Startside
Jan Baalsrud
Boka "Ni liv"
Filmen "Ni liv" Konklusjon
Kjeldar
|
Boka ”Ni
liv”
Av David Howarth
Kom ut i 1955
Boka
”Ni liv” som er skriven av David Howarth er historia om Jan
Baalsrud. Boka er lett å lese og veldig interessant.
Det heile starta med var at Jan Baalsrud hadde skrive ned ein rapport
om kva som hadde hendt og kva han hadde opplevd når han låg
på eit sjukehus i Sverige etter krigen. Han var veldig dårleg
då han skreiv, så den var svært kortfatta. Det var
lett å sjå at alt ikkje var som det skulle, og at Baalsrud
hadde gløymt ein del av det som hadde skjedd han.
Og dette var alt David Howarth visste.
Men 10 år
etter fekk David snakke med Baalsrud, og fekk overtalt han til å
vere med på ei reise til Nord-Norge, der Jan Baalsruds flukt fann
stad. Då kunne David sammen med Jan finne ut kva som verkeleg hadde
skjedd.
David, forfattaren av boka, var redd for at nokon av opplevingane er rein
overdrivelsar. Fleire av hendingane er vanskelege å tru på.
David og Jan Baalsrud har besøkt kvar einaste plass som er nemnd
i boka, og dei har helst på nesten alle personane som er nemnde.
Ingen av desse menneskene kjente til heile historia, men dei hadde alle
ei brikke i den store flukthistoria til Jan. Alle dei individuelle historiene
passa i hop, og dei stadfesta sjølv kva Jan Baalsrud huska.
Då David Howarth kom heim frå reisa, skreiv han boka ”Ni
liv” ferdig.
Eg personleg synest boka var lett å lese. Boka
beskriv meir detaljert om korleis klima, naturen og stemmninga var
under reisa.
Den var spennande å lese, og var ikkje kjedleg ein einaste gong.
Den var lett å forstå. Eg synest at boka får fram viktige
trekk i historia, om korleis nordmenn hjelpte Jan Baalsrud under krigen,
korleis tyskarane var under krigen og korleis Jan Baalsrud klarte å
overleve det heile.
Boka ”Ni liv” oppfordrar eg alle til å lese, for å få med
seg kva som verkeleg skjedde under den fantastiske flukta frå tyskarane.
|