Intervju med Olga Godø

Kvinner under krigen. Dette var det eg skulle finne ut litt meir om. Derfor intervjua eg Olga Godø, ho hadde sjølv vore med under krigen og hadde mykje å fortelje meg. Vi hadde avtalt tid og bestemt at eg skulle kome heim til henne. I eitt tida på tirsdag for eg heim åt henne. Ho hadde laga i stand eit måltid med kakao. Inne var det varmt, akkurat passe temperatur. Etter å ha prata ei stund starta eg omsider med intervjuet.

- Korleis var det for deg å vite at det var krig i landet ?

- Det var heilt uverkeleg. På denne tida hadde vi ikkje radio eller tv. Ein del hadde vel radio, men oss hadde ikkje det. Uten desse mediane var det vanskeleg å fa tak i informasjon om det som skjer ute i verda. Eg hugsar enda den gongen far min for til Geilane for å hente mjølk men mjølkespann. I geilane var det fleire som samla seg og slo av ein prat, denne gongen var det ikkje noko spesielt god nyheit han fekk. Etter å ha prata ei stund kom han gråtande heim. Eg ser enda heilt klart for meg dette bilete når far min kjem heim, med tårane rennene ned over kinna.

 

Ho stoppa opp, tenkte litt over det ho hadde sagt. Sjå om der var meir ho kunne legge til. Det vart stille ei stund før ho fortsette.

- For meg og mange andre verka det som forsvaret sov. Grunnen til dette var vel at det verka veldig lite usannsynleg at det skulle verte krig i Norge. Vi viste om at det var krig i andre deler av Europa , men på den tida verka dei andre Europeiske landa så langt vekke. I 1941 fekk vi oss radio, då fekk vi lov til å høyre litt meir om kva som skjedde i Norge og i utlandet, men dette varte ikkje lenge. Vi hadde vel radioen i nokre veker og så vart den dratt inn.

Ute skein sola, og den skein rett gjennom vindauget. Olga måtte flytte seg litt vekk for å forhindre den sterke sola i å treffe henne rett i augo. Eg tok meg ein bolle før eg fortsette med spørsmåla.

Kvinnerolla under krigen.

- Eg veit at det var mange menn som måtte reise vekk under krigen. Nokre var med i t.d. konvoifarten og andre gjorde ein innsats på heimfronten. Vart kvinnerolla annleis under krigen, enn det den var når det var fred ?

Detta var ikkje det lettaste spørsmålet å svare på, ho tok tak i kakao koppen før ho starta å prate.

- Eg var rudt 18 år når krigen kom. Kvinnerolla vart ikkje så mykje endra etter mi meining. Det var ikkje så store endringar i vårt samfunn. Alle hjelpte til i heimane. Vi hadde gard så vi måtte arbeide der. På grunn av krigen vart mykje forandra, det vart t.d. vanskelegare å få tak i matvarer. Far og bror min reiste på sjøen for å fiske. Under krigen vart nemleg mykje av kostet fisk.

Ho stoppa ei stund og tenkte litt etter om det var noko ho skulle tilføye. Ho tok seg ein liten matbit før ho fortsette.

- Storesystera mi hadde gifta seg før krigen ho kom heim for å hjelpe til på garden når krigen kom. Eg gjekk på skule i byen. I 1942 kom tyskarane å trengde seg på, ei skulle ha skulen til opphaldsplass. Skulen vart flytta til eit hus dei fekk kjøpe i Langevågen, har vart det mykje teori, grunnen til at det var mykje teori var fordi det var lite av tekstil å få tak i.

Ho stoppa, men ikkje lenge etter kom ho på ei episode med læraren her på Godøy. Ho sette i gang å fortelje.

- Læraren til Ole, bror min arbeidde i motstandsarbeidet. Han heite Jacob Rørvik og gjorde ein stor innsats under krigen. Eg hugsar at han og ein til skulle fare til Vigra for å hente nokon som skulle vere med over til England. Alt var veldig hemmeleg så det var ingen som fekk vite noko om dette. Eg hugsar at når nokon kom for å spørje etter han og spurde kvifor han ikkje arbeidde oppe på skulen, ja for når han var vekke hadde vi ingen som kunne ta seg av elevane. Alle vart einige om at ein skulle seie at ein ikkje viste noko og seie at han var sjuk.. Ein vikar tok over fram til han kom tilbake. Dette er også ein viktig ting som mange kvinner gjorde- det å skjule ting.

Eg leita fram arket med spørsmål på. Ute kom der ein traktor kjørande forbi vindauget.

- Korleis var det å vere kvinne under krigen ?

Ho måtte tenkje litt for å klare å ordleggje seg rett. Det var tydleg at dette var eit vanskeleg spørsmål. Det var ikkje alt som var like lett . Men ho tenkte ikkje så lenge før ho svara på spørsmålet.

- Ja, det var vanskeleg å vere kvinne under krigen. Fleire kvinner reiste vekk i farlege arbeid, som t.d. i saniteten. Nokre kvinner var også med i motstandsrørsla og gjorde det dei kunne for å arbeide mot krigen. Eg hugsar spesielt ei kvinne ho budde i Ålesund. Eg husar at ho fekk brev i faste mellomrom- illegal verksemd. Ingen måtte vite at ho hadde fått noko ein kunne aldri vite om der var nokre angjevar. Eg hugsar endå kor nøyen ho var med det ho gjorde med brevet. Ho las dei fort og brende dei med det samme. Det var også veldig viktig for henne å få det skikkeleg brend. Ho brukte ein pinne som ho rørte med inne i peisen. Tenk om ho vart oppdaga og brevet ikkje var skikkeleg brend, ja det var dei merkelegaste tinga dei kunne gjere for å finne ut at ho var med i denne verksemda.

Medan ho prata viste ho med bevegelsar korleis denne kvinna hadde rørt rundt i peisen, ho flirte litt for seg sjølv. Syntest det var morosamt alt ein gjorde. Sjølv om ein veit at det kunne ende med det verste og at det var grunnen til alt oppstyret berre av eit brev. Det var ikkje ein latter som om det var noko kjekt, men ein latter som forstod korleis ein slik situasjon var.

Etter å ha vist meg og gjort meg forstått om kva det var ho meinte, ville ho fortelje om ein tur ho var på for nokre år sidan. Det var ein tur på 90-talet og turen for til svenske grensa. Ho tok til å fortelje om den.

- Eg hugsar så godt, den gongen vi var på tur til eit museum som under krigen hadde vore ein skule og tollstasjon. Eg hugsar kor verkeleg dei hadde laga til dette museet, det var som om det var under krigen. På denne skulen var der eit loft som dei gøymde flyktningar på. Dei måtte ligge musestille i sengene sine for at dei ungane som var i underetasjen ikkje skulle høyre noko. Sjølv om det var ein person som skulle berre hente noko var det nok til at ein høyrde tramping. Tenk om desse menneska hadde vorte oppdaga, då hadde dei vorte tatt og kanskje sendt til ein konsentrasjonsleir. På denne turen var det laga til dokke, i menneske storleik, desse dokkene låg heilt rolege i sengene sine. I underetasjen var det skule elevar. Og vaske skåla, den var så spesiell. Ein kunne hugse at det var slike vi også brukte.

Olga måtte le litt, det var liksom som ho kjente seg igjen. Alt som dei hadde var noko som ho hadde hatt når det var krig. T.d. den vaske skåla ho fortel om, det var sikkert noko ho også brukte under krigen.

- Korleis var arbeidsforholda for kvinna ?

- Kvinna arbeidde mykje med dei kvardagslege tinga. Fordi det var vanskeleg å få tak i tråd så klippte vi ulla av sauene våre, vaska den godt og spann den. Etter det strikka vi av tråden. Det kunne vere at vi strikka genser eller lestar. Vi vov også ullteppe. 
Kleda – det var ikkje det lettaste. På denne tida hadde vi ikkje vaskemaskin der vi kunne vaske kleda. Det var store klesvaskar og vi måtte bruke fleire timar nede i kjellaren med berre ein klesvask. Dette fordi alt måtte gjerast for hand. Vi var veldig nøyen på at det skulle gjerast skikkeleg. Først måtte vi vaske det så måtte det tørke, strykast og rullast. Sidan bror min og far var ute på sjøen for å fiske måtte vi passe på garden, arbeidde inne i huset med det som ein trong å gjere. I tillegg gjekk eg på skulen og måtte bruke litt tid på det også.


Kvardagslivet

- Under krigen, korleis fekk dykk tak i det dykk trengde ?
- Vi hadde ikkje regnklede eller gummistøvlar under krigen. Slik som på den tida som no regna det mykje. I dei turkleda vi hadde på den tida vart vi veldig våte. Turkleda vi hadde på denne tida var ei heimestrikka genser, tjukke lestar og "røffe sko"

Ho røyste seg opp for å hente eit bilete for å vise kva det var ho meinte. Ein såg at det var stor forskjell på dei kleda og dei kleda vi har i dag.

- Når det var snø hadde vi noko som vi drog over lestane og knytte rundt skorne.

Ho måtte fram på gulvet for å vise kva ho meinte, medan ho forklara korleis dei såg ut stod ho der bøygd og peika.

- Vi slapp i alle fall å verte våte, sa ho og lo. Vi brukte desse for å unngå snø i skorne, det var veldig praktisk.

Ho stoppa litt, måtte flytte litt på stolen fordi sola no hadde skifta retning.

- Det var lite å få tak i. Vi brukte rasjoneringskort og måtte derfor planleggje godt når og kor mykje vi skulle bruke. Dette var eit kort som fortalde kor mykje vi fekk av kvar sort gjennom ein periode. Ofte vart det slik at ein ikkje fekk alt ein hadde rett på heller. 

Mat
- Eg hugsar at vi hadde lite sukker og frukta og bæra aldri vart hausta inn fordi ein ikkje hadde nok sukker til å sukkre dei med. Eg hugsar ein gong ho mor laga saft utan sukker, den var veldig sur og vi drakk ikkje så mykje av den. 
Mjølet – Bakermjølet var veldig dårleg på denne tida. Brøda vi baka av dette mjølet vart tunge og harde. Dei ville ikkje heve grunnen til det var vel at der var noko i dette mjølet, eit stoff som gjorde at brødet ikkje ville heve. Desse brøda var ikkje spesielt gode, men vi måtte berre nøye oss med dette. Men etter kvart som vi fekk sådd kveite blada vi dette inn i mjølet og brøda vart atskillig mykje betre. 
Gjær – Under krigen var det ikkje mogleg å få tak i gjær. Det var nokon som tok bitar av brøddeig og gøymde det til tørk. Ved at deig klumper fekk tørke litt kunne ein bruke det til gjær. Det var også nokon som brukte substituttet humla, det var ei erstatning på gjær. Eg brukte det aldri, men eg trur at den ikkje hadde like god effekt som vanleg gjær. På grunn av at det var lite å få tak i var det laga mykje erstatningar til dei forskjellige tinga. 
T.d. Tysk krem- som var laga av sukker, eggekvite og tyttebær vart også laga med skumma mjølk og rå poteter. Klart det vart ikkje like godt. 
Kaffi var like viktig på denne tida som no, men dette var heller ikkje noko lett å få tak i som alt det andre. Her vart det også laga surrogat som t.d. :
brende erter- som vart malt og blada saman med anna kaffi pulver. Ved å gjere dette varte pulveret lengre fordi det vart større mengde. Sistu- ei anna kaffi erstatning.
Potetkake deig som vi skar opp i fleire terningar. Dette tørka vi og etter på så blanda vi dette inn i kaffipulver. Det var ikkje like godt som vanleg kaffi.

Ho stoppa opp litt, det var så mykje å fortelje at ein nesten ikkje klarte å stoppe. Ho måtte få ta seg ein liten matbit før ho fortsette.

- Far sette ut trollgarn og vi fekk mykje fisk. Vi fanga også fisk som vi ikkje kunne ete. Desse fiskane fekk grisen vår. Vi levde mykje på fisk, det var eit av dei viktigaste kosthalda våre. 
Vi var så heldige og hadde fått oss åker, og dette tydde mykje for oss at vi hadde jordlapp der vi både fekk sådd poteter og kveite. Under krigen var det om og gjere å ha ein jordlapp, på grunn av at ein fekk så lite matvare i butikken. Dei som ikkje hadde jordlapp hjelpte ofte til med dei som hadde slik fekk dei litt mat som var nødvendig. Vi hadde potetåker – av dette laga vi mykje potetkaker, det var godt men ein vart lei av dette. 
Åkeren der vi hadde sådd kveite fekk vi også godt nytte av. Vi blanda t.d. litt av kveita opp i bakermjølet og brøda vart mykje betre. 
Eg har alltid lurt på korleis det måtte vere å bu i ein storby, der fekk ikkje ein same tilboda som t. d på denne øya. Dei måtte klare seg med rasjoneringskorta, og det var ikkje mykje å få berre på dei korta. Men eg veit at der gjekk føre seg ein slags byttehandel. Vist nokon fekk det, skulle dei få det. Svartebørsen er vel det rette ordet å bruke på dette. 
Klede og sko.- Det var vanskeleg å få tak i det ein trengde av klede og sko. Skorne vart laga av fiskeskinn og varte ikkje lenge. Dei var ganske fine i starten men etter kvart vart dei utslitt og øydelagde. Det var veldig få menneske som kjøpte nye klede. Ein gjorde det beste ein kunne for å la kleda vare. Når dei hadde teke til å verte utslitt spretta ein opp kleda og sydde dei på ronga. Mange kjøpte seg stoff og fekk sydd kleda sine hos andre eller sydde dei sjølve. Storesystera mi hadde ei systue i Ålesund, ho var veldig flink med klede og sydde fleire klede til andre menneske.

- Vist ein samanliknar forholda i dag men slik som dei var under krigen ser vi at det har skjedd store forandringar. Eg tykkjer det er rart at vi klarte å kome oss gjennom krigen. Vi hadde ikkje vaskemaskin på denne tida. Vi måtte også mjølke kyrne våre sjølve og fylle mjella på mjølkespann, medan no er det tankbilar. Det er ei stor forandring.

Ho stoppa opp og bad meg forsyne meg, eg hadde vore så opptatt av å få nedskrive det meste ho sa og hadde ikkje fått mykje tid til å ete. Eg tok tak i krusa mi og drakk litt før vi fortsette. Ho kom til å tenkje på noko i det eg sette frå meg krusa.

- For ikkje så lenge sidan var eg på tur i skogen. Eg bruker å ta meg slike turar om dagen. På denne turen kom det eit fly. Fly duren gjorde slik at eg kom til å tenkje på bombeflya. Ja, du har vel høyrd at Vigra radiostasjon vart ned bomba. De var forferdeleg trist. 
Ein anna hending som eg hugsar veldig godt var ein gong eg og systera mi var på kyrkjegarden. Grunnen til at eg hugser denne hendinga så godt er fordi eg sjølv opplevde henne. Det vert noko heilt anna når ein opplever det enn når ein berre høyre om det. Det starta med at det kom eit jagarfly over egga, flyet suste over oss. Det vi ikkje hadde fått med oss var at det hadde kome ein båt opp i Strankleiv fjøra.

Ho stoppa opp med å fortelje, og prøvde å leite etter namnet på båten. Ho mumla litt for seg sjølv og fortalde etter kvart at båten heitte "Tampa"

- "Tampa" var lasta med kol og var tysk tjeneste. Dei kom og trengde seg på. Dei tok budstad i eit hus i Strankleiv, dei som budde der mått berre godta det. Minstejenta…..Ho fekk ikkje fullført for di ho byrja og flire.

- Minstejenta var rasande på dei tyske som hadde kome og trengd seg på. No kom dei til å trampe på det nye stove gulvet. Dei kom til å lage stygge merke i det. No som det var tyskarar på øya kom det til å vere stor fare for at det vart skyting. "Vi låg midt i skudd linja" Fleire gonger fekk vi beskjed om å evakuere oss, det som var rart var at ikkje ei einaste rute vart knust under skytinga. Seinare kom tyskarane og tok budstad på gamle skulen. Under alt dette oppstyret låg bestemor sjuk til sengs og det var eit styr å flytte på henne hit og dit. 

Fred

- 8. mai 1945 kom freden, korleis opplevde du denne dagen ?

- Det var ein heilt spesiell dag. Opplevinga av at vi no var eit fritt land var fantastisk, heilt ubeskriveleg. Eg var på Valderøy denne dagen, svogeren min vart gravleggjast denne dagen. Derfor hadde eg ei blanda kjensle av stor jubel og djup sorg. Alle flagga vart heist opp og vi kunne høyre jubel i gatene. Det var litt merkeleg ein kunne nesten ikkje tru at det vart fred utan kamp. Same dag som det vart fred samla vi oss på bedehuset. Framme ved alteret var der ein radio som vi lytta til. Vi var samla i takk og lovsong. Under krigen hadde vi følt det som eit åk over oss som vi ikkje kunne ta vekk, men når freden kom var det som om vi vart fri frå dette åket. Tenk at Hitler plukka ut soldater heilt ned i 12-13 års alderen. Vi veit at når krigen starta kom båten "Blücher" innover Oslo fjorden. Det var Johan Godøy som gav beskjed om at vi skulle skyte ned skipet. Fleire menneskeliv gjekk tapt, men om ikkje Oscarsborg hadde skote hadde kongen vorte tatt til fange.

Ho stoppa litt opp eg kunne sjå at ho smilte litt til meg.

- Eg har sjølv opplevd å vere i krig, og eg veit korleis det er. Tenk på dei landa som har krig no. Tenk på barna, korleis har dei det.

Vi stoppa der og tenkte begge over det siste ho hadde sagt. Det var som om den enda hang i lufta. Ville at vi skulle tenke på dei menneska som lidde i krig. Eg pakka sakene, syntest eg hadde fått svar på det eg ville og røyste meg frå bordet og eg tok på meg ytterjakka og for. Det var mange tenk i det siste ho hadde sagt. Og medan eg for heim, klarte eg aldri å slutte å tenke på det "Tenk..."

Tilbake