
Laga av: Thomas Berglund
Innleiing:
Etter at Hitler hadde teke makta i Tyskland, i 1933, starta han å ruste opp. Dette var imot Versailles-traktaten, som var var utarbeida av Folkeforbundet etter den 1. Verdskrig. I Versailles-traktaten la Folkeforbundet skylda på Tyskland for den første verdskrigen. Tyskarane kunne ikkje fordra traktaten. Det gjorde heller ikkje Hitler. Derfor brydde han seg ikkje om den.

Storbritannia og Frankrike gjorde ikkje noko for å stoppe den tyske opprustinga. Fascistiske parti hadde teke makta både i Italia og Spania. Dei tyske hærstyrkane fekk prøve ut nye våpen under borgarkrigen i Spania. I 1938 vart Austerrike ein del av Tyskland gjennom "Anschluss ". Dei andre europeiske stormaktene godtok at Tyskland tok Tsjekkoslovakia bit for bit.
Sommaren 1939 forsøkte vestmaktene å bygge en allianse med Sovjetunionen retta mot Tyskland. Stalin var mistenksam mot vestmaktene, men han var heller ikkje klar for en krig mot Tyskland. Tyskarane ville ikkje ha nokon tofrontskrig. 23. August 1939 kom en politisk sensasjon: Tyskland og Sovjetunionen gjekk inn i ei ikkje-angrepspakt. Dette var nyttig for begge. Tyskland fekk frie hender til å angripe Polen og produsere meir tanks, våpen og utstyr til soldatane sine. Sovjetunionen måtte utdanne mange offiserar og få fart på våpenproduksjonen sin, ellers hadde dei hatt liten sjanse til å stoppe en tysk offensiv. I tillegg fekk dei tilkjent gamle russiske områder som Finland, Baltikum og delar av Polen.
Mens tyskarane kriga og erobra i vest under sommaren 1940, gjekk Sovjetunionen inn i Bessarabia, Romania. Dette uroa tyskarane, som trengte den rumenske olja. I oktober rykte tyske troppar inn for å beskytte oljekildene. Sovjetunionen sitt press mot Romania skapte spenning mellom dei og Tyskland.
I den Nazistiske ideologien levde tankane om "Lebensraum" (livsromsområder) i Sovjetunionen og Aust-Europa. Samtidig blei Hitler meir og meir opptatt av den store trusselen Sovjetunionen utgjorde mot planane hans. Han måtte ha ryggen fri i eit angrep på Frankrike og Storbritannia.