Shetlandsfarten generelt!

Heimefronten - Scalloway - Privat eskortegruppe - Regjeringa i London

Heimefronten. 
Under 2.verdskrig, som i Norge varte frå 9.april-1940 til 8.mai-1945, vart det organisert motstandsarbeid.
For eks.:
- Illegale aviser
- Stille demonstrasjon t.d. raude topphuer, binders eller kam i baklomma osv….)
- Høgsterett gjekk av
- Flyktningtransport/grenselosar

Alt dette var heimefronten.

Flyktningtransport gjaldt for flyktningar som måtte enten over til Sverige eller Storbritannia, alt etter kvar i landet ein var.
Dei som budde på austlandet flykta til Sverige. Det var grenselosane som hjalp dei å kome over grensa.
Andre, som budde på vestkysten, vart frakta over Nordsjøen av den såkalla Shetlandsgjengen. Shetlandsgjengen var ei norsk marineavdeling, som dreiv med transportering av agentar, våpen/ammunisjon, jødar og andre flyktningar, som tyskarane var i helane på, over Nordsjøen. Dette vart kalla Shetlandsfarten!

Shetlandsfarten, også kalla Englandsfarten var ein viktig transport over Nordsjøen under 2.verdskrig.
Det var ei norsk marineavdeling, populært kalla Shetlangsgjengen, som dreiv med dette.
Dei frakta våpen/ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar, som tyskarane var i helane på, over til Shetland, Skotland og England – eller der i frå til Norge.

Også frå Peterhead vart det frakta agentar.

Det vart i byrjinga nytta norske fiskeskøyter til dette, men då tyskarane skjerpa seg med vakting langs norskekysten, fekk shetlandsgjengen tre amerikanske u-båtjagarar av den norske marinen. Dei heitte "Hitra", "Vigra" og "Hessa".


"Vigra"

Mange unge menn var med i Shetlandsgjengen, dei fleste var mellom 17 og 30 år.

Ein tur kunne ta frå eit døgn til over ei veke – alt etter kva ver det var.

Det minste fartøyet som vart nytta, var ei snekke på 28 fot. Den skulle vere borte i 4 veker, men det vart nok lenger enn det, for snekka forsvann og begge passasjerane omkom!


"Scalloway"

Scalloway.

Shetlandsgjengen hadde hovudbase i Scalloway. Scalloway var ein liten fiskelandsby med ruinar av ei gamal borg frå middelalderen.
Innbyggjarane i Scalloway var venlege og prøvde på best mogeleg måte å hjelpe flyktningane som Shetlandsgjengen hadde med seg. Dei hjalp også Shetlandsgjengen ellers, når det gjaldt mat og nye forsyningar. Det finn vi eit godt eksempel på i intervjuet med Peder S. Godø, den Julaftan dei kom til Shetland og fekk deilig julemiddag servert!

ADVARSEL!
Forbindelse med fienden
straffes med døden.

Dette var ei åtvaring som betydde kraftig nedgang i båttrafikken over Nordsjøen.
I 1941 veit ein om 144 båtar som kyssa Nordsjøen, og i 1942 sank talet til 13!
Om lag 10% av dei som reiste før 1943 mista livet.

Ein slipp :
Var der båtane som trengte vedlikehald etter farten vart reparert!
Det var berre ein slik slipp på heile Shetland. Den låg i Lerwick, og kunne vere opptatt av marinefartøy i vekevis.

Shetlandsgjengen ville derfor gjerne ha ein slipp i Scalloway. Nordmennene søkte om løyve til å få byggje ein sjølv, og i august 1942 sette dei i gang. I oktober same året var den ferdig, og den fekk namnet:

"Crown Prince Olav’s slipway".


slipp før


slipp etter Privat eskortegruppe.

I Bergen vart det organisert ei eskortegruppe som vart drivne på private initiativ.

Dei greidde å frakte fleire hundre flyktningar over Nordsjøen. Dei dreiv ei ganske allsidig verksemd. For dei hjalp også folk her heime, for eks. med materiell forsyning

Til familiar der ein eller fleire var arresterte, og dei dreiv militær etterretning og også innsamling av data om skipsfartøy langs kysten.

Denne verksemda heldt på frå 1940-1942, men i 1942 hadde dei planar om å kjøpe eit større fartøy til farten over Nordsjøen, og då kom det eit tysk politi inn i biletet og verksemda vart stansa. Mange vart arresterte og sende til Tyskland i fangeleir, og ikkje alle kom heim!


Regjeringa i London. Lite hjelp frå den norske regjeringa i London!

Det vart opna eit etterretningskontor i Forsvarsdepartementet i januar 1941, blant anna for å gi hjelp til norske eskortegrupper…(shetlandsgjengen).

Men ikkje alle som dreiv med denne illegale verksemda fekk kontakt eller hjelp med etterretningskontoret!

Dette skapte ei bitter stemning blant shetlandsfararene i forhold til etterretningskontoret og den norske regjeringa i London.

Ein utsending til London skreiv i eit brev til regjeinga og forsvarsdepartementet:

"Det kan kanskje svares at de (flyktningene) ikke var ønsket her, men i så fall hadde det vært rimelig at vi hadde fått beskjed herom, for da hadde det selvfølgelig ikke vært nødvendig å utsette dem og oss for den risiko som ble tatt"

Slik var det nok mange som følte det – at kvifor skulle dei utsette liva sine for noko som eigentleg ikkje var ønska!

Men Shetlandsfarten var verkeleg ei verksemd som gjorde ein stor (illegal) innsats under krigen – og det var nødvendig!

TILBAKE