Intervju med Peder S. Godø! 

Peder S. Godø er den einaste gjenlevande av "Godøygjengen".
I forbindelse med eit anna prosjekt vi har hatt på skulen, var eg og ei anna heime hos Peder og intervjua han!
Sidan eg no har om Shetlandsfarten, og ein del av det intervjuet dreidde seg om Shetlandsfarten, så vil eg skrive litt av intervjuet her!

- Korleis var det å oppleve krigen?
På dette spørsmålet hadde Peder mykje å fortelje!
" Nei det var jo både og det. Det var harde bud, sjølv om eg ikkje hadde militærutdanning kjempa eg for fedrelandet vårt. Eg var med på mange sjøreiser. Lønna var ikkje akkurat så stor som den er no. Eg fekk 100 kroner for 14 dagar på sjøen, men då må eg også ta med at for ein flott middag på ein restaurant kosta det ca 50 øre.
Då krigen kom byrja vi å fiske med liner for hand, det var veldig hardt, men vi fekk mykje fisk. Etter kvart kom tyskarane å stoppa det og det vart forbode å fiske, ein fekk berre dra så og så langt ut i frå land. Etter ei stund vart eg lei av å fiske og drog til Oslo for å få hyre. Eg fekk jobb som lettmatros på tankbåten som heitte "Pan Scandia". Eg var med på denne båten i to år, og fekk 83 kr. månaden, og når eg jobba overtid fekk eg 1 kr. timen.
Hadde vi kontakt med fienden, vart det straffa med dødsstraff.

- Var det fleire enn du som var med på Shetlandsreisene frå Godøya?
"Ja det var det, Ole Strandkleiv, Kåre Støbakkvik og Harald Dyb. Men desse døydde dessverre under krigen."

- Korleis var forholda om bord i båtane?
"Vi hadde nok mat og drikke om bord i båtane, det einaste det var trongt om, var plassen. Og mange gongar måtte vi ligge to og to i køyene. Når det ver storm måtte vi bitte oss fast i sengene, for at vi ikkje skulle dette ut av dei!"

- Var båtane solide nok i styggveret?
"Ja båtane var solide nok dei, men nor det var styggever gjekk båtane ganske tregt og ein kunne bruke fleire dagar meir enn det som var berekna på reisa! Det var ofte vanskeleg å sjå kvar ein køyrde, for fyrtårna lyste ikkje."

- Kor gamle var som regel mannskapet på båtane?

"Dei var no berre ungdommar dei" sa Peder med eit lite smil om munnen!
"Dei var vel mellom 17 og 30 år ca."

- Var du nokon gong med på ei reise der de vart angripe av tyske krigsfly?
"Ein gong når vi var på veg tilbake frå Shetland var det 3 tyske krigsfly som flaug rundt og rundt over oss, men dei angreip ikkje. Det hende stadig at vi vart angripne av våre eigne."

- Reiste de til Shetland året rundt?
"Nei, vi reiste berre om vinteren (hausten) når det var mørkt så tyskarane ikkje skulle merke oss. Dette var den årstida med mest styggever, så det var ikkje den beste årstida å reise på! Ein gong vart eg sjuk og blei sendt på sjukehus, p.g.a. knuteroser. Der var eg i tre veker. Eg hadde mest lyst å reise meg av senga å gå, men det fekk eg ikkje, dei sa at eg måtte berre kome meg i senga igjen.
Medan eg var på sjukehuset vart båten eg skulle vere med bomba av tyskarane. Då omkom venane mine. Eg fekk ikkje vite at båten hadde forlist før eg reiste til London jula etter sjukehusbesøket. Båten som forliste heitte "Sandøy."

- Kva var det verste du opplevde under krigen?
"Det verste eg opplevde under krigen var ein gong engelske bombefly slepte ei bombe rett ved sida av båten vår. Eg låg og sov då eg høyrde eit forferdeleg brak. Når bomba fall i vatnet laga den ei stor bølgje som løfta heile båten vår i lufta.
Båten var like fin, bort sett frå ei lita lekkasje som vi klarte å stoppe ved hjelp av pumpa. Og ein gong stod eg og såg på at ein annan båt vart bomba, det kom flammar med ein gong. Dette var veldig nifst, og eg kjem aldri til å gløyme det!"

- Er det ei spesiell jul du hugsar godt frå krigstida?
"På veslejulaftan i 1945 var eg i Bergen og henta folk som tyskarane var etter. Til slutt vart dette 25 flyktningar. På veg tilbake til Shetland vart det full storm, og dei måtte ligge to og to i køyene som var berekna på ein person. Dei som låg i køyene måtte vi feste med belte for at dei ikkje skulle falle ut av køyene i dei store bølgjene. Det var eit mirakel at ingen vart sjøsjuke, og i båten som det eigentleg berre var plass til 23 personar, var vi no 50 stk.! Vi var framme på julaftan og sa til kokken at han måtte lage ein skikkeleg julemiddag, men han nekta, for han ville ikkje lage mat i full storm.
Når vi kom fram kom det ein uventa bil. Vi lurte svært på kva han ville, og då viste det seg at det var ein bil full av kjempegod julemiddag til alle saman!"

Etter intervjuet med Peder S. Godø følte eg at eg hadde fått eit litt større innblikk i akkurat korleis shetlandsfararane hadde det og kva dei gjekk igjennom! Dei gjorde virkeleg ein stor innsats under krigen, noko som kanskje ikkje så mange er klar over!

TILBAKE