Jan Baalsrud (1917 – 1988)

Startside
Jan Baalsrud
Boka "Ni liv"
Filmen "Ni liv"
Konklusjon
Kjeldar
Filmen ”Ni liv”
Av Arne Skouens
Filmen kom ut i 1957

Filmen ”Ni liv” skildrar Jan Baalsrud`s fantastiske historie flukt frå tyskarane. Filmen fant stad i det okkuperte Norge under 2. verdskrig.
Vi fylgjer hans strabasiøse flukt frå kysten av NordNorge og over til friheten i det nøytrale Sverige.
Baalsrud er den einaste overlevande etter ein sabotasjeaksjon og flyktar ved hjelp av norske patriotar og lokalfolk, med tyskarane i hælane......

Det heile starta 29. mars 1943 da Jan Baalsrud og elleve andre kommandosoldatar kom frå Shetland med fiskeskøyta ”Brattholm” til Toftefjord i Troms. Oppdraget deira var å sprenge flyplassen på Bardufoss. Dei alle var utkledd som fiskarar, sann tyskerarne ikkje skulle få mistanke. I lasterommet hadde dei med åtte tonn med sprengstoff, våpen, mat og polarutstyr, som alt skulle bruke til sabotasje.
I Troms hadde dei kontakt med ein ved namnet Hansen. Han dreiv ein butikk der dei fekk varer, og dei skulle få bu der.
Men problematisk blei det, fordi butikken hadde fått ein ny eigar. Denne mannen hette også Hansen. Når Baalsrud og resten kom til Troms, tok dei kontakt med Hansen, i butikken. I og med at ingen av dei i heimefronten kjente ansiktet på kvarandre, trudde dei at det var den rette Hansen dei hadde tatt kontakt med. Men det var det ikkje! Det viste seg at denne Hansen dei hadde tatt kontakt med var ein nazist. Han lurte alle, og jobba i det sivile. Han lata som han var ein norsk arbeidar, men eigentleg var han ein tysk agent.
Hansen kontakta tyskarane, og melde frå om at dei kom.

Når Baalsrud og dei andre kom til Norge blei dei møtt av tyskarane og skotne i senk. Som den einaste av eit mannskap på 12, overlevde Baalsrud kampen om livet og måtte flykte til fjells frå tyskarane.

Da han vandra til fots, måtte han slite seg gjennom alt slags vær og alle slags utfordringar. Svolt, kulde og reddsell for tyskarane stoppet ikkje Jan Baalsrud. For å ikkje bli tatt av tyskarane måtte han komme seg over til Sverige. Sverige var nøytrale under krigen, så da kunne ikkje tyskarane ta han. Kampen om å komme til Sverige var ikkje lett.

Lokalbefolkninga haldt han skjult for tyskarane. Dei gav han mat, varme og klede. Noko som Jan absolutt trengte etter dagar til fots i fjellet. Men tyskarane gav seg ikkje, dei fylgde etter. I bygdene leita dei i alle hus, og spurte etter han. Men alle støtta Jan og var tause overfor tyskarane. Mange gøymde Jan Baalsrud i fjøsen under høy og liknande, sikkert ein god gjøymeplass sidan tyskarane ikkje fann han.
Skader oppstod også under turen, han fekk koldbrann i tærne og måtte kutte av ni tær. Da han vandra opp i fjella blei han også snøblind, og gjekk seg vill i Lyngenalpane. Han mista all tids og retningssans. Han hadde bandasje rundt hovudet, sann han fekk dekket til augo. Han tolte ikkje sterkt lys.
Han måtte også svømme over isvatn for å komme seg vidare.
Han hadde også ofte hallusinasjonar då han gjekk omkring opp i fjella.
Jan prøvde og ta sjølvmord, men hadde ikkje krefter til å fyre av pistolen.

På grunn av tyskerane måtte folket hjelpe Jan Baalsrud til fjells for å gøyme seg. Det var fordi det ikkje var trygt for han å bu blant folk i bygdene. Av gode nordmenn måtte Jan Baalsrud sleepast på ein kjelke opp i fjellet fordi han var skada, og klarte ikkje å gå. Gjøymt i ein snøhole opp i fjellet budde Jan Baalsrud i over ei veke. Mat, drikke og pledd var alt han hadde. For å halde orden på dagane, laga han ein snøball for kvar dag som gjekk.
Han fekk etterkvart hjelp av nokon samer til å bli frakta over fjellet. Dei frakta han på ein kjelke. Det var eit misslykka forsøk og dei måtte dra tilbake. Ved neste forsøk la dei han på ein pulk og klarte å kome over grensa, før tyskarane tok dei. Det var snakk om flaks at Jan Baalsrud klarte det. Samane såg tyskarane i det dei skulle over vatnet og dei var ikkje sikre på om isen var hard nok til at dei kunne kjøre over isen. Men dei tok sjangsen, og klarte det.
Det var mange som hjelpte han med flukta og Jan Baalsrud var alltid redd for at dei skulle bli oppdaga og drept.
Først etter to månader kunne han krysse grensa til Sverige, og ikkje minst til fridomen, etter å ha hatt tyskarane etter seg.
Personleg synest eg at filmen var veldig god. Fordi den var basert på ein sann historie, og den skildrar korleis Jan hadde det under flukta frå tyskarane.
Det som imponerte meg, var at nordmennene var så hjelpsame, sjølv om faren for å bli oppdaga var stor. Eg synest at filmen viser overlevingsevne og menneske sin kamp mot naturen.

Få filmer har blitt så folkekjære som Arne Skouens ”Ni liv”.
Mange minnes den også som ein av dei få norske filmane gjennom tidene av virkeleg internasjonalt kaliber. Oscar-nominasjonen i sin tid viste tydeleg at den nådde langt utover landets grenser. Lørdag 9. mars 1991 blei filmen kåret til "Tidenes beste norske film", i beste sendetid på fjernsynet. Mange vil nok vere enige i den karakteristikken, også til tross for det absurde i å konkurrere i kunstneriske prestasjonar.
”Ni liv” kan i ettertid sjåast som ein "typisk" Skouen-film, med dei aller fleste tematiske og formelle ingrediensene som høyrer til hans fiksjonsunivers. ”Ni liv” var ein varm film i ein kald tid. Filmen skildret kampen mot ein dobbelt overmakt: Tyskernes okkupasjon og naturen.

Det kan leggast til at Arne Skouen døydde 25. mai 2003.

Handlinga i ”Ni liv” er velkjend, og utspelar seg i perioden mars til juni 1943.Jan Baalsrud si flukt fra Toftefjorden nord for Tromsø til svenske Lappland starta med eit bilete av hovedpersonen på sykehuset, som skal leggje fram "full rapport" til ein utsending frå London. Sjølve handlinga er eit tilbakeblikk, der Baalsrud fortel om korleis kameratane hans på båten fra Shetland blir skotne av tyskerne, og korleis han sjølv såra, flyktar gjennom vinterlandskapet. ”Ni liv” set søkelys på Skouen sitt solidaritetsmotiv. I hans filmer blir enkeltpersonar alltid delar av noko større, dei blir emblemer eller symboler. Baalsruds historie er ikkje bare fortelljingen om én manns utrulege indre styrke, men også ein film om enkeltheroismens umuligheit. Uten dei ulike hjelperane, dei forskjellige kontaktpersonene, ville Baalsrud bukka under, enten for tyskerane sine kuler eller naturkreftene.

”Ni liv” er ein spanande og rik film. Den kan sjåast som eit bilde av ein krigstid, men også som ein allegorisk brodd mot livet i ein kald etterkrigstid. Filmens åpenheit, dens mange veier av indre og ytre karakterar, er nok hovedårsaken til at den fremdeles kan gripe og interessere eit stort publikum.

Skodespelarane i filmen vart Norges kjendt etter den kom ut. Dei var filmheltar for mange. Dei mest kjente skodespelarane var
Jack Fjeldstad, Hanny Moan, Alf Malland og Joacim Holst-Jensen.
Det var også fleire som var med i filmen, men hadde bare småroller.


Laga av: Sara Aarseth