Forspelet
Slaget ved Stalingrad var mellom dei Tyske nazikreftene og den russiske armè. Slaget var frå august 1942 til februar 1943. Dette vart det største og det avgjerande vendepunktet i 2. verdskrig. I byrjinga hadde Hitler konsentrert seg om Moskva og Leningrad, men det vart eit taktisk feilspill av Hitler. Han splitta opp hæren for å angripe Leningrad til nord, Og Kaukasus i tillegg til Moskva. Hæren gjekk i oppløysning, og Hitler tapte. Dette var kalla operasjon barbarbossa. Med dette sviktande angrepet ville Hitler i motsetning til sine generalar angripe det sørlige Russland, Stalingrad.
Tyskland og Sovjet laga ein "ikkje-angreps-pakt" Dette gjorde det mogleg for Hitler å angripe Polen utan å risikere ein tofrontskrig. I april 1940 okkuperte Tyskland Danmark og Noreg, som var dårleg utrusta mot krig. I mai 1940 angrep tyskarane Belgia og Nederland. Deretter angrep dei overraskande Frankrike ved å gå gjennom Ardennane i Luxemburg. I disse angrepa brukte Tyskland en ny måte å føre krig på, nemleg "blitzkrig" som tyder "lynkrig" på norsk. dette var eit konsentrert på kraftige angrep og hurtig framrykking. Tyskland la under seg søraust- Europa, og Storbritannia stod aleine i kampen mot Tyskland.
Hitler hadde planer om å angripe Kaukasus, som er ein fjellkjede litt sør for Stalingrad, der russarane pumpa opp olje. Dersom han hadde gjort det, hadde han tatt oljen frå russarane, og då gjort det umogleg for russarane å gjennomføre eit stort angrep. Men dette gjorde han ikkje fordi han var redd at russarane ville beskytte og forsvare denne byen for einkvar pris, heilt til døden. Han trudde også at dei ville bruke byen som ein base for angrep mot flankane hans i Kaukasus. Hitler sin logikk heldt ikkje. Dersom han hadde angrepet Kaukasus, og dermed tatt oljen, ville det ha ført til store problem for krigsindustrien i Russland. Denne operasjonen vart kalla "operasjon blå" I ettertid ser ein at berre dette lille angrepet kunne ha forandra heile det kommande slaget.
Stalin visste at Sovietunionen stod for tur, han visste godt at Hitler ikkje heldt avtalen med å ikkje angripe. Han utnytta tida til å bygge opp ei krigsmaskin som skulle stå imot den 6.Arme. Sovjet var heldige, dei hadde kun éin fiende å frykte. Tyskland og Hitler derimot, kjende press frå fleire kantar.
Og når han gjekk inn i Sovjet gjorde han ei tabbe, han kjempa på fleire frontar samstundes.
Sovjet hadde tid og pengar til å bygge opp ein hær, men mykje av hæren blei drept under vinterkrigen mot Finland som var i november 1939. Krigen varte i omlag 4 månader, og det enda med at Finnland måtte gi gi opp kampen mot russarane. Sovjet gjorde ikkje nokon taktisk kamp her. Finnane med den hæren dei hadde tok mange russarar med sine gerijataktikker. Det vil seie at dei samla seg saman, og gjennomførte ein raskt og overaskande angrep. Men til slutt vart det for mange soldatar for finnane.

Stalin var som Hitler i Tyskland, ein diktator. Det vil seie at han har all makt i landet. Fleire av offiserane og generalane likte ikkje Stalins måte å styre på, og la planer om å drepe han. Stalin fekk høyre om planane, og vart redd. Dette galdt ikkje alle generalane, men for å vere på den sikre sida, henretta Stalin alle dei øverste leiarane i forsvaret, denne tida vart kalla "Moskva prossesene". Han måtte no skaffe seg nye leiarar, noko som tok tid. Dette skapte mykje uro i hæren.
Det var uro på den tyske sida og. Hitler avsette fleire av generalane, vesentleg fordi dei fortalte han ting om Stalingrad som han ikkje likte og høyre. Dei fortalte han f.eks. At den tyske linja var farleg forlenga på grunn av fremrykningane mot Stalingrad. Dei sa at sambandslinjene mellom den 6. Armé rundt Stalingrad og den reduserte armégruppa i Kaukasus var svært tynn. Hitler ønskte ikkje å høyre denne type nyheiter. Hitler flytta hovudkontoret frå aust – Preussen til Vinnitzia i Ukraina for å kunne dirigere slaget i detalj.
Hitler ville vesentleg ha byen fordi Stalingrad var eit industrielt hovudsentrum. og ein annan viktig grunn var at den låg ved Volga som var Russlands viktigaste hovedkommunikasjonsår, og var klart med på å styre kommunikasjonsnettet i sør-Russland. Og sist men ikkje minst, denne byen var ikkje Moskva og heller ikkje Kursk, det var Stalin-grad, meir eit symbol enn ein by. Dersom denne byen ville falle, ville heile Sovjet bryte saman. Dette visste dei russiske lederane, dei ville forsvare byen for einkvar pris. Denne byen vart det viktigaste for russarane, og det viktigaste for tyskarane.