Slaget

21. august 1942 hadde den 6. Armé skreve i rapporten sin: "Vi nærmar oss Volga og Stalingrad med stormskritt". Spionfly sveva over fienden for å finne når og kvar dei ville angripe først. Stalingrad var ein smal by som var 40 km lang og 4 km brei. Terrenget mellom elva Don som ligg vest for Stalingrad og byen var tørt og hardt. Noko som gjorde at det var enkelt for tanksane å komme seg fram.

Trykk på bilete får å få det i eit større format 

Hitler hadde no nådd til ei psykologisk grense. General Warlimont som hadde sett Hitler i gode og onde dagar, kjende han ikkje igjen no. Han var sjokkert over Hitlers stirrande blikk av brennande hat, og tenkte "denne mannen har tapt ansikt" – Hitler hadde då skjønt at dette spelet om Sovjet eigentlig var over. Han visste at dei Sovjet aldri kunne falle i dette andre fatale forsøket. Allereie då hadde Hitler gjort ei taktisk tabbe. Han var no så sikker på at han tapte at han i dei seinare slaga ikkje klarde å tenke reint taktisk som han hadde gjort før.

Tyskarane var no klare til å storme Stalingrad, og det mest tragiske slaget gjennom historia hadde no byrja. Russarane på den andre sida klynga seg rundt kvar einaste bygning, og gjorde seg klar til dette fatale slaget.

Det heile starta med eit massivt angrep frå Luftwaffe som kom med ca. 600 fly, og bomba byen. Dette drepte ca. 40.000 sivile og øydela mesteparten av byen. Til saman vart det sleppt 1000 tonn bomber over Stalingrad den dagen. Omlag 600.000 menneskjer var i Stalingrad. Grunnen til at det var så mange sivile i byen var at Volga, som var den einaste fluktmuligheita var okkupert av forsyningsflåtar. Same dagen kom den 6. Arme til Stalingrad. Dei første angrepa mot Armén vart gjort av enkelte soldatar og arbeidarar på ein fabrikk. Då den 6. Armé gjekk inn i byen, og fann ruinane etter flyangrepa, vart dei overraska over å finne mange overlevande soldatar i byen. Fleire små slag braut fram snart etterpå

Den 6. Armé møtte voldsam motstand ikkje berre frå dei fastsette soldatane og av panserarméane, men også frå dei patriotiske sivilistane også. Tyskarane møtte motstand på bakken, men luftwaffe støtta soldatane opp, å var klart den største fienden til den røde armé. ein russisk soldat skreiv i dagboka si frå byrjinga av desember: "Det er ikkje ein dag vi hører ein separert skudd, bombene frå luftwaffe og kulene frå automatvåpen blir som eit konstant brøl" Tyskarane var fulle av sjølvtillit. "Kampane har vert harde" skreiv ein tysk soldat heim til familien, "men i følgje generalane vil vi Stalingrad om noen få dagar"

                                           

Tyskarane sin kommunikasjon mellom soldatar, tanks og fly var gode, særleg når dei brukte rakettar. Dei kunne lese av nøyaktige koordinatar der dei ville ha bombing. Med dette hadde Tyskland eit bra overtak. Den beste tida hadde Tyskland 80% av byen, Den 6. Armé hadde faktisk tatt kontroll over mesteparten av byen. Tysk presse var opptatt av dette, og dei trygla om å få skrive "Stalingrad gefallen!" for dette var godt stoff. Tyskarane kjøpte aviser for å få den siste oppdatering om korleis det gjekk i Stalingrad. Von Paulus sitt hovudkvarter hadde rapportert over radio at "stridsflagget til Das Reich vaier over Stalingrad." Generald Goebbels byrja å bli bekymra over korleis den tyske presse forma begivenheita, seinare fekk redaktørane ordre om å skrive kor harde kampane var. Von Paulus følte eit enormt press, denne måten pressa beskreiv slaget gjorde han stressa frå morgon til kveld. Det at han ikkje hadde tatt Stalingrad gjorde han nervøs. Hitler hadde før slaget kome med dette sitatet "med Von Paulus og hans 6. Armé kunne han storme himmelen" Men kvifor falt då ikkje Stalingrad? Presset på den andre sida vart etterkvart stort. Ville denne byen falle blei det ein symbolsk tap som hadde fått Sovjet til å falle sammen!

Sjukov som leia den russiske 62. Armé vart sendt ned til Stalingrad for å hjelpe. Sjukov var noko av eit særsyn. Dette var ein general som ikkje nølte med å vere usamd med sjefane sine. Han vart tidlegare degradert til nestkommanderende i den 64. Armé. Då tyskarane nærma seg byen blei han på ny forfremma av general Krusjov, som var politisk kommissær og Stalins sendebod med ansvaret for byen og gav han ansvaret for den 62. Armé. Dette var ein av dei beste og dei viktigaste forfremmelsane under krigen. Sjukov var glad i sine menn, og dei var glad i han. Han kjempa med dei i ruinene, lo med dei og gjekk aldri i frå dei. Han inspirerte den 62. Armé til å gjere heltegjerningar. Han fekk knapt nok forsterkningar.  Luftwaffe bomba byen, men ikkje soldatane. Han visste akurat kor luftwaffe ville bombe.

Sjølv om den 62. Armê klarde seg bra, var ikkje dette nok. Sitvasjonen var no kritisk for den røde armé. Dei russiske angrepa på dette tidspunktet var bortkasta, men det var ikkje tvil om at russearene var fast bestemt på å forsvare Stalingrad, men i dette øyeblikket såg Russlands framtid ut til å være i livsfare.

"Vi sender våre soldatar i døden" skulle Sjukov ha sagt under eit møte med Khrutsjov. Sjukov vart no ny hærsjef i Stalingrad, og under beleiringa hadde han no funne på ein ny måte å krige på som hadde alt å seie for slaget. Sjukov bestemde seg for at soldatane skulle prøve å komme i nærkamp med tyskarane. Han viste godt at Hitler hadde prøvd å unngå gatekampar. Han, som resten av den 6. Armé likte ikkje nærkamp med desse kampvillige russiske soldatane. Khrutsjov likte ideen til Sjukov, og under same møte sa Khrutsjov til han: "Som ny hærsjef, korleis tolkar du ditt oppdrag om slaget om Stalingrad?" Då svarte han: "Vi skal forsvare byen eller dø mens vi gjør det" Khrutsjov såg på han ei stund, og forsto at han tok oppdraget korrekt. Etter at Sjukov vart ny hær sjef tok slaget ei ny retning, dette vart kalla "Sjukovs felle".

"Vi skulle komme fienden så nær som mulig, så hans flyvåpen ikkje kunne bombe våre fremste enheter eller skyttergraver. Kvar tysk soldat skulle føle at han levde fram føre munningen av ei kanon"

I staden for å storme Stalingrad, som var som å storme i døden, skulle først og fremst den 62. Armé spreie seg ut over byen, snike seg inn i bygningar og ta tyskarane bakfrå. I nærkampane blei det ofte brukt bajonett og kniv. Tyskarane var redde, og dei opna ild med sine automatvåpen frå over ein kilometers avstand, når Kulene hadde ikkje eingang halve rekkevidda. Dei skaut enkelt og greit for å halde motet oppe. Nokre kasta seg ned, noko som ofte førte til misforståelsar.

19. November vart den russiske operasjonen med namn "Uranus" sett i gang. Formålet med dette var sakte men sikkert å ombringe den 6. Armé, å øydelegge hovudkvarteret til tyskarane som låg i Golumbinskij. Her på kartet kan du sjå korleis den røde armé ombringa den 6. Armé.

Trykk på bilete for å få sjå planen for "operasjon uranus"

Det starta med at hovudkvarteret fekk beskjed frå løytnant Stock at ein russisk soldat var teken til fange, og han hadde etter lang tid sagt at motangrepet ville starte kl. 05.00 den dagen. Men det var ikkje teikn på noko angrep. Tåka var enormt tjukk, men det dei ikkje viste var at i den tjukke tåka kraup det mengder av russiske soldatar som gjennom heile natta hadde ålt seg fram. Russarane fekk kodeordet "sirene" som betydde at dei skulle gjere seg klare til å angripe. Presist kl. 07.20 ladda dei russiske soldatane sine våpen. Men tåka vart ikkje berre eit problem for tyskarane, også for russarane som ikkje såg noko. Sjukov ville stoppe operasjonen no eller aldri. Dei andre generalane meinte at dei hadde eit perfekt utgangspungt å anbefalte at dei gjekk vidare, og slik blei det. Klarsignalet blei gitt av trompeter som var godt hørelege blant dei rumenske troppene som skulle forsvare. Dei første salvene lød som torden i den tjukke tåka, og dei rundt 3.500 kanonane skaut rett ut i tåka som var ugjennomtrengeleg. Men sidan dei hadde stilt inn kanonane frå før, blei skudda fortsatt nøyaktige. Dei soldatane på don og Stalingradfronten høyrde bombene i det fjerne. Slaget gjekk vidare, den 6. armé sitt hovudkvarter var enda ikkje nådd. Klokka var no 17.00 og dei flest tyske generalane måtte kun gjette seg fram til kvar denne operasjonen skulle ende. Dei håpa inderleg at dei ikkje nådde jernbanene som var viktig for transporten av alt dei trengte. Men generalane kunne ikkje forestille seg at russerane var på god vei til å omringe dei. Von Paulus såg den vanskelege situasjonen, og rapporterte at det var viktigare å hjelpe dei gjenverande tyske troppane som kjempa. Von Paulus vart nå stressa, og han følte på at den einaste Sjans dei hadde var å stoppe all kriging i Stalingrad. Trekke seg ut, for å så hjelpe dei tyske front forsvararane. Og slik vart det. Heile den 6. Arme trekkte seg ut av Stalingrad, men sidan dette motangrepet var så overraskande gjekk det seint. Den 62. Armé som var igjen i Stalingrad satte i gang eit offensivt angrep slik at dei ikkje fekk komme seg ut. Dei sat no i ei felle, og Von Paulus såg at dette vart umulig. 22. november spreidde nyheta seg fort gjennom den 6. Armé, "vi er i ferd med å bli ombringa!" Den røde armé kravde at Tyskland kapitulerte, men General Lascar som fekk ordren, aviste med denne setninga "Vi skal fortsette å kjempe utan tanke på overgiving!" den 6. Armé var nå innestengt mellom dei to elvene Don og Volga.

                                                                   Tyske og russiske soldatar i kamp.               

Tida gjekk, i dei første ukene i januar var det stille ved fronten ute på steppene. Den einaste tendensen til krig var smella av snikskyttargeværa og noen tilfeldige maskinværesalver. I den tyske leiren var stemninga dyster. Brødrasjonene var nå kutta ned til 75 gram, drivstoffa til bilane tok slutt og hestane som drog rasjonskjerrene blei utmatta av det harde kjøret. Dei måtte byrje å slakta hestane sine for å få mat til å overleve. Dei visste alle at dei måtte møte det trulige sovjetiske angrepet svekka av svolt, sjukdom og med lite ammunisjon. Om natta drømde soldatane om nye matforsyningar og forsterkningar. Gøring lovde at han skulle ordne ei luftbru som skulle forsyne dei frå lufta, dette skjedde, men forsyningane gjekk for sakte. I kulda starta "byrjinga på slutten" av den 6. Armé. I leirane til den røde armé var stemninga betre, dei hadde fått meldinga om at operasjonen vart vellykka, og at den 6. Armé hadde problem med forsyninger. Men triumfen mildna ikkje den røde armé si holdning til fienden. "Eg har det betre no som vi har byrja å drepe tyskarane" skreiv ein soldat heim til sin kone. Det var nå dei byrja å ta igjen mot slaga. Den 62. Armé kunne endå ikkje tru at dei hadde kome til eit vendepunkt.

Tidleg 10. januar 1943 starta russernes "operasjon ring" formålet var å skape ein ring rundt den 6. Armé, og ombringe dei totalt. Dette var fortsettelsen på "operasjon uranus". Det meste av den Sovjetiske innsatsen blei konsentrert med framrykking i vest. No starta den endelege nedkjempinga av den 6. Armé. Når vi tar i betraktning 6. Armé sin fysiske og materielle svakheit, var motstanden dei ytte forbløffande – det visast på antal drepte russarar dei første tre dagane. 26.000 av den røde armé vart drepne oppe på don fonten. Dei sovjetiske sjefane gjorde ikkje mykje for å redusere tapa av menneskeliv. Den røde armé sine offiserar og soldatar, vart brennande sinte når dei fekk høyre om tapa. Sinne gjekk ut over nokre av dei tyske fangane som blei skutt på staden.

Forsyningane i hovudkvarteret var så å seie slutt. Fleire av generalane hadde ikkje ete på 3 dagar. Innerst inn visste soldatane av den 6. Armé at ein overgiving kom snart. Den enorme jobben med å ta til fange tyske soldatar vart sett i gang. "Vi tar så mange soldatar at vi har problem med å få kontroll over alle når vi sender dei tilbake til fangeleirane", skreiv ein soldat av den røde armé heim til familien sin. Fleire av tyskarane var så utmagra og kalde at dei ikkje gjorde motstand når dei russiske soldatane kom. Datoen var 22. januar. Kvar gong eit fly av luftwaffe flaug over slagmarka, stoppa skytinga frå dei tyske bunkerane opp. Dei såg og lengta etter å få seg ut av dette. Sjukehusa i Stalingrad var overfulle og kjellarane var fulle av sårede. Stønning, rop om hjelp og bønner fylte rommet". Lukten av røyk, blod og opne sår blei til ei lammande lukt som var grusom.

Dei første offiserane byrja å overgi seg. Og tanken på eit tysk motangrep vart lagt i grus. Den tyske posisjonen var håplaus, imenst ein kritisk rømmingsplan vart planlagd fraus dei tyske soldatane i hjel. I januar oppfordra russarane Tyskland om å overgi seg, Hitler gav Von Paulus ordre om å avslå og gjorde han til feltmarsjall, dette var på grunn av at det aldri i tysk historie ein feltmarsjall som hadde overgitt seg i eit slag.

"ikkje tell dagar, ikkje tell killometer. Tell berre kor mange tyskerar du har drept. Drep tyskerane – slik lyder din mors bønn. Drep tyskerene – slik lyder din russiske jord. Du må ikkje vakle. Du må ikkje stanse. Drep!

Den 6. Armé bestod av 330.000 soldatar. I tillegg hadde Tyskland 3300 tanks, menst Sovjet hadde 20,000 som gav dei ein fordel sjølv om mange av deira tanks var enklare bygd. Den røde armé var på omlag 11 millionar offiserar og menn. Men problemet for den raude armé var at dei ikkje hadde våpen til alle.

Den tyske posisjonen var håplaus, imenst ein kritisk rømmingsplan vart planlagd fraus dei tyske soldatane i hjel. I januar oppfordra russarane Tyskland om å overgi seg, Hitler gidde Paulus ordre om å ikkje overgi seg, på slutten av januar  prøvde general Mannstein som den gongen hadde kommandoen for armégruppe B å befri Von Paulus ved å angripe russarane frå vest. Ingenting skjedde, planen braut saman.

Om morgonen 2. februar la tåka tjukk over Stalingrad, vinden pisket opp snøen i små tornadoar. Dette var datoen då Tyskland kapitulerte i Sovjet. Etter kvart som nyheiteten spreidde seg blant dei gjennverande soldatane i den røde armé blei signalbuss sendt opp som eit fyrverkeri. Nye forsyningar kom over den frosne Volga med mat og tobakk. Dei sivile som hadde vært innesperra i kjellarar og groper kunne endelig komme opp å feire seiaren med soldatane.

"Synet av signalbuss over Stalingrad, mens rekker av tyske fangar vandra med hovudet på skakk gjennom byen var inderleg god" skreiv ein soldat frå den 62. Armé i dagboka si den dagen.

70 00 tyskarar var døde ved Stalingrad. Russarane tok 91.000 fangar, deriblant 24 tyske generalar. 1 million russarar var døde. Det tyske nederlaget i Stalingrad var ein katastrofe, for fyrste gong viste det seg at Tyskarane kunne bli slått ute i felten. Det var ikkje snakk om eit dristig vågespill, her blei tyskarane slått i sitt eige spill. Russarane ombringa tyskarane akkurat som tyskarane tidligare hadde ombringa dei. Tyskarane som hadde fått tilnamnet landkrigernes herrar, hadde blitt slått. Dei Hitler kalla for sine undermenneskjer hadde nå blitt hans overmenn. Russaranes eineståande kampvilje seira, Dette var det fyrste store vendepunktet. Og Tyskland men Hitlers lebensdraum i spissen hadde tapt den uovervinlege 6. armé som betydde mykje for den tyske hær.