Kvinner under krigen.

For å løyse denne oppgåva valde eg å intervjue to personar her på Godøya som har opplevd krigen. Olga Godø og Ingeborg Tunheim.

Dei hadde ulike bakgrunner då krigen starta. Ingeborg var nygift og venta barn, medan Olga enda gjekk på høgskulen. Dei fortel korleis det var å vere kvinne under krigen. Dei hadde ein del ulike meiningar, men dei svarte også mykje likt på spørsmåla eg spurde.

Arbeidsforholda for kvinna.

  • Både Olga og Ingeborg fortalde at kvinna arbeidde mykje heime, innandørs. Dei arbeidde på garden og gjorde dei kvardagslege tinga. Det som var nødvendig for å komme seg gjennom ein dag. Alt i frå å lage mat og det med å vaske. Dei fortel begge om alle timane dei brukar i kjellaren på å vaske klede.
  • Matbruk- Begge personane eg intervju budde på ein gard. Dei fortel at med det samme det vart krig starta dei raskt med matauke. På grunn av rasjoneringskorta var det ikkje alltid like lett å få tak i det dei trengde. Mange måtte bruke andre ting som erstatning på noko anna. T.d. Kaffi- her var det fleire ulike substitutt dei fortel at dei brukte.
  • Klede - Det var ikkje mange som kjøpte seg nye klede, dei fleste kjøpte seg stoff og fekk sydd seg klede. Andre snudde klede på ronga og sydde dei på nytt med innsida ut.

Nære som reiste vekk.

  • Olga Godø hadde ingen av sine nære som reiste vekk, ein og anna dag var far og bror hennar ute på sjøen.

Medan Ingeborg fortel om svigerbror Peter som reiste ned til dødskonvoi nede i Middelhavet. Mann hennar vart ofte ute og fiska, så Ingeborg vende seg til å vere heime åleine ein god tid av krigsåra. Fleire dagar uten Lars til stades gjorde at ho vart sjølvstendig. Ho hadde eit enormt stort kulturliv og saman med andre kvinner hadde ho det mykje sosialt. Dei hadde kvinne foreining kvar torsdag under krigen.

Lengsel.

I songen "Ja, vi elsker dette landet" i strofe to syng vi :

Alt hva fedrene har kjempet, Mødrene har grett, Har den Herre stille lemper, Så vi vant vår rett.

Fleire familie medlemmer og andre kjente reiste vekk. Mange arbeidde i motstandsarbeid, medan mødrene var heime og jobba med det som trengst i heimen. "Mødrene har grett" – Det var ikkje berre lett å vere kvinne under krigen. Det var mykje angst. Dei var redde for å miste sine kjente. Nokre døydde, slik som Ingeborg fortel:

-Alle kunne ikkje glede seg over den freden vi hadde fått, nokre hadde mista sine kjære og var fulle av sorg.

Ingeborg Tunheim skreiv dikt og ho gjer det enda. Ho har skrive eit dikt om akkurat dette : "Kvinna og krigen"

Kvinna og krigen

Svarte greiner spriker
mot sytunge himmel
Siste stripe av sol
søkk i hav

Gråt kvinne
medan du voggar 
ditt barn
inn i ein vonlaus natt.

Dette diktet skreiv ho etter krigen i 1947. Ein ser med ein gong kva diktet handlar om. Det var ikkje tvil om at det har vore ei vanskeleg tid under krigen, men ho fortel i intervjuet at det var ei slags ro over tida.

Ingeborg Tunheim fekk to barn under krigen og var spent på korleis oppveksten for barna hennar skulle verte. Ho fortel om bøn, som var til hjelp for henne. Det var ei tung tid for alle i Norge, men ved at alle stod saman og støtta kvarandre kom dei seg i gjennom krigen.

Tilbake