![]() |
||
| |
||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
|
Hovudstad: |
Helsinki (Helsingfors) |
Areal: |
338
145 |
Innbyggjarar: |
5,2
millioner |
Språk: |
Finsk
og Svensk |
Valutta: |
Euro |
Religion: |
Kristendom |
Finlands historie:
8000 –
6000 f.kr – Dei eldste steinalderfunna i Finland.
2000 f.kr – Båtøkskulturen kom då. Det var ei grein
av dei europeiske stridsøkskulturane. Jordbruk og fedrift vart innført.
1000 – 1100 e.kr – Erik den heilage`s korstog kjem med kristendommen
til Finland. Dei legg og grunnen til svensk overherredømme ca i 1150.
1200 – talet – Jernalderkultur i Karelen. Den svenske ekspansjonen
fortsetter.
1323 – Freden i Nøteborg dannar grense mellom svenske og russiske
områder. Svensk lov vert innført i Finland.
1437 – 97 – Ein periode med grensekrig ved Novgorod gjer at dei
eksisterande grensene vert stadfesta.
1500 – talet – Reformasjonen gjennomførast i Finland. 1550
- Helsinki vart grunnlagt.
1595 – Ein ny krig avsluttast, og freden i Teusing kjem. Finlands grense
vert skyvd austover og opp i nordishavet.
1596 – 97 – Eit bondeopprør kalla ”køllekrigen”
vert stoppa.
1617 – Fred i Stolbova. Tryggare grense mot Russland.
1700 – 21 – stor nordisk krig. Russland tek områder i søraust-Finland.
1743 – Freden i Åbo. – Russland tek endå fleire områder
frå Finland.
1808 – feb. – Finland vart angripen av Russland. Den svensk-finske
hæren måtte gi tapt.
1809 – Finland overgir seg til tsaren etter eittårs krig.
1812 – Helsinki vert hovudstad.
1863 – Finsk blir sidestilt med svensk som offisielt språk. Landdagen
blir samankalt første gong sidan 1809.
1898 – 1904 – Russifiseringsperiode under guvernør Bobrikov.
1905 – 06 – Ei revolusjonær krise vert utløst i Finland
p.g.a generalstreiken i Russland. Landet får ein ettkammersriksdag.
1917 – Finland vert sjølvstendig.
1918 – Regjeringsstyrkene vinn over kommunistiske raudegardistar under
ein borgarkrig.
1919 – Finland vert republikk.
1920 – Finland sluttar fred med Sovjet-Russland i Dorpat.
1921 – Folkeforbundet vedtar at Åland skal vere finsk.
1929 – 32 – Nasjonalistiske straumningar (Lappobeveginga).
30.nov 1939 – 13.mars 1940 – Finland i krig med Sovjetunionen
i den finske vinterkrigen. Finland må gi tapt fleire område i
søraust, men det var Russarane som leid det største nederlaget.
Ca 100 000 russarar miste livet mot 2000 finnar.
1941 – 44 – Finnane fortsetter å vere på tysk side
under 2.verdskrig.
1947 – Etter freden i Paris, vart endå fleire finske landeområde
russiske. T.d Porkkala som vart til ein russisk base.
1948 – Forholdet mellom Finland og Sovjetunionen vert betre etter ein
vennskaps- og støtteavtale. (VSB-pakta)
1955 – Finland vert FN-medlem.
1956 – Sovjetunionen gir tilbake Porkkala-området og Uhro Kekkonen
vert ny finsk president.
1961 – Finland blir assosiert med EFTA og inngår samtidig ein
handelsavtale med Sovjetunionen.
1970 – åra – Finland sliter med økonomiske problem
og har ein vanskeleg parlamentarisk situasjon.
1973 – Finland inngår handelsavtalar med COMECON og EF.
1981/82 – Sosialdemokraten Mauno Koivisto vert ny president. 1986 –
Finland vert EFTA-medlem.
1991 – VSB-paktene – reforhandla. Finland gir ei formell godtaking
av grensene frå 1947.
1991/92 – Sovjetunionens fall påverkar Finland. Finland og Russland
må knyte sterkare band, og ein ny sikkerheits-avtale vert underteikna.
Finland mista ¼ av dei tradisjonelle eksportinntektene og mesteparten
av oljeleveransane.
1992 – Finland søkjer om EU-medlemskap.
1993 – Endå ein økonomisk depresjon. Arbeidsløysa
passerer 20%.
1994 – Sosialdemokraten og diplomaten Martti Ahtisaari vinn det finske
presidentvalet.
1995 – Finland vert EU-medlemmar med eit ja-fleirtal på 56,9%.