Intervju med Ingeborg Tunheim.

 

Kvinnerolla under krigen. Eg valde å intervjue ei dame som sjølv hadde opplevd krigs situasjonen. Ingeborg var 29 år gammal då krigen braut ut her i Norge. Inne i stova sat mannen Lars i ein stol og Ingeborg i den andre, eg sette meg ned saman med dei. Vi prata litt og eg fortalde kva det var eg hadde lagt vekt på. Det tok ikkje lang tid før eg starta å spørje.

- Korleis var det for deg å vite at det var krig i Norge ?

Før ho byrja å svare snakka ho litt med Lars og meinte at han viste meir enn henne.

- Ja, du veit no litt meir enn meg om dette.

Han smila og tenkte seg tilbake i tid.

- Ja, krigen starta vel 9. april 1940 her i Norge. Eg hugsar enda den dagen det vart krig i landet som om det skulla vore i går. Eg var ute og gjødsla, med eit kom det to menn gåande nedover vegen. Det var Severin Dyb og Andreas Støbaksvik. Dei fortalde meg at det hadde brote ut krig.

- Korleis reagerte du på det ?, spurde Ingeborg

- Jo, det var forferdeleg å vite at det var krig. Det er vel skrekk oppleving for ein kvar mann som for høyre at det er krig i deira eige land. Vi var jo ikkje klar for ein krig. Det første eg gjorde når eg fekk høyre dette var å skunde meg inn i huset.

Etter at Lars hadde fått prata litt tok Ingeborg over.

- Når krigen starta venta eg mitt første barn og var klar til å stifte ein familie. Då eg fekk høyre at det var krig i landet vart eg veldig redd. Eg viste ikkje kva eg skulle gjere. Spørsmålet om vi kom til å klare å komme oss igjennom dette dukka stadig opp. Eg var forferdeleg redd. Ein gong vi var ute på åkeren kom det nokre svarte bombefly forbi, det likna på nokre svarte fuglar. Vi trudde dei var venner og forstod ikkje at det var noko gale.

- Ikkje lenge etter at krigen hadde starta vart flyplassen på Vigra bomba ned, fortalde Lars

- Når flyplassen vart bomba, det var så nifst det var først då vi forstod alvoret i det. Etter denne hendinga mista vi straumen, sa Ingeborg

- Men dette var ikkje det vi brydde oss mest om, fortsette Lars.

Etter å ha fortald meg alt dette tok Lars seg ein tur ut og Ingeborg skulle svare på resten. Eg gjekk vidare på neste spørsmål.

 

Kvinnerolla under krigen

- Eg veit at fleire menn måtte reise vekk. Nokre menn måtte hjelpe til på heimfronten, andre reiste vekk t.d. med konvoi farten.

Før eg fekk stilt spørsmålet tok Ingeborg Tunheim til å fortelje om bror til Lars som var med i konvoi farten.

- Bror til Lars, Peter reiste med konvoi farten. Han fortel sjølv at det var heilt forferdeleg å vere med. Fleire båtar vart skotne ned og sokk til havbotnen, fleire menneske liv gjekk tapt. Det var reine dødsplassen å vere her. Eg var veldig redd for at det skulle vere hans båt som vart skote ned. Han fortel om alt det han har sett, blodhavet, alle menneskeliva som gjekk tapt. Det er heilt forferdeleg. Det var eit stort sakn etter han den tida han var vekke.

Etter ho hadde fortald dette fekk eg stilt henne neste spørsmål.

- Vart kvinnerolla annleis under krigen enn det ho hadde vore då det var fred ?

- Vi var nygifte då det vart krig i Norge. Eg venta mitt første barn. Det var mange bekymringar og mange tankar som gjekk rundt i hovudet mitt. "Korleis skulle dette gå?", "Kom vi til å komme oss i gjennom denne tida ?". Vi hadde jord og det betydde mykje for oss. Med ein gong det vart krig starta vi med matauke. Vi hadde både kveite og potetåker og dette fekk vi mykje bruk for. Då det vart krig i Norge vart kvinnearbeidet meir flytta innandørs. Vi arbeidde mykje med dei kvardagslege tinga og hjelpte til på garden. Det var ikkje noko misnøye. Barna var glade for den maten dei fekk, sjølv om vi ofte hadde den samme maten fleire gonger var barna takknemlege for det dei fekk gjennom dagen. 

Eigentleg var det ei lærerik tid vi fekk god tid til mykje anna. Det vart mykje selskapsliv. Vi inviterte nokre på besøk til oss, det var nokre dagar vi hadde god mat, av og til hadde vi godt smør og fekk laga litt rømmegraut, dette var reine fest måltidet på denne tida. Vi hadde barneforeining. Kvar torsdag samla vi oss og hadde det kjekt saman med barna. Det var kjekt å kunne gjere noko med barna. Barneforeining slutta vi aldri med, dette haldt vi fram med så lenge vi kunne. Sidan vi var nygifte budde vi på ein kvist, som ein kalla det på den tida. Dette var ein bra plass å bu. Her hadde vi utedo

Ho stoppa opp med å fortelje, måtte tenke seg litt om. Med eit kom ho på ei historie om ei dame som kom i frå England.

- Under krigen kom det ei engelsk dame som flytta hit til Godøya. Ho var gift med Peter, bror til Lars. Ho heitte Dyllis og var ei flott dame, denne dama hadde tidlegare vore ei ballett dansarinne. Ho kom hit til Norge og gjekk rett inn i kulturen. Ho syntest de var rart med utedo og slike ting. Fordi det var heilt uvant til det ho hadde i England. Svigermor og Dyllis budde oppe på loftet, eg hugsar veldig godt korleis ho lærte seg språket norsk. Svigermor peikte på ting å sa kva det var, eg kan endå høyre for meg latteren oppe på loftet av Dyllis og sviger mor som har det veldig kjekt. Det var på denne måten Dyllis lærte språket. Det gjekk ikkje fort, men ho lærte det seg etter kvart. Mor til Dyllis brukte å komme på besøk til Norge, då vart ho henta med drosje som på den tida var ein lastebil. Vi fekk leige oss ein lastebil og laga til lasteplanet med plankar slik at det var mogleg å sitte der. Lars køyrde for å hente henne. Det var kjekt å få besøk av henne. 
Ei anna dame eg hugsar veldig godt er Mary Godø ho budde i ein storby, og hadde aldri vore i nærleiken av ein fjøs eller nokre dyr. Ho var veldig redd dyra og synest det var rart å komme nær dei. Mary Godø brukte å danse, då ho kom hit kunne ho ikkje danse meir fordi på denne tida vart dans rekna som ei synd.

No hadde eg fått vite mykje og vi gjekk vidare til neste spørsmål.

- Korleis var det å vere kvinne under krigen ?

- Lars var mykje vekk. Så etter kvart vart eg mykje sjølvstendig. Vi hadde kvinne foreiningar og hadde veldig mykje sosialt i lag. Lars arbeidde på ein fiskarbåt og reiste til sjøs, han vart ofte langt vekke og var fleire dagar vekke. Vi fekk to barn i lag, begge gongane var han vekke og når eg snakka med han på telefon fekk eg gleda av å fortelje han om det var ei jente eller ein gut. 
Det vart mykje kulturliv under krigen.

Ho stoppa opp litt og gjekk ut for å hente eit bilete. Det var av henne då ho fekk kulturprisen frå Giske kommune, det var i 1987. Ho var veldig stolt over denne prisen, men dette var ikkje medan det var krig. 

Etter å ha vist meg den, fortsette ho.

- Medan vi kvinnene var heime åleine var vi redde for mennene våre. Vi var redde for at det skulle skje dei noko. Eg og mange fleire kvinne bestemte oss for å bruke tid til å be saman. Kvar dag til ei fast tid sette vi oss ned, kvar for oss ved kjøkkenbenken og bad. Bønn betydde mykje for meg under krigen. Uten bønn hadde det kanskje ikkje vorte fred utan kamp. Vi hadde bønnemøte kvar torsdag, det var veldig viktig for oss.

Ho leita fram ein lita blå bok som låg på bordet. Og bladde litt i den, ho leita fram eit lite sitat i frå bibelen og las det til meg : " Alt som er sant, alt som er gjævt, alt som er rett, alt som er reint, alt som er verdt å elska og akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det ! " Frå fil 4,8

Vi sat stille ei stund og tenkte over det ho hadde lese.

- Eg tykkjer det er så fint dette bibelverset. Det var fleire som gjorde gode innsats under krigen. Fleire arbeidde for å få fred i landet. Johan Godø som var krigsadmiral arbeidde på Oscarsborg i Oslo. Det var han som gav beskjed om at "Blücher" skulle skytast ned. Fleire menneskeliv gjekk tapt, men hadde ikkje denne båten vorte skote ned hadde kongen vår vorte tatt til fange. Det var også mykje illegal verksemd. Dette var viktig for samfunnet. At vi haldt oss informerte og vist kva som skjedde. Det haldt oss også motiverte til å halde fram.

Etter ho hadde sagt dette gjekk eg vidare til neste spørsmål. Ute kvitra fuglane, sola skein og alt verka så lyst ute. Det var fint å sjå utover havet frå stove vindauget. Sola gjorde slik at det glitra i sjøen.

- Korleis var arbeidsforholda for kvinna ?

- Vi arbeidde mykje innan dørs. Vi lærte oss å sy, fleire kvinner vart skreddarar. Vi lærte oss å sy om kleda. Snu dei og sy dei om igjen. Vi gjekk også på buksekurs, der vi lærte oss å sy manne bukser. Det var ganske greitt å lære seg det. Eg hugsar ei kjole eg sydde om igjen, det var av eit grønt laken som eg sydde om til ein kjole. Den vart veldig fin og eg brukte den mykje.

Medan ho fortalde om denne kjolen viste ho korleis den såg ut med bevegelsar som viste når den gjekk ut og om den var tilsittande.

Etter å ha forklart meg dette gjekk ho vidare.

- Kvinna stod også for matlaginga. Vi laga mat kvar dag. Vi jobba mykje på åkeren. Eg hugsar ein gong vi sat på markene for å lage potetmjøl. Vi raspa fleire poteter. Eg vart veldig sår av å raspe dei. Det var fleire poteter vi gjorde det med. Det tok lang tid, men det måtte gjerast. Etter dette måtte det tørkast. Så fekk vi ein liten pose med potetmjøl.

Det var så mykje å fortelje i frå krigen og Ingeborg klarte nesten aldri å stoppe opp. Men eg hadde fleire spørsmål så vi gjekk vidare til neste spørsmål.

Kvardagslivet

- Under krigen fekk dykk tak i det dykk trengde ?

Mat

- Vi var heldige som hadde jord og det gjorde at vi hadde god mat. Eg lurer på korleis det var for dei menneska som budde i storbyar og ikkje hadde noko anna enn rasjoneringskort. Vi brukte rasjoneringskort. Og fekk berre så og så mykje gjennom ein periode

Etter ho hadde fortalt litt om desse rasjoneringskorta, leita eg fram eit kort som eg hadde fått låne oppe på skulen. Eg viste henne det og med ein gong kunne ho gjenkjenne det. Ho bladde gjennom det for å sjå på dei forskjellige arka.

- Det er nesten litt rart at vi kom oss i gjennom denne tida.

Ho små flira litt, før ho fortsette.

- Vi laga mykje potetkaker. Oppi store panner kokte vi opp fleire poteter som vi laga potetkaker av. Potetkaker hadde mykje å seie på denne tida. Ein anna viktig del av kosthaldet var fisk. Ofte hadde vi fisk tre gongar for dag. Men ein vart leie av dette også. Barna mine Rasmus og Liv Randi som vi fekk under krigen lærte seg å sette pris på maten dei fekk. Dei åt mykje grønsaker, og etter kvart fekk dei også frukt. Eg hugsar ein gong sonen min Rasmus skulle ha seg ein appelsin. Han viste ikkje at ein ikkje skulle ete skalet og beit i heile appelsina med skal. Eg hugsar endå kva han sa til meg "Æsj, mamma dette er ikkje noko å spise" I etter tid har vi flirt av dette fleire gonger. På denne tida var det ikkje gjær å få. Vi måtte bruke noko anna som erstatning. Vi brukte surdeig- vi sparte deig klumpar og lot dei tørke. Det vart nokre harde svarte klumper av dette. Andre brukte natron, men dette var ikkje særleg godt. Mjølet – Det bakarmjølet vi fekk på rasjoneringskorta våre var ikkje særleg gode, men vi hadde kveite og fekk tilsett det i mjølet. Brøda vi baka av mjølet vart mykje betre enn dei brøda som ikkje hadde fått tilsett kveite. Vi hadde nesten ingen måltid utan grønsaker, det var veldig viktig å ha med. Gulrøter og kålrabi betydde mykje for kosthaldet.

Kleda

- Vi hadde ikkje vaskemaskin på denne tida og det var ofte store klesvaskar. Vi var veldig nøgde på at kleda skulle vere heilt kvit og brukte bleike middel. Vi hadde ei rulle, det var det einaste vi hadde resten gjorde vi for hand. Ein gong eg hadde kleda ute på tørk og alle kleda låg rundt omkring på marka kom det nokre hestar. Fordi hestane våre gikk lause og hadde klart å komme seg ut i frå gjerdet gjekk å tråkka på heile klesvasken.

Ingeborg måtte flire litt, det var ganske morosamt det at hestane hadde gått over kleda, men det var eit forferdeleg arbeid ho fekk etter på. Ho måtte ta heile klesvasken på nytt.

- Maskiner var det lite av på denne tida. Eg hugsar endå kor misunneleg eg var på naboen som hadde tilgang til fryseboks.

Substitutt

Eg fortalde at eg var veldig interessert i å høyre om dei brukte noko form for substitutt, det var jo ikkje alt dei fekk tak i gjennom rasjoneringskorta. Det viste seg at dei ikkje hadde brukt så mykje erstatningar på ting, nokre varer hadde dei erstatta med andre ting, men elles hadde dei ikkje brukt det så mykje. Ho fortel at dei brukte mykje natur produkt.

- Vi planta urte og det hjelpte mot forkjøling. Vi brukte tran. På denne tida vart det oppdaga at ein kunne bruke produkt i frå fjøra til medisin. Etter kvart var det mange som brukte tarekorv og det vart stor produksjon av det. Vi brukte mykje kamfer klutar mot forkjøling. Eg har tru på at dette er eit godt produkt å bruke. Kamfer bruker eg enda.

Så gjekk vi over til neste spørsmål

Fred

- Korleis opplevde du den dagen det vart fred i landet ?

Før ho svara på dette spørsmålet kunne eg skimte eit lite smil av henne. Det var så mykje å fortelje om denne dagen.

- Det var ein verkeleg stor dag, det er litt vanskeleg å forklare kva vi følte det var jo litt vanskeleg å tru at det var fred, men det var fred og det var heilt fantastisk. Alle dei gamle flagga vart heist opp. Ein kunne sjå tog i gatene, alle jubla og var veldig glade. Men sjølv om det var mykje glede var det også ein del hat, eg meiner at det hadde vorte for stor plass for hat. Fleire hata andre norske menneske som hadde vore angjevar under krigen. Når freden kom og vi tenkte tilbake på det forferdelege vi hadde vore gjennom var det ein stor glede å få fred i landet. Men det var ikkje alle som kunne glede seg, det var mange som hadde døydd og dei som var familie eller nær kjente var også fulle av sakn og sorg.

Vi stoppa med dette spørsmålet som ei avrunding på intervjuet. No hadde vi godt gjennom krigen og avslutta med den dagen det vart fred i landet.

 

Tilbake