![]() |
||
| |
||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
30.nov 1939 skjedde det. Sovjetiske styrkar rulla inn over Finland. Krigen blei åpna med overlegne russiske styrkar på begge sider av Ladoga, ved Salla i Midt-Finland og i Petsjengaområdet i nord, men hovudangrepet var retta mot ”det karelske nes”. Stalin sette i gang angrepet fordi at Finland hadde avslått områdetilbodet hans, og no hadde også Stalin sagt opp ”ikkjeangreipspakta” med Tyskland, frå 1932.
Sovjetunionen hadde lenge ”sikla” etter finske ”inntektsområde.” Stalin krevde drastiske grensejusteringar ved det karelske nes, slik kunne han sikre forsvaret i Leningrad betre. Han kunne og stå hardare imot eit tysk angreip no. Stalin tenkte framover. Han ville leige Hanko-odden til militærbruk i 15 år framover. Til gjenngjeld skulle finnane få område frå Sovjet i Karjala. Finnane var einige om at dette ikkje var akseptabelt. Så før dei viste ordet av det var krigen i gong.
Dei ”brunraude” russerane mot dei kamuflerte kvite finnane. Finnane var ein del smartare enn russarane. Dei hadde kledd seg i farge med snøen, slik at dei ikkje var så lette å sjå av russarane. Dei derimot hadde kledd på seg dei raudbrune uniformsdraktene sine, og då sa det seg sjølv at dei vart lettare sedd. Under heile krigen så var det russarane som hadde dei største mennesketapa. Dette p.g.a nokre godt kamuflerte finnar som smaug seg innpå russerane, og ein kjempegod finsk taktikk.
Finnane hadde ein del godt trente soldatar som virkeleg kunne dette med å krige. Dei brukte geriljataktikken, som gjekk utpå, raske, effektive og nedbrytande angreip. Finnane brukte mørket som ”hjelpemiddel”. Om natta så sette dei i gang desse angreipa. Dei praktisk talt sneik seg bak russarane og begynte å skyte mot basane deira. Når russarane hadde våkna skikkeleg til, var finnane borte. Det same gjaldt mange av kameratane deira som vart truffne i løpet av natta. Finnane ”tjente” mykje på denne taktikken, for russarane skjønte ikkje kor finnane hadde tatt vegen.
Stalin fekk stadig rapport om såra og drepte russiske soldatar. Dette likte han sjølvsagt ikkje. Han måtte sette ein rask stoppar for dette. Han prøvdre febrilsk å snu krigen til hans fordel, men finnane var nesten uslåelege med denne glimrande taktikken. Finnane som vart leda av Mannerheim klarte å stå imot Stalins hær ei lang stund. 1.des sette Stalin opp ei marionettregjering som fungerte som den einaste finske lovlege regjering. Emigrantkommunisten Otto Kuusinen leia den. Dagen etterpå var den regjeringa historie. Alle krava som vart stilt til Finland i oktober, vart oppfylt.
Finnenes angreipsbølgje hadde skapt stor begeistring for finnane i Skandinavia og folka i den vestlege verda. Utviklinga i krigen var både overraskande og positiv for finnane. Skulle krigen ta ein slutt? Var ikkje Stalin lei av alle nederlaga? Noko av det siste Stalin hadde gjort i desember-dagane var nok å gi seg! Eg trur ikkje eitt eller hundre russiske menneskeliv var nokon forskjell for han. Eg trur nok at han ønskja seg ein slutt på krigen, men det var ikkje han som skulle gi seg. For Stalin var ikkje ein som gav seg så lett.
I løpet av Januar 1940, hadde russarane sette i gang ein storoffensiv. Dette var eit positiv inngrep frå russarane si side. 1.feb var offensiven der på nytt. Det finske forsvaret på "det karelske nes" vart hurtig nedkjempa. Russarane hadde fått eit visst overtak. 17.feb skjedde det avgjerande angrepet ved Summa. Russarane vart overlegne her, og dei kvite kamufleringsdraktane til Finland hjalp ikkje så mykje no lenger.
13.mars stoppa krigen. Kampane vart innstilt og russarane jubla litt i så fall. Til tross for stort nederlag, så hadde dei fått finnane til å kapitulere. No stod der sovjetiske avdelingar på vestsida av Viipuri-bukta. Ein fredsavtale vart teikna i Kreml natten mellom 12. og 13.mars. Russarane tok endå større landeområde enn dei hadde krevd i oktober, i 1939.
Russarane var veldig oppgitt over dei store mennesketapa under vinterkrigen, for heile 100 000 russiske soldatar vart drepne, mens berre 2000 finnar miste livet. Det var nok mange fleire på den finske sida som vart drepne enn 2000, men det var frivillige soldatar frå vennlege land som hjalp finnane. Finland hadde sikkert kapitulert lenge før utan støtte frå desse landa.
Etter
finlandsfreden – vestmaktene:
Vinterkrigen slutta som sagt mellom 12. og 13.mars. Finnane hadde godtatt
dei sovjetiske vilkårene. Denne fredsslutninga ville virke inn på
vestmaktenes aksjonsplanar. Den kunne og verke litt inn på Tysklands.
No måtte Storbritannia avlyse ”redningsekspedisjonen” til
Finland.
Etter finlandsfreden – Tyskland:
Finlandsfreden hadde ikkje så stor verknad på Tyskland enn på
vestmakene. Hitler gav ordre om at dei militære ikkje behøvde
å forsere forbredelsene så sterkt lenger, men han ville ikkje
gi opp ”Weserubung.” Finnane var og framleis på tyskerenes
side.