Startside
Jan Baalsrud
Boka "Ni liv"
Filmen "Ni liv" Konklusjon
Kjeldar
|
Om
Jan Baalsrud
Folk omtalar Jan Baalsrud som ein Oslo-gut, men han var ein Kolbotn-gut.
Han var fødd i Oslo 1917, og budde på Kolbotn i Oppegård
kommune tidleg på 1930-talet. Han budde der fram til 1950. Jan Baalsrud
hadde ei søster og ein bror. Moren hans var død og faren
veit eg ikkje noko om. Jan Baalsrud hadde gode karakterer på skulen.
Han var alltid den raskaste til å rekne ut eit reknestykke, han
var alltid den første til å svare når det var spørsmål
frå læraren. Med andre ord, han var smart. Han utdanna seg
som instrument-makar, og jobba på Kolbotn.
Jan var ein fridomskjempar og gjorde mykje godt for Norge. Han motarbeida
tyskerane og gjorde alt for at dei skulle tape. Han var med på sabotasje
og var den einaste som overlevde under eit viktig oppdrag, da båten
deira vart skoten i senk. Det var derfor tyskarane var etter han. Folk
seiar at Jan var ein person som aldri gav opp, men da han prøvde
å ta sjølvmord under filmen, kan ein begynne å tvile.
Han tenkte alltid positivt og hadde sine eigne meiningar. Jan vart oppdradd
av ein skikkeleg familie, og hadde derfor fint ordforbruk og folkeskikk.
Han hadde stor respekt for andre, og var alltid vennleg.
Etter
krigen da Jan Baalsrud kom heim, gjorde han svært mykje
i det lokale organisasjonslivet. Han var med i speidaren, og var ein
viktig part i samanslåinga av deira to idrettslag på Kolbotn.
Det var Kolbotn Idrettsklubb og Kolbotn Arbeids Idrettslag, han slo
laga sammen til Kolbotns idrettslag. Han var også ein ivrig medlem
av speidaren.
Baalsrud la også ned eit stort arbeid for krigsinvalideforbundet,
og her blei han blei formann i perioden i 1957 til 1964.
På
sine eldre dagar flytta Jan Baalsrud til Kanariøyene. Det var betre
for tærne hans, og for å halde koldtbrannen i sjakk!
Jan Baalsrud døyde på Bæreia ved Kongsvinger, men blei
gravlagd i Manndalen i Troms.
Jan Baalsrud var ein krigshelt for mange, og til ære for han
arrangerast det kvart år ein minnemarsj i Troms 25. Juli. Då går
dei den ca. 200 km lange fluktrunden som Jan gjorde, i løpet
av 9 dagar.
Under turen besøker marsjdeltakarane gravstede hans og mange
av skulestadane hans.
|