Startside
Pearl Harbor
Slaget ved Midway
Iwo Jima
Guadalcanal
Kjelder
|
Pearl
Harbor
Eg vil begynne
med det som drog USA inn i 2. verdskrig og som starta stillehavskrigen,
nemleg angrepet på Pearl Harbor.
Pearl harbor var ein amerikansk flåtebase på Hawaii.

16.
oktober 1941 gjekk den japanske statsministeren, prins Fumimaro
Konoye,
av og den meir krigerske
general Hideki Tojo tok over makta.
Regjeringa til Tojo stilte fleire krav til USA som dei gav dei ein
frist til 29. November å imøtekomme. Den japanske flåta
som bestod av hangarskip låg godt gøymd på ein hemmeleg
møteplass i Tankan-bukta i Kurilane. Sjølv om amerikanske
kode-ekspertar hadde høyrt meldingar om eit angrep over radioen
kom angrepet på Pearl Harbor svært overraskande. Amerikanarane
visste nemleg kor tid eit angrep ville komme, men dei visste ikkje
kvar.
Den japanske flåta av hangarskip, under leiinga av vise-admiral
Nagumo, vart den første desember eskortert av 24 andre krigsskip
frå Tankan-bukta mot Pearl Harbor. Den japanske marinesjefen,
admiral Yamamoto, stod bak planlegginga av angrepet.
Dei seks store japanske hangarskipa var "Hiryu", "Soryu",
"Kaga", "Akagi", "Shokaku" og "Zuikaka".
Dei einaste som såg at desse hangarskipa kom var to amerikanske
menige som holdt vakt ved ein eksperimentstasjon for radar. Ingen høyrde
på kva desse to hadde å seie. Klokka sju om morgenen den 7.
Desember såg dei to menige fleire ekko på radaren som skulle
tillsvare eit stort antal fly med kurs for Hawaii.
Den amerikanske hæren trudde dette var deira eigne fly og slo ikkje
alarm. Angrepet begynte klokka 8 om morgonen. Den første bølga
på 183 fly delte seg i tre for å angripe frå forskjellege
kantar. I løpet av kort tid hadde amerikanarane mista 3 slagskip.
Det var "Arizona", "West Virginia" og "Oklahoma".
5 andre slagskip var skada. Japanarane brukte sjølvmordsflygarar
eller kamikazeflygarar som hadde flya sine fullasta med sprengstoff og
som styrta rett ned i skipa. Dette var ein effektiv måte å
øydelegge dei amerikanske skipa på. Angrepet varte i to timar
og då det heile var over hadde Usa mista 349 fly, 3700 mann og 18
krigsskip var enten senka eller hardt skada.
Grunnen til at amerikanarane mista så mange fly var at mesteparten
av dei vart sprengt medan dei stod på bakken. Japan angreip med
heile 353 fly, men mista berre 29 av dei. Det einaste amerikanarane
greide å gjere var å senke seks japanske ubåtar som
var på ein eigen operasjon utanfor Pearl Harbor.
Japanarane vann ein stor seier på Pearl Harbor, men dei gjorde
ei stor tabbe, dei senka ikkje dei dei fire amerikanske hangarskipa
som var på vei vekk frå Pearl Harbor då angrepet
kom. Dette skulle japanarane få angre på seinare.
Angrepet på Pearl Harbor var ikkje det einaste japanske angrepet
denne dagen. Dei angreip også tre andre øyer som var kontrollerte
av USA. Det var Wake island, Midway island og Guam.
|
|