I eit prosjekt som vi har hatt om den 2. Verdskrigen, av fleire forslag, har eg valt å sjå nærmare på Slaget om Storbritannia.
Den 2. Verdskrigen har starta, og tyskarane har okkupert Frankrike. Winston Churchill har tatt over som statsminister i England. Nå er England det einaste landet som står igjen av dei allierte styrkane. Engelske og franske styrker har rømt frå Frankrike, frå Dunkerque og over til Storbritannia. Hitler har eigentleg ikkje lyst til å fare til angrep på Storbritannia, for han likte England, og ville heller samarbeide med dei, men når dei berre skratta av forslaget til Hitler, vert han skuffa og sint og går til angrep. Hitler legg si lit i det tyske flyvåpenet, Luftwaffe. Luftwaffe var klart overlegne når det gjaldt styrkane, og Hitler tenkte dette var lett for dei å vinne over det engelske flyvåpenet R.A.F (Royal Air Force), men R.A.F var smarte. Den planlagde invasjonen av Storbritannia vert kalla operasjon ’Sjøløve’. Den 10. Juni starta angrepet.
Bilete av Winston Churchill.