![]() |
||
| |
||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
Det vert sagt at Finland hadde ein utruleg god angreipstaktikk. Dei brukte ”geriljataktikken” gjennom heile vinterkrigen og fekk mykje nytte av det. Berre 2000 finnar miste livet i krigen. Dette p.g.a finnane sin teft og strategiske tankar, men dei hadde ikkje komt langt utan hjelp frå andre land. Mange land stilte med forskjellige saker og ting.
Nokre land sendte frivillige soldatar ut i finlandsfronten for å hjelpe Finland i kriginga, mens andre land sendte tepper og nødvendige forsyningar. Norge hjalp Finland på denne måten. Til og med Tyskland hjalp Finland med våpen. Dette fordi Hitler ville prøve å stoppe Stalin på den sida. Hitler brukte Norge og Sverige for å komme seg til Finland. Slik kunne Tyskland ramme Sovjetunionen på vest-sida.
Finland fekk som sagt mykje hjelp frå andre land. Dei fekk mange forskjellige våpen, utstyr, klær og frivillige soldatar. Dei fleste landa rundt Finland hadde sympati med landet. Mange meinte at Sovjetunionen ikkje hadde ein god nok grunn til å angripe Finland. Norge var ein av dei. 800 nordmenn var med på å støtte Finland på forskjellige måtar. Norge gav Finland mellom anna 50 000 skopar, 100 000 ryggsekkar og 16 000 tepper. 50 000 av ryggsekkane var ei gåve. Slik viste Norge sin sympati med Finland. Dette hadde sikkert ei lita innvirkning på korleis utfallet av krigen skulle verte, for Finland var godt utstyrt etter dette.
Eit anna naboland som hjalp Finland, var Sverige, men dei hjalp meir på den militære sida. Sverige sendte massevis av krigsutstyr, og det var heile 8000 svenskar som bidro til ”Finlandsympatien”. Det var og storland som hjalp til under vinterkrigen. USA, England, Frankrike og Tyskland støtta Finland fullt ut med forskjellig utstyr. Til og med traktorar vart sendt til Finland. Alt dette viser at Finland hadde mange venner, og at under ein krig er det viktig å ha fleire allierte enn fiendar.