliv gå tapt.

Ho fortel også at mannen Lars reiste på sjøen for å fiske, dette gjorde at Ingeborg vart mykje åleine. Men ho fortel at dette var også positivt. Det var ei slags ro over tida fortel ho. Ei lærerik tid, der vi fekk lov til å komme i bønn til herren. Ingeborg fekk to barn under krigen, og det var mykje angst. Ho var redd for det verste og det dukka stadig opp spørsmålet om "korleis dette skulle gå?".

Tilbake