| Guadalcanal
USA bestemte
seg i 1942 for å rydde japanarane vekk frå Salomon-øyane.
Dette var noko dei allierte var einige om. Angrepet vart kalla ”Operation
watchtower” Viseadmiral Ghormley skulle leie angrepa på
Salomon-øyane. 7 August 1942 vart dei første amerikanske
marinesoldatane satt i land på Guadalcanal.

I starten møtte dei lite motstand. Men den japanske flåta
pressa dei amerikanske slagskipa og hangarskipa vekk frå øyane.
Dermed fekk ikkje marinesoldatane verken støtte frå sjøen
eller frå lufta. Etter nokre veker hadde soldatane laga ei flystripe
på øya som dei kalla "Henderson Field". No vart
motstanden straks hardare. Japanarane kjempa tappert og nekta å
overgi seg. Dei amerikanske angrepa vart slått hardt tilbake. Jungelen
på øya var tett og vanskeleg for amerikanarane å komme
igjennom. Japanarane derimot hadde ikkje problem med den tette vegetasjonen.
Dei amerikanske soldatane drepte ein gong ei heil japansk styrke som haldt
til i ein dal. Dette var fordi dei nekta å overgi seg. Med transportskip
fekk japanarane på Guadalcanal forsterkningar heile tida. Amerikanarane
slo tilbake eit lite angrep 21.August og seinare eit større angrep
23.August.
Japanarane greidde å få i land heile 6000 mann tidleg i
September. I slutten av Oktober prøvde dei å slå tilbake
amerikanarane med eit stort angrep, men dei misslukkast. Ein japansk
konvoi med 10000 soldatar vart senka av amerikanske slagskip utanfor
Guadalcanal. Berre 4000 av desse soldatane kom seg i land. I byrjinga
av 1943 starta japanarane å evakuere frå Guadalcanal.

13000 japanske soldatar vart evakuert i Januar og Februar.
Dei allierte hadde no nesten full kontroll over Salomon-øyane.
Med ein base på Guadalcanal og passe kontroll over Papua var Rabaul,
var den sterke japanske basen på øya New Britain, dei allierte
sitt neste mål.
Admiral Yamamoto skulle 23 April 1943 ut på ei inspeksjonsreise
for å inspisere dei japanske basane. Dette fekk amerikanarane
vete og sendte ut atten P-38 jagerfly. Kaptein T.G. Lamphier skaut
ned flyet hans og det styrta i jungelen. Med dette var den største
japanske krigsherren død.
|