Innleinga:

I 1933 fekk Tyskland eit nazi-styre. Adolph Hitler kom til makta, og han hadde allereie framtidsplanane klare. Hans mål var å utrydde jødane og alt som kom i vegen. Hitler hadde både motstandarar og tilhengjarar. Men tilhengjarane var mange! Fleire nazistiske parti dukka opp. Hitler hadde framgang innan politikken. Etter stor framgang så sette han planane til verks. Ei massiv militærstyrke vart laga og Lebensraum vart sett i gang. Utryddinga hadde starta, og du kunne sjå fleire konsentrasjonsleirar rundt omkring.

I 1938 så utførte Hitler ”Anschluss”, og då fekk han makta over Austerrike. Hitler begynte å køyre styrkene sine lenger austover. Sovjetunionen var i fare, og det såg sjølvsagt Stalin. Sovjet var veldig svekka og slitne etter 1.verdskrig. Dette måtte Stalin gjere noko med. Dei var rett og slett ikkje forberedt på nokon krig. Hitler var endå redd for ”stålmannen”, så begge inngjekk ein avtale. Ei ”ikkjeangrepspakt”. Slik kunne begge ruste opp, for avtalen gjekk ut på at dei ikkje fekk angripe kvarandre. Eg trur ikkje at nokon av partane hadde dette i planane. Stalin og Hitler frykta som sagt kvarandre, men det var ikkje vits i å legge seg på latsida. Begge måtte ruste opp. Stalin var redd for ein front mot front krig, så han teikna denne avtalen i august i 1939.

Hitler kriga vidare som aldri før. Han la raskt Tsjekkoslovakia ned for sine føtter, utan motstand frå dei allierte landa. Verre var det då han skulle angripe Polen. Då måtte han ha eit påskot for å angripe, men Hitler visste råd. For å få det påskotet, måtte han lure dei allierte til å tru at det var Polen som starta det heile. Han klarte lett det. Ei tysk militæravdeling kledde seg ut i polske uniformer og ”tok over” den tyske radiostasjonen ”Gleiwitz”. Polen vart etter nokre veker ”overvunne”. No hadde Tyskland og Sovjetunionen stor felles grense. Stalin måtte vere lur. Han begynte å ruste opp på langs sørvestgrensene. Stalin tvinga og dei baltiske statane under sitt styre.

No var det ”ikkjeangreipspakta” som stoppa dei frå ein stor krig. 2.verdskrig hadde fått eit heilt anna utfall utan denne pakta, for begge landa var interessert i land i Norden no når dei hadde denne avtalen. Tyskland og Hitler tenkte på Danmark og Noreg, mens Stalin i aust tenkte på Finland. Kvifor Finland? Jo fordi, Stalin kunne legge grensene sine lenger vestover slik at det hadde blitt enklare å forsvare seg mot eller angripe Tyskland. Stalin kunne då posisjonere seg mykje betre. Leiarane i Sovjetunion såg at det låg ein ny krig i lufta, så dei måtte gjere noko drastisk. Planane om Finland var kanskje ei ”oppvarming” og heilt klart ein måte for å ligge betre til i ein krig mot Tyskland. Ein anna grunn til å ”utvide grensene” på, var for å styrke forsvaret ved Leningrad. Stalin kravde derfor at den finske grensa skulle strekke seg meir vestover. Finnane skulle få landområdar i aust som ”betaling”, men denne ideen likte ikkje finnane. Dette gjorde nok at Stalin fekk endå meir lyst til å gå til åtak på Finland.


Til toppen