Utfallet

Stalingrad låg igjen som ein ruin haug. Toga var utbomba og låg opp ned som døde hestar. 3,500 sivile var satt til jobbane med å rydde døde lik ut av byen. Men i same stund sigra den raude armé over det overveldane slaget. Rundt 10.000 sivile hadde overlevd i ruinane i Stalingrad. Dette vart sjølvsagt ein lykkeleg dag for dei som overlevde, men tanken på alle dei døde hang også i hovudet. Rundt 1 million soldatar vart drepne, men det var den gongen betre å tape soldatar enn å la nazismen ta over Sovjet. Tyskland fekk heller ikkje tak i oljen i Kaukasus som dei trengte. Dei neste store vendepunkta var ved den vesle byen El Alamein som ligg 120 km vest frå Alexandria. Den tyske hæren, leia av Erwin Rommel, som også vart kalla ørkenreven tapte dette store slaget. Det tredje var slaget ved Midway.

I november 1943, ca eit år etter Operasjon Uranus starta flaug eit transportfly over Stalingrad. Inne i flyet sat nokre sovjetiske diplomatar, dei var på veg frå Moskva til Theheran. Då flyet flaug over Stalingrad trykte dei seg mot vindauget. Først såg dei eit hus som var sprengt i små deler, kun deler av grunnmuren sto igjen. ”Deretter byrja eit slaks ubegripeleg kaos” fortalte den eine passasjeren. Hauger av steinmasser og deler av murar stod igjen, stilla la seg inn i flyet. Dei forestilte seg kampane og den grusome tida inne i denne byen. Men likevel var det teikn på liv, nokre få menneske traska i snøen, du kunne og sjå påbegynte hus.

For det tyske fangane som var tatt vad Stalingrad, var framtida dyster. Nokre drømde framleis om det store motangrepet som skulle befri dei, dei innbilte seg om natta at dei kunne høyre smella frå ein framrykkande tysk armé. Men dette vart kun draumar. Tyskland hadde nokk med å forsvare seg sjølv no, etter nedturen ved Stalingrad og El Alamein vart det klart at Tyskland sleit. Seinare kom også kappløpet mot Berlin som vart teiknet på at det tredje riket hadde falt. 8. April 1945 kapitulerte Tyskland. Dei russiske soldatane som kjempa i Stalingrad vil alltid bli huska som store heltar. Under heile den kritiske tida kjempa dei for fred og fridom. Hadde ikkje dette slaget gått slik som det gjor, hadde utviklinga i krigen gått i ein heilt annan vei.