|
rasjoneringskort
|
|
|
|
Under krigen vart rasjoneringskort veldig viktig. Alle måtte ha eit rasjoneringskort dersom dei ønskte å kjøpe seg noko butikk varer. Det var begrensa antall for kva ein fekk lov til å kjøpe av varer. Etter eg hadde intervjua Olga Godø og Ingeborg Tunheim fortel dei at rasjoneringskort var noko alle hadde. Det var ikkje så veldig mykje dei fekk på desse korta. Slik som Olga Godø fortel "Ofte får vi ikkje alt vi har krav på". Grunnen til at Norge måtte halde på med dette var for å fordele det ein hadde i landet nok så likt. Tenk om alle skulle få kjøpe seg det dei ville, då ville Norge gått tom for varer, og ikkje hatt fleire varer å selje. Nokre personar hadde sikkert då fått rikeleg medan andre kanskje ikkje hadde fått noko i det heile tatt. Etter å ha prata litt med Ingeborg og Lars Tunheim fortel dei at det var ikkje all mat som var bra. Dei fortel at bakermjølet gjorde at ein vart dårleg i magen. Fleire vart sjuke av dette mjølet. Lars fortel at barn som var veldig sjuke måtte undersøkast for så å få litt kveitemjøl, men ein måtte vere veldig nøysam på at det var ingen som lurte seg til å få kveite. Derfor putta dei ein slange ned i magen for å undersøke om barnet verkeleg var dårleg i magen. Var det slik at barnet var sjuk, fekk ein litt kveite som ein kunne erstatte bakermjølet med. Ved å få litt kveite i bakermjølet vart det mykje betre. Etter å ha intervjua desse to fann eg ut at det var fordel å bu på ei øy der det var tilgang til jord.Olga Godø og Ingeborg Tunheim var einige i dette. Dei hadde begge kveite- og potet åker. Ved at ein fekk anna mat i tillegg til det ein fekk på rasjoneringskorta var veldig bra. "Tenk på dei personane som budde i byane, tenk på dei som måtte klare seg med det dei fekk på rasjoneringskorta. " Fortel Olga Godø. |