Flystyrkane:
I denne krigen var det dei engelske flystyrkane i R.A.F mot dei tyske flystyrkane i Luftwaffe. Og som eg har skrive tidlegare hadde Luftwaffe fleire styrkar enn det dei engelske hadde.
R.A.F - Royal Air Force
Leiaren for R.A.F sitt personale var Sir Cyril Newall. Den øvste befalande for 'Fighter Command' var Sir Hugh Dowding.

(t.v) Bilete av Sir Cyril Newall
(t.h) Bilete av Sir Hugh Dowding
Dei mest kjende flya frå R.A.F er vel Hawker Hurricane og Supermarine Spitfire flya. Nokre andre fly i R.A.F er, Boulton Paul Defiant, Bristol Blenheim, Gloster Gladiator og Bristol Beaufighter.



(øverst) Bilete av eit Hawker Hurricane fly.
(i midten) Bristol Blenhiem Mk 1F fly.
(nederst) Bilete av eit Supermarine Spitfire fly.
Radaren:
Den nye oppfinninga, radaren, var til stor hjelp for dei engelske styrkane. Denne vart brukt slik at dei fekk auge på dei tyske flystyrkane i god tid før dei kom. Og på denne måten kunne dei gjere seg klare og gi beskjed til flystyrkane sine. Radarstasjonar var sett opp langs den engelske sørkysten. Ein måte dei angreip dei tyske flya på, var at dei flaug høgt oppe, slik at dei tyske flya ikkje fekk auge på dei, og når dei for forbi, stupte dei ned bak dei tyske flya og skaut dei ned. Dette gjor at dei klarte å skyte ned fleire fly og det var til stor hjelp.
Luftwaffe:
Leiaren for det tyske flyvåpenet Luftwaffe var Herman Göring, også kjent som 'Ørkenreven'.
Luftwaffe hadde klart fleire styrker enn det engelske R.A.F.
Det beste og mest kjende flyet i Luftwaffe var vel Messerschmitt 109.
Nokre andre fly i Luftwaffe er Messerschmitt 110 'Zertstörer', Junkers 87 'Stuka' Junkers 88, Heinkel 111, Dornier 17 men der var også fleire fly.

Bilete av eit Messerschmitt fly.
Får hjelp av frivillege frå andre land:
Dei engelske styrkane fekk også hjelp av frivillege frå andre land. Det kom flygarar frå mange land. Flygarar frå Australia, New Zealand, Canada, Amerika, Polen, Tsjekkoslovakia, Nederland og fleire var representerte. I den engelske styrka, 'Bomber Command', var det ein skvadron frå New Zealand som gjorde teneste. Fleire av dei okkuperte landa, klarte å hjelpe dei engelske flystyrkane, og dette har fått ein ærefull plass i historia om slaget om Storbritannia. Dei polske flystyrkane skaut ned over 300 tyske fly sommaren og hausten 1940,og dei tsjekkoslovakiske styrkane gjorde ingen dårlegare innsats enn dei polske styrkane, sjølv om dei også var okkupert av tyskarane. Nederlandske styrkar gjorde god innsats med flystyrkane sine i den britiske 'Coastal Command'. Desse landa var god hjelp for Storbritannia under slaget.

Bilete av ein australsk skvadron som tek av.