Shetlandsfarten på Godøy!

Godøya – den vesle øya på nord-vest kysten av Noreg – gjorde også ein illegal innsatsved Shetlandsfarten!
Frå Godøya var det ein liten gjeng – den såkalla "Godøygjengen" – som dreiv med dette. Dei var fire stk. : Peder S. Godø, Harald D. Dyb, Kåre Støbakkvik og Ole Strandkleiv.
br> Den første turen få Godøy var med båten "Fri" som faren til Harald D. Dyb eigde. "Godøygjengen" fekk låne den for anledninga. Natta 23.oktober 1941 sette dei 10 mennene om bord av til Shetland. Av desse mennene var 7 frå Godøya, og dei tre andre kom tilreisande frå Trondheim.
Dei brukte 2 dagar på å komme seg til Shetland. Når dei kom dit vart allmaten deira øydelagd, for å sjå om dei hadde nokon hemmelege beskjedar i den!
Båten var ganske medteken etter turen, men dei greidde å reise vidare til England.

Etterkvart vart dei 7 Godøygutane spreidde. "Godøygjengen fekk beskjed om å gå til Country Hotel i London og melde seg til kaptein Linge. Linge var den mannen som starta Shetlandsgjengen.
"Godøygjengen vart deretter sendt på treningsleir utanfor London. Dei skulle trenast opp til å bli brukt i Nordsjøtrafikken.
Etter 3 veker fekk dei besøk av Løytnant Howarth, han trengde ein båt, og fekk låne "Fri". Men "Fri" kom aldri att – den kantra under turen!
"Godøygjengen" fekk bruke ein annan båt, denne heitte "Jakk". Men "Jakk" var i dårleg stand, så dei måtte reparere den først. No var det slik at den einaste slippen låg i Lerwick. Så dei måtte frakte den dit. Dette ville tatt lang tid, så dei sendte den like så godt til Skotland, på verkstad der! Tidleg i april 1942 var "Jakk" klar. Då reiste "Godøygjengen" saman med Olav Kinn til Molvær.
Nokre dagar etter dei kom til Shetland att, skulle dei ut att- no til Godøya!


Norsk fiskeskøyte som vart nytta til shetlandsfarten.



Hausten 1942 reiste "Godøygjengen" med "Feie" for å frakte våpen. Ei tid etter dette vart Peder sjuk og innlagd på sjukehus, så dei 3 andre måtte reise uten han, med "Feie".
Neste tur måtte dei også dra uten han, men denne gongen med båten "Sandøy". Dette vart siste turen for desse tre av "Godøygjengen", for båten vart bomba av tyske fly, og ingen overlevde.

Peder vart no aleine igjen av "Godøygjengen". Det vart eit stort tomrom i Peder etter denne hendinga. Men han fortsette med Shetlandsfarten, og lever enda den dag i dag (januar 2001).
Du kan lese meir om Peder S. Godø og opplevingane hans under krigen på intervju med Peder S. Godø

Shetlandsfarten var ikkje det einaste illegale arbeidet på Godøya under krigen, men det var nok det største! Denne vesle øya, vil eg seie, gjorde ein stor innsats under 2.verdskrig!


TILBAKE